søndag 1. februar 2015

Vekeplan veke 6/2015

Ei strålande vinterhelg er over - med rikelege høve til å vere i aktivitet for liten og stor.

I dag (søndag) var det aktivitetsdag i regi av Barnas Turlag på Tua i Stigedalen. Samstundes var det perfekte tilhøve og mykje folk også på den andre store vinter-utfartsstaden i Eid, Harpefossen. Og ikkje nok med det: I Eid Idrettshus synte i ettermiddag 150 unge turnarar fram kva dei har lært i løpet av året, i Eid IL Turn si tradisjonsrike nyttårsoppvising.

Barn og unge i Eid har rett og slett eineståande høve til å leve eit aktivt liv. Det er det viktig at vi som vaksne legg til rette for at dei skal kunne nytte seg av.


Ser fram til ei spennande veke, der eitt av høgdepunkta blir å møte nær 1.000 ungdommar frå heile Nordfjord i Operahuset Nordfjord på tysdag, på yrkesmessa "Kva skal du bli?". Der er ulike yrke og karrierevegar i Nordfjord samla på eitt brett. Strålande initativ - felle for alle dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er måndag eller fredag enklast. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 2. februar
Rekrutteringskampanje for fleire fosterheimar - markering på Eid
Kontordag, div. møte

Tysdag 3. februar
Yrkesmesse "Kva skal du bli?", Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord

Onsdag 4. februar - torsdag 5. februar
KS Strategikonferanse, Førde

Fredag 6. februar
Møte med Fjord1 om ferjemateriell Lote-Anda
Arena-konferanse i regi av NHO om bygg og fornybar energi, Nordfjord Hotell

Laurdag 7. februar
Fylkesårsmøte Sogn og Fjordane Venstre, Sandane

Søndag 8. februar
Fylkesårsmøte Sogn og Fjordane Venstre, Sandane

Kveld: Ungdommens Kulturmønstring, Operahuset Nordfjord 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar