I oversikta under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som kjem. Planen er denne gongen ikkje fullstendig. Intern-nettet til Eid kommune er nemlig nede i helga for ei større systemoppgradering, så eg kjem ikkje inn på Outlook-kalendaren.. Men det gjer ingenting når vi kan vi gle oss over omsider å få eit up-to-date IT-system i kommunen, og ikkje minst: Klart for innføring av lesebrett og politikarportal på nett for heile kommunestyret, framfor dei enorme papirbunkane med sakspapir.. Det blir ei ny tid!
Men til saken - her er det eg hugsar om veka som står for døra. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms - denne veka er nok onsdag beste dagen. Kontaktinformasjon finn du her.
Måndag 14. mai
Møte med Eid Bondelag om situasjonen etter brotet i landbruksforhandlingane
Møte i Nordfjordrådet, Stryn.
Kveld: Møte i regi av Eid Ungdomsråd om tiltak for å sikre ein mobbefri kvardag for born og ungdom i Eid.
Tysdag 15. mai
Møte med Norsk Fjordhestsenter
Styremøte Nordfjord Vekst, Måløy
Kveld: Dugnad i Osvika i regi av handballgruppa i Eid IL
Kveld: Dugnad i Osvika i regi av handballgruppa i Eid IL
Onsdag 16. mai
På kontoret (?)
Torsdag 17. mai
Held 17. mai-tale på Haugen kl 16.
Skal også spele med Eid Musikklag fire gongar i løpet av dagen: Revelje kl 0700, barnetog kl 0930, folketog kl 15 og tappenstrek kl 20.
Fredag 18. mai
Plan for dagen ikkje lagt
Laurdag 19. mai
Vil vere til stades på opning av Fotoutstilling med "Kalenderdamene" i Gamlebanken
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar