fredag 7. februar 2014

Ein dag i ein ordførars liv


99% av alle som driv politikk på lokalplanet, gjer det på fritida. Det står det stor respekt av, uansett kva parti ein engasjerer seg i. Difor må eg ofte minne meg sjølv på kor stort priviligeum det er å få lov å vere lokal folkevald på heiltid, slik ein ordførar får høve til - som den einaste politikaren i kommunen.


Utad er det dei "store" sakene - i vårt tilfelle særleg sjukehus og samferdsle - som er mest synleg i ordførarrolla. Det eg likevel synst er kjekkast, er mangfaldet av små og store saker ein får lov å vere med å arbeide med i kvardagen. Det å få sjå og høyre om det som rører seg i lokalsamfunnet, kunne spele ein rolle for å løyse opp nokre knutar som har oppstått (og som andre ofte aldri får høyre om dersom ein klarer å løyse opp knutane..) - og ikkje minst få nye ting til å skje.

Ein kan som ordførar til ei viss grad - utanom faste møte i formannskap og kommunestyre - styre sin eigen kvardag. Som oftast gjer det at ein prøver å nå over for mykje. Det er i alle fall ingen fare for at ein driv dank - arbeidsdagen strekker seg frå tidleg morgon til seint på kveld.

Dagen i dag er eit godt døme på kor variert ein dag som ordførar kan vere. Her er min fredag på jobb:

0730-0830 Gjennomgang av aviser og mail etter tre dagar på reise/kommunestyremøte

0830-0900 Intervju/samtale med Fjordabladet - oppsummering av status og vidare arbeid med utvikling av Nordfjord Sjukehus etter styremøte i Helse Vest denne veka

0900-0930 Arbeidsmøte om nytt "Eid Inviterer"-magasin - planlagt våren 2014

0930-1030 Informere Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) om Eid kommune sine planer for eit heilskapleg apparat for å ta imot flyktningar dei neste fire åra. Korleis tenkjer vi - kva treng vi drahjelp frå sentrale styresmakter til - korleis kan kommunene hjelpe og lære av kvarandre? Flott initiativ av Eid SV, med innlagt bedriftsbesøk på arbeidstreningsbedrifta Sandane Industrier.

1030-1100 Forts. møte om "Eid Inviterer"

Resten av gjengen har jobba godt i mellomtida. Ordføraren er vel strengt tatt berre innom og syner seg først og sist i møtet., og seier sikkert berre ting dei andre til stades for lengst har tenkt ut sjølve. Men det er sjølvsagt eit unntakstilfelle..)

1100-1200 Møte mellom Eid IL Fotball og kommunen: Kva kan vi samarbeide om, og kva treng Eida-fotballen? 

Eid IL Fotball driv fantastisk godt arbeid blant barn og unge i Eid - dei har over 300 spelarar og 60-80 trenarar og oppmenn under leiing av sin dyktige daglege leiar Bjørn Totland. Dei har nettopp starta Fotballakademi for barn på dagtid onsdagar (barn i Eid har kort skuledag onsdagar), har ferdigstilt ei ny kunstgrasbane i sentrum, planlegg stor fotball-cup til våren (eg gjekk sikkert litt vel langt i å love gratis leige av skulane til overnatting, men føler meg ut frå ferske diskusjonar trygg på at eit samla formannskap er enig) og ønskjer endå meir "trøkk" i samarbeidet med kommunen. Det skal vi få til!

1200-1230 Intervju med NRK Sogn og Fjordane om felles interkommunalt barnevern Eid/Selje/Vågsøy

1230-1300 Møte med Rådmannen for å gå gjennom framdrift i viktige nye saker vi arbeider med

1300-1430 Skipingsmøte for Energikompetansesenteret AS (EKS) - ei fantastisk spennande ny fellessatsing for næringslivet i Nordfjord knytt til energi, miljø og byggteknologi med ei bedriftsgruppe i Eid som "primus motor".

Eid kommune har bidratt i oppstarten ved å reise nødvendig bygg for senteret ved Eid vidaregåande skule. No er vi også med i skipinga av selskapet saman med bedrifter frå Eid, Stryn og Gloppen (truleg også Vågsøy). Superdyktige folk som Erling Sande (SFE), Cecilie Bjørlo (Tine), Kjell Storeide (tidl. m a styreleiar i Innovasjon Norge og adm dir i Stokke)  og Ove Kjøllesdal  (Eid Elektro) er med i styret ved oppstarten. Helse Førde var også til stades på skipingsmøtet, og varslar at dei ser EKS som ein spennande partner mellom anna i satsing på velferdsteknologi. Alle som trur at vi i Nordfjord ikkje kan samarbeide, vil få seg ei overrasking over det som er på gang her!

1430-1500 Møte med Skulesjefen i Eid - planlegging av eit "inspirasjonsseminar" om kvalitet i skulen og kva vi har lykkast med i skulen på Eid i slutten av februar.

1500-1630 Kontortid - rydde epost-boksen for helga og ta unna ein haug telefonar (klarte det nesten - men ikkje spør om kontorpulten elles..)

Tidlegare i veka har det vore Stavanger-tur til Helse Vest saman med ordførarane i Vågsøy og Stryn som ga positive avklaringar om framtida for Nordfjord Sjukehus, arbeidsverkstad om folkehelse med helse-eldsjeler frå heile Nordfjord og kommunestyremøte.

Så to ting er heilt sikkert:

1. Det er eit enormt "trøkk" i Eida-samfunnet for tida - og svært mykje skjer på tvers av kommunegrenser. Klarer vi å ta vare på engasjementet  og samarbeidsånda, og la "dei tusen blomar bløme", då vil både Eid og regionen rundt gå gode tider i møte.

2. Det blir godt å ta helg - sløve framfor OL-sendingane i kveld, ta fram motorsaga og rydde skog i morgon - og gå på Malakoff-feiring av dei frivillige i morgon kveld! (Og så må eg IKKJE gløyme å skrive ei jubileumshelsing til 150-årsjubileet til Stårheim kyrkje som alt er langt på overtid, med endeleg deadline søndag kveld..).

God helg til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar