torsdag 8. mai 2014

Tale på 8. mai-markeringa på Nordfjordeid 2014

Eid har samanhengande militærtradisjonar heilt attende til 1600-talet fram til i dag. Vi held også tradisjonen med markering av Frigjeringsdagen 8. mai i hevd, på den gamle eksersisplassen som no er eit fantastisk parkområde i Nordfjordeid sentrum (Malakoff/Plassen).  

Årets 8. mai-arrangement var ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonale Røde Kors-dagen. Vi hadde besøk av gjester frå det nederlandske forsvaret og frå Røde Kors i Colombia. Over 120 personar var samla til kransenedlegging på minnesmerket for dei som fall i andre verdskrigen, taler, musikk av Eid Musikklag og sosialt samvere etterpå. Ei flott markering av ein viktig dag!

----


Tale ved markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den internasjonale Røde Kors dagen på Nordfjordeid, 8. mai 2014



Alfred Bjørlo, ordførar i Eid


Velkomne til markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen på "Plassen" på Nordfjordeid, 8. mai 2014!

Dagen i dag er ein festdag. Det er ein dag for å minnast og markere noko av det vi skal vere mest stolte av og glade for i vårt fredelege Noreg anno 2014: Avslutninga på dei "mørke åra" i norsk historie 8. mai 1945 - dagen då det vart slutt på fem års okkupasjon av ei framand makt: Ei makt som sette grunnlova vår til side, eit regime som delte menneske og menneskeverd inn etter rase og religion - med grusomme resultat for dei som var fødde med til dømes "feil" etnisk bakgrunn.

I år feirer vi 200 årsjubileum for den norske grunnlova. Det har vi feira - og skal vi feire til gangs 17. mai. Men 8. mai er etter mitt syn ein dag det er like viktig å markere - også i grunnlovsjubileumsåret.

For 8. mai minner oss om at det ikkje er nok for eit land å få på plass ei grunnlov, ein rettsstat og eit fritt samfunn. Ei grunnlov, ein rettsstat og eit fritt samfunn er noko vi aldri kan ta for gitt. Sjølv ikkje etter at det er kjempa på plass. Det fekk Noreg smerteleg røyne i åra 1940-1945.

I år - nær 70 år etter - er dette på nytt aktuelt. Dei siste månadene har nokre av våre europeiske medborgarar fått oppleve at tilkjempa fridom ikkje gir nokon garanti for framtidig fridom - like lite i 2014 som i 1940. Russland sin invasjon på Krim og påfølgande militære aggresjon mot resten av Ukraina er det mest alvorlege åtaket på ein fri nasjon i Europa på svært mange år. Det er militære handlingar som ikkje respekterer ei Grunnlov eller ein rettsstat.

Og det skjer ikkje langt borte - det skjer i det eg vil kalle vårt næraste nabolag. Den militære aggresjonen Russland no bruker mot Ukraina er skremande - og heilt uakseptabel.

Så om nokon før har stilt spørsmål ved om ein frigjeringsdag enno er ein dag å feire, bør dagens hendingar i Ukraina ta den siste rest av tvil bort.

Svaret er ja. Ein sjølvstendedag etter lang tids okkupasjon av ei framand makt er i høgaste grad ein dag å feire.  Fridom kan vi aldri ta for gitt. Vi skal minnast, ære og feire dei som var med å sikre at vi fekk vår fridom tilbake i 1945 - og vere dei evig takknemmelege.

Og for oss her i Nordfjord er dette den naturlege staden å gjere det på - ved monumentet "Sørgende Mor" - til minne om dei frå Nordfjord som sette livet til i fedrelandet si teneste for at 8. mai 1945 skulle bli røyndom.

Frå og med 2011 markerer vi i Noreg på 8. mai ikkje berre Frigjeringsdagen i 1945, men også Veterandagen - til minne om alle norske veteranar som har tenestegjort for Noreg militært etter andre verdskrigen. Det er mange. Over 100 000 nordmenn har tenestegjort frå 1945 og fram til i dag i nær 100 ulike internasjonale operasjonar i meir enn 40 land. 

Det er lov å ha ulike meiningar om kvar enkelt krig og konflikt Noreg går inn i. Men det må aldri få rokke ved vår respekt for dei som faktisk går i krigen for oss, når Regjering og Storting først har tatt ei avgjerd om at Noreg skal bidra.
Mange av veteranane har også kome heim merka for livet - fysisk og psykisk. Eidaren Bjørn Asle Nord, som til dagleg er journalist i Bergens Tidende har nylig gitt ut ei bok om nettopp det, som eg på det varmaste vil tilrå alle her å lese.
Bjørn Asle Nord si bok heiter "Gi meg heller livet" og er fortent nominert til den norske journalistprisen for 2014 . «Gi meg heller livet» gir eit innblikk i kvardagen til 13 veteranar. Alla utanom éin av dei er ramma av psykiske problem etter sin krigsinnsats.
Det som er slåande når ein les boka, i tillegg til dei sterke livshistoriene til kvar av dei 13, er at fleire av dei altfor lenge har vore åleine med minna sine og problema sine. Og ikkje minst: Dei har følt at samfunnet rundt dei overhodet ikkje forstår kva dei har vore gjennom. Dei opplever mangel på anerkjenning og respekt frå det samfunnet dei reiste i oppdrag for - med livet som innsats.
Deira historie er ikkje ulik den mange soldatar, krigsseglarar og andre opplevde etter andre verdskrigen. Veteranane frå 1945 og fram til i dag fortener å bli løfta fram i lyset - å få den honnøren dei skal ha frå samfunnet som sende dei ut i krigen - på vegne av oss alle.
Eg er glad vi kan gi eit lite bidrag til det her i dag - og vonar vi som samfunn kan bli like flinke til å hugse det også dei andre 364 dagane i året.
Eg er stolt av at vi på Eid er med å halde dei sterke militære tradisjonane på Nordvestlandet ved like. Vi gjer ein jobb med å synleggjere banda mellom folk og forsvar på lokalplanet, under radaren til dei høge herrer og fruer i leiinga av Forsvarsdepartementet og Forsvarsleiinga i Oslo.
Det er viktig. På same måte som det er viktig med eit Heimevern som er til stades i heile landet. På same måte som det er viktig at Noreg stiller opp i internasjonale operasjonar for fred og fridom rundt om i verda, fordi solidaritet og menneskeverd ikkje kjenner landegrenser.
Så la oss halde fram å markere 8. mai her på Eid og andre stader i landet. La oss minnast i dag alle som har ofra livet - eller risikert livet - i teneste for Noreg.
Til slutt vil eg bere fram ei blomehelsing frå Eid kommune for å gjere ære på dei vi vil minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45. 

Fred over deira minne.

Talarane på 8. mai-arrangementet på Eid framfor minnesmerket "Sørgande Mor":
Representantar for Eid kommune, Røde Kors Eid, Røde Kors Ungdom i Colombia,
Norske Reserveoffiserers Forening og Kvinneskipet Embla




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar