søndag 22. februar 2015

Vekeplan veke 9/2015

Vinterferien er vel overstått, og vi går for alvor mot vår og lysare tider! Fredag fekk Eid ei særs inspirerande melding då Statistisk Sentralbyrå la fram den offisielle folketalsstatistikken for 2014: Folketalet vaks med 61 personar i fjor - til 5.987. Det er det høgaste folketalet målt i Eid nokon gong, og den største veksten på eitt år sidan 1992. Skal 2015 bli året då Eid når 6.000 innbyggjarar?

søndag 8. februar 2015

Vekeplan veke 7 (og 8)/2015

Travel, men hyggeleg og oppløftande helg er ferdig.

Først: Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre på Sandane fredag- søndag. Venstre i Sogn og Fjordane er eit partilag i vekst - spenn klar til å gå til val til hausten med flinke og motiverte kandidatar fylket rundt.

Deretter: I ettermiddag har det vore felles UKM-mønstring for Eid, Stryn og Hornindal i Operahuset Nordfjord. Eg blir glad og får ny energi av å sjå så mange drivande flinke born og ungdommar med enorm spennvidde i kunstneriske talent samla på ein stad! Over 50 innslag på scene og utstillingsområde - frå dubstep-trommer til harpe, frå treskjering og maling til klassisk ballett. Ein sann fryd!

Oppspilt ordførar saman med to av deltakarane på UKM:
Stand up-komikar Iver Flyum Bjørlo og den rampete Lurvefaksen
Skåret i gleda i helga er at ferjesambandet E39 Lote-Anda for fyste gong på aldri så lenge i går vart stengt ned ein heil dag på grunn av ruskete ver - rett etter at ferjeselskapet har sett inn ei ny ferje med dårlegare manøvreringsevne på sambandet. Dette er ikkje haldbart - her må vi setje alle krefter inn på å rydde opp i dagane og vekene som kjem.

søndag 1. februar 2015

Vekeplan veke 6/2015

Ei strålande vinterhelg er over - med rikelege høve til å vere i aktivitet for liten og stor.

I dag (søndag) var det aktivitetsdag i regi av Barnas Turlag på Tua i Stigedalen. Samstundes var det perfekte tilhøve og mykje folk også på den andre store vinter-utfartsstaden i Eid, Harpefossen. Og ikkje nok med det: I Eid Idrettshus synte i ettermiddag 150 unge turnarar fram kva dei har lært i løpet av året, i Eid IL Turn si tradisjonsrike nyttårsoppvising.

Barn og unge i Eid har rett og slett eineståande høve til å leve eit aktivt liv. Det er det viktig at vi som vaksne legg til rette for at dei skal kunne nytte seg av.