søndag 11. mai 2014

Vekeplan veke 20/2014


Veka som kjem står i grunnlovsjubileet sitt teikn. Alle ordførarane i heile landet skal samlast i Oslo for å markere jubileet, og ikkje minst lokaldemokratiet sin viktige plass i det norske samfunnet. Ikkje minst ser eg fram til mottaking på Slottet torsdag - det blir ei ny oppleving for min del! (og vil by på ei stor utfordring for min del som den distré personen eg er: Å ikkje surre vekk adgangskortet til Slottet på førehand).

Og så er det sjølvsagt 17. mai-feiring med endå meir på programmet enn vanleg i jubileumsåret - det blir ein festdag for oss alle!


Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 12. mai
Sentralstyremøte i Venstre, Oslo/Asker

Tysdag 13. mai
Møte om velferdsteknologi, Skei
Kveld: Brannøving i Tverrgata

Onsdag 14. mai og torsdag 15. mai
Samling for ordførarane i Noreg i Oslo i høve grunnlovsjubileet

Fredag 16. mai
Møte med Eid vidaregåande skule
Barnehagetog

Laurdag 17. mai
0700 Revelje
0930 Barnetog
1100 Jubileumsgudsteneste i Eid kyrkje. Tale
1430 Folketog og samling på Plassen
1630 Tale på Hjelle skule
1800 Jubileums-konsert i Eid kyrkje med kora i Eid
2000 Tappenstrek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar