onsdag 23. mai 2012

Kunst i Sogn og Fjordane: Berre for spesielt interesserte?

Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar store kunstverdiar i Sogn og Fjordane, herunder samlingane etter biletkunstnaren Nikolai Astrup (Astruptunet i Jølster), skulptøren Anders Svor (Svormuseet i Hornindal) og store samlingar på kunstmuseet i Førde som snart skal inn i eit lenge etterlengta nybygg til nær 100 mill kr.

Dei siste åra har musea i fylket spesielt, og kunstmuseet sine samlingar spesielt, opplevd sviktande besøkstal. Debatten i media siste tida syner at dette ikkje bli teke spesielt tungt av leiinga ved kunstmuseet i fylket. Det har også nylig kome eit interessant innspel om manglande fornying i musea i fylket si formidling av kunst av Gunnar Urtegaard, leiar for seksjon for e-kultur i Norsk Kulturråd og tidl fylkesarkivar i Sogn og Fjordane. Hans innlegg, med tittel "Nye pengar, gamle prioriteringar", har sparka i gang ein interessant debatt på nettstaden Kulturnett Sogn og Fjordane.

Eg har på bakgrunn av det utfordra Fylkesordføraren på følgande spørsmål til Fylkestinget i Sogn og Fjordane sitt møte 5-6 juni i år:

Korleis meiner Fylkesordføraren at fylkeskommunen kan bidra til utvikling og aktiv formidling av kunstverdiane som blir forvalta av Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, både i det nye Kunstmuseet i Førde og i dei andre samlingane Kunstmuseet har ansvar for?
 
Heile min interpellasjon er som følgjer:

----

Nordfjordeid, mai 2012

Interpellasjon til Fylkesordføraren til fylkestingssamlinga 5-6 juni 2012

Bakgrunn
Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar store kunstskattar i fylket vårt, mellom anna samlingane etter skulptøren Anders Svor i Hornindal og Astruptunet i Jølster og fylket sine felles kunstsamlingar i Kunstmuseet i Førde med ca 800 verk.

Fylkeskommunen er ein sentral aktør i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, som Sogn og Fjordane Kunstmuseum no er ein del av. Fylkeskommunen er også den største finansielle bidragsytaraen til det nye Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde, med eit investeringsbidrag på ca 40 mill NOK.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har dei siste åra opplevd sviktande besøkstal ved samlingane sine. Ved Svormuseet er til dømes besøket halvert dei siste ti åra. Det har også vore stor lokal misnøye med måten dei verdifulle samlingane har vore forvalta på.

I samband med opninga av ei ny utstilling på Svormuseet nylig, uttalte direktør Morten Johan Svendsen til Fjordabladet (10/5) at “Å få fleire folk til Svor museum er ikkje ei oppgåve for Sogn og Fjordane kunstmuseum” og vidare at “Om folk vil møte opp er deira sak, det kan ikkje vi engasjere oss så sterkt i.” Han utdjupa dette i eit intervju med NRK Sogn og Fjordane (11/5) på følgande måte: “Skulle vi gå for å få mykje folk, måtte vi berre lage arrangement med Tone Damli, men det er ikkje vår jobb”.  Han varslar også at skulebesøk – altså formidling til barn og unge - vil bli nedprioritert ved Svormuseet i tida framover.

Det internasjonale museumsrådet (ICOM – International Council of Museums), har definert eit museum på følgjande måte: Et museum er en permanent institusjon, ikke basert på profitt, som skal tjene samfunnet og dets utvikling og være åpent for publikum; som samler inn, bevarer/konserverer, forsker i, formidler og stiller ut materielle vitnesbyrd om mennesker og deres omgivelser i studie-, utdannings- og underholdningsøyemed.

Med andre ord: I museumsverda elles er formidling og samspel med publikum ein maturleg integrert del av museumsverksemda. Det står i sterk kontrast til det synet på museumsdrift direktøren for Sogn og Fjordane Kunstmuseum gir uttrykk for i intervju med Fjordabladet og NRK Sogn og Fjordane.

Spørsmål
Er Fylkesordføraren samd med direktøren for Sogn og Fjordane Kunstmuseum i at det ikkje er museet si oppgåve å lukkast betre enn i dag med formidling av kunstverdiane?  

Korleis meiner Fylkesordføraren at fylkeskommunen kan bidra til utvikling og aktiv formidling av kunstverdiane som blir forvalta av Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, både i det nye Kunstmuseet i Førde og i dei andre samlingane Kunstmuseet har ansvar for?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar