søndag 23. februar 2014

Vekeplan veke 9/2014


Ei tettpakka veke står for døra. Nordfjord-ordførarane skal vere samla i to dagar, vi skal ha møte i Formannskapet og vekas store høgdepunkt blir skuleseminar om "Den gode skulen" i Eid og premiere på skulemusikalen "Legally Blonde" på Eid vgs fredag.

Denne dagen er det vanskeleg å få til møteavtaler på Rådhuset, men ta kontakt, så avtaler vi ein prat neste veke! Då er det betydeleg mindre reiser og møte for min del. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


Måndag 24. februar 
Planleggingsmøte Fjordvarme-samling på Eid
Strategisamling i Nordfjordrådet, Måløy

Tysdag 25. februar
Møte i Nordfjordrådet, Måløy
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Onsdag 26. februar 
Div. avtalte møte på Stortinget, Oslo

Torsdag 27. februar 
Møte med Norsk Forbund for Utviklingshemma avd Eid
Styremøte Norsk Fjordhestsenter
Formannskapsmøte med omvising på Norsk Fjordhestsenter
Kveld: Ope møte om skulepolitikk i regi av Eid Venstre

Fredag 28. februar 
Besøk av nestleiar i Utdanningskomiteen på Stortinget, Iselin Nybø. Omvising skular/barnehagar i Eid
Miniseminar "Den gode skule" på Operahuset Nordfjord
Kveld: Premiere på Skulemusikalen "Legally Blonde", Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord

Laurdag 1, mars og søndag 2. mars 
Landsstyremøte i Venstre, Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar