søndag 11. mai 2014

Vekeplan veke 20/2014


Veka som kjem står i grunnlovsjubileet sitt teikn. Alle ordførarane i heile landet skal samlast i Oslo for å markere jubileet, og ikkje minst lokaldemokratiet sin viktige plass i det norske samfunnet. Ikkje minst ser eg fram til mottaking på Slottet torsdag - det blir ei ny oppleving for min del! (og vil by på ei stor utfordring for min del som den distré personen eg er: Å ikkje surre vekk adgangskortet til Slottet på førehand).

Og så er det sjølvsagt 17. mai-feiring med endå meir på programmet enn vanleg i jubileumsåret - det blir ein festdag for oss alle!

torsdag 8. mai 2014

Tale på 8. mai-markeringa på Nordfjordeid 2014

Eid har samanhengande militærtradisjonar heilt attende til 1600-talet fram til i dag. Vi held også tradisjonen med markering av Frigjeringsdagen 8. mai i hevd, på den gamle eksersisplassen som no er eit fantastisk parkområde i Nordfjordeid sentrum (Malakoff/Plassen).  

Årets 8. mai-arrangement var ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonale Røde Kors-dagen. Vi hadde besøk av gjester frå det nederlandske forsvaret og frå Røde Kors i Colombia. Over 120 personar var samla til kransenedlegging på minnesmerket for dei som fall i andre verdskrigen, taler, musikk av Eid Musikklag og sosialt samvere etterpå. Ei flott markering av ein viktig dag!

----


Tale ved markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonale Røde Kors dagen på Nordfjordeid, 8. mai 2014



Alfred Bjørlo, ordførar i Eid


søndag 4. mai 2014

Vekeplan veke 19/2014

Sist veke vedtok Formannskapet å sende ein ny arealdel av Kommuneplanen for Eid ut på høyring. Det er eit viktig dokument, som skal legge til rette for vekst i bustadbygging og næringsutvikling på EId i åra som kjem, samtidig som andre areal blir sikra mot utbygging.

Dei neste vekene skal planen ut på høyring, mellom anna med opne møte i bygdene i Eid. Eg håpar på god oppslutnad og stort engasjement om desse - tid og stad blir snart gjort kjent!