onsdag 21. desember 2011

Tid for samhald

I 2011 har vi blitt nær 100 fleire eidarar. Vi nærmar oss for fyrste gong 6.000 folkeregistrerte innbyggjarar. Eid er ei kommune i vekst.

Eid blømer også på andre frontar. Den flotte, nyutbygde vidaregåande skulen vår har rekordtilstrøyming av ungdommar. Vi har fått ferdigstilt og opna ein flunkande ny, stor barnehage på Golvsengane. Viktige eida-bedrifter som Norgesvinduet og Eid Elektro har jubilert i 2011. Saman med andre i næringslivet satsar og veks dei, og har tru på framtida.

Samtidig har våre "kulturflaggskip" Operahuset, Opera Nordfjord og Malakoff og vintereldoradoet Harpefossen sett publikumsrekordar i 2011 og trekt til seg gjester i titusenvis. Dei har alle trassa tyngdekrafta og gjennomført arrangement og satsingar som strengt tatt berre skulle vore mulig på langt større stader - i ein fantastisk miks av profesjonalitet og dugnadsånd. Seinast sist veke sat eg sjølv i Operasalen og høyrde ein av verdas største klassiske musikkstjerner, Leiv Ove Andsnes, skryte uhemma av Eid og minne oss på at det vi har fått til er heilt unikt. Det har han rett i. Men vi har lett for å ta det som sjølvsagt.

Vi har mykje å vere stolte av. I Eid, og i regionen rundt oss. Eg gler meg når Vestbuss i Stryn eller Båtbygg i Måløy dreg i land rekordkontrakter, eller når høgskulane i Volda og Sogndal trekkjer til seg fleire studentar.

Vi spelar alle mot same mål. Vi har ikkje råd til å spele kvarandre dårlege. Skal vi lukkast, må vi spele kvarandre gode. Så enkelt. Så vanskeleg.

Eg trur året vi no går inn, blir avgjerande for utviklinga av Eid og regionen vår framover. Sjølv om vi skal gle oss over det fantastiske lokalsamfunnet vi lever i, har vi svære utfordringar føre oss. I løpet av 2012 er vi nødt til å finne ein framtidskurs for Nordfjord sjukehus som gjer at folk i Nordfjord og tilsette ved sjukehuset veit kva vi har å innstille oss på for framtida. Fagre ord er ikkje lenger nok. Skal vi utvikle "Fremtidens lokalsykehus" slik Helseministeren har lovd, må vi vite kva det betyr i praksis og setje kursen dit. Det set store krav til alle partar.

Samtidig må Nordfjord-regionen gjere val om vi skal velje strid og splid eller samhald og felles strategiar innanfor samferdsle, vidaregåande skule og næringsutvikling.

Over mange år har vi i Nordfjord gradvis arbeidd oss fram til felles løysingar på samferdsle som heile fylket har kunna samle seg om, mellom anna om framtidig trase for E39. I dei komande vekene vil vi få vite om denne langsiktige tillitsbygginga ber frukter. Eg vonar alle i det politiske miljøet i Nordfjord og fylket skjønner kva som står på spel i E39-saka. Det er tid for klokskap og samhald.

Mi aller viktigaste rolle som ordførar i Eid er å prøve å løfte og bygge eit felleskap i tida framover. Det er eit samarbeid som må strekkje seg langt ut over kommunegrensene. Medreikna nabokommunane har vi ein bu- og arbeidsmarknad rundt oss på over 40.000 menneske. Fylket vi bur i har drøyt 100.000. Det er bra, men det er heller ikkje meir enn det trengs. Berre dersom vi klarer vi å løfte i flokk og spele kvarandre gode, og ynskje nye krefter velkomne med opne armar, vil vi lukkast med å vekse inn i framtida.

Som nybakt ordførar vil eg nytte høvet no ved inngangen til jula til å takke for tilliten. Eg vil også takke alle som gjennom året har gitt små og store bidrag til å gjere Eid til eit godt samfunn å bu i. Nokre - meg sjølv inkludert - får vår rikelege plass i rampelyset. Andre gjer sine bidrag i det stille. Det siste er minst like mykje verdt som det fyrste. Skal vi vere eit godt samfunn å bu i, må vi ta vare på alle. Alle må bli sett - og sett pris på.

God jul til alle nye og gamle eidarar - og til heimvendte "julegjester". Velkomen til felles krafttak for framtida i 2012! Vår dør er open for alle.

Alfred Bjørlo (V), Ordførar i Eid

mandag 12. desember 2011

Bygg Framtidsfylket!

Vi som skriv dette innlegget brenn for Sogn og Fjordane. Vi, som er unge, politisk engasjerte folk som ønskjer å bruke livet vårt på å utvikle fylket, trur på ei framtid med vekst og utvikling der vi saman gjer kvarandre sterkare. Eit fylke med knapt 110.000 innbyggjarar har ikkje råd til å bli splitta opp. Vi må stå saman - og byggje oss saman. Berre slik kan vi vekse.

Knapt noko er viktigare i eit spreittbygd fylke som Sogn og Fjordane enn samferdsle. Temperaturen i vegdebattane ber ofte preg av det. Heldigvis har vi dei siste ti åra klart å legge dei verste interne stridighetane bak oss. Heile fylket har stått samla om å få bygd ut E39 med gul stripe raskast råd som hovudpulsåra nord/sør, og med ei framtidig midtre E39-løysing i Nordfjord over Lote-Anda som både kortar inn reisetidene vesentleg og samtidig bind fylket saman og skaper regional utvikling. Vi er også samde om å prioritere realisering av Kystvegen/45-minuttsregionen og bygging av Rv 60 i indre. Samtidig er det sjølvsagt også andre stader i fylket viktige vegprosjekt som skaper vekst og fortener brei støtte.

Den nye E39-striden som no blussar opp, er omkampen ingen har bedt om. Det er trist å sjå dei sterke personangrepa som no kjem mot dei som står opp for å binde fylket saman. Slik kan vi ikkje ha det. Vi ser ingen grunn til å angripe eller undergrave dei mange viktige vegprosjekta i Stryn og indre Nordfjord. Vi har støtta Kvivsvegen, vi stør satsinga på Rv 60 og vi vil kjempe skulder ved skulder med Stryn for å få ny Rv 15 Strynefjellet realisert raskast råd.

Eit sterkare Stryn er bra for Sogn og Fjordane. Men heller ikkje Stryn er tent med ein region rundt som ikkje utviklar seg. Det er berre saman vi er sterke. Difor må vi finne løysingar som utviklar heile Nordfjord og heile fylket, utan omkampar om E39. Ein del av dette er at vi i Nordfjord seier unisont ja til å stille opp med brukarfinansiering både i ytre, midtre og indre for raskare å få på plass vegløysingar som vi treng for framtida.

Framtida for Sogn og Fjordane ligg ikkje i å vere eit fylke ein køyrer raskast mulig forbi. Samferdsleministeren har oppmoda oss om å tenkje regional utvikling, og lovd at det skal vere like viktig for val av E39-løysing som i andre fylke på Vestlandet. Det er ein invitasjon vi skal ta imot. La oss stå fast på dei samlande løysingane som byggjer Framtidsfylket - som samlar i staden for å splitte.

Alfred Bjørlo (V)

Erling Sande (Sp)

Ola Tarjei Kroken (Ap)

Olin Johanne Henden (H)

Hege Lothe (SV)

Øystein Rinde (KrF)

Ole Petter Henden (Sp)

Tore Hjelle (H)

Torbjørn Vereide (Ap)

Peder Lofnes Hauge (V)

Vigdis Heimdal (SV)

Arne Hjelle Strand (SV)

Anita Nybø (Sp)