søndag 22. februar 2015

Vekeplan veke 9/2015

Vinterferien er vel overstått, og vi går for alvor mot vår og lysare tider! Fredag fekk Eid ei særs inspirerande melding då Statistisk Sentralbyrå la fram den offisielle folketalsstatistikken for 2014: Folketalet vaks med 61 personar i fjor - til 5.987. Det er det høgaste folketalet målt i Eid nokon gong, og den største veksten på eitt år sidan 1992. Skal 2015 bli året då Eid når 6.000 innbyggjarar?


Min plan for veka som står for døra - veke 9 - ser du under.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er onsdag enklast. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 23. februar
Bedriftsbesøk (Frislid, Norsand). Elles interne møte og kontordag

Tysdag 24. februar

Dialogmøte IT og Velferdsteknologi, Nordfjord Hotell. Møte om kommunereform.

Kveld: Oppstartsmøte felles mjølkeprosjekt Eid/Stryn 

Onsdag 25. februar
Kontordag. Besøk Nordfjord Sjukehus.

Torsdag 26. februar
Helsingstale fylkesårsmøte LHL, Nordfjord Hotell
Formannskapsmøte

Kveld: Framtidsfylket rekrutteringsmesse, Bergen

Fredag 27. februar
Framtidsfylket, Bergen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar