søndag 23. februar 2014

Vekeplan veke 9/2014


Ei tettpakka veke står for døra. Nordfjord-ordførarane skal vere samla i to dagar, vi skal ha møte i Formannskapet og vekas store høgdepunkt blir skuleseminar om "Den gode skulen" i Eid og premiere på skulemusikalen "Legally Blonde" på Eid vgs fredag.

Denne dagen er det vanskeleg å få til møteavtaler på Rådhuset, men ta kontakt, så avtaler vi ein prat neste veke! Då er det betydeleg mindre reiser og møte for min del. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

mandag 10. februar 2014

Vekeplan veke 7/2014


To dagar på Eid - to dagar i Bergen og ein dag i Oslo. Slik ser min plan ut for veka som står for døra. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 7/2014 passar det best måndag eller tysdag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

fredag 7. februar 2014

Ein dag i ein ordførars liv


99% av alle som driv politikk på lokalplanet, gjer det på fritida. Det står det stor respekt av, uansett kva parti ein engasjerer seg i. Difor må eg ofte minne meg sjølv på kor stort priviligeum det er å få lov å vere lokal folkevald på heiltid, slik ein ordførar får høve til - som den einaste politikaren i kommunen.


søndag 2. februar 2014

Vekeplan veke 6/2014

Det nye året rasar av garde minst like fort som det gamle - slik ser min plan ut for komande veke. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 6/2014 passar det best torsdag føremiddag.


Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!