mandag 12. desember 2011

Bygg Framtidsfylket!

Vi som skriv dette innlegget brenn for Sogn og Fjordane. Vi, som er unge, politisk engasjerte folk som ønskjer å bruke livet vårt på å utvikle fylket, trur på ei framtid med vekst og utvikling der vi saman gjer kvarandre sterkare. Eit fylke med knapt 110.000 innbyggjarar har ikkje råd til å bli splitta opp. Vi må stå saman - og byggje oss saman. Berre slik kan vi vekse.

Knapt noko er viktigare i eit spreittbygd fylke som Sogn og Fjordane enn samferdsle. Temperaturen i vegdebattane ber ofte preg av det. Heldigvis har vi dei siste ti åra klart å legge dei verste interne stridighetane bak oss. Heile fylket har stått samla om å få bygd ut E39 med gul stripe raskast råd som hovudpulsåra nord/sør, og med ei framtidig midtre E39-løysing i Nordfjord over Lote-Anda som både kortar inn reisetidene vesentleg og samtidig bind fylket saman og skaper regional utvikling. Vi er også samde om å prioritere realisering av Kystvegen/45-minuttsregionen og bygging av Rv 60 i indre. Samtidig er det sjølvsagt også andre stader i fylket viktige vegprosjekt som skaper vekst og fortener brei støtte.

Den nye E39-striden som no blussar opp, er omkampen ingen har bedt om. Det er trist å sjå dei sterke personangrepa som no kjem mot dei som står opp for å binde fylket saman. Slik kan vi ikkje ha det. Vi ser ingen grunn til å angripe eller undergrave dei mange viktige vegprosjekta i Stryn og indre Nordfjord. Vi har støtta Kvivsvegen, vi stør satsinga på Rv 60 og vi vil kjempe skulder ved skulder med Stryn for å få ny Rv 15 Strynefjellet realisert raskast råd.

Eit sterkare Stryn er bra for Sogn og Fjordane. Men heller ikkje Stryn er tent med ein region rundt som ikkje utviklar seg. Det er berre saman vi er sterke. Difor må vi finne løysingar som utviklar heile Nordfjord og heile fylket, utan omkampar om E39. Ein del av dette er at vi i Nordfjord seier unisont ja til å stille opp med brukarfinansiering både i ytre, midtre og indre for raskare å få på plass vegløysingar som vi treng for framtida.

Framtida for Sogn og Fjordane ligg ikkje i å vere eit fylke ein køyrer raskast mulig forbi. Samferdsleministeren har oppmoda oss om å tenkje regional utvikling, og lovd at det skal vere like viktig for val av E39-løysing som i andre fylke på Vestlandet. Det er ein invitasjon vi skal ta imot. La oss stå fast på dei samlande løysingane som byggjer Framtidsfylket - som samlar i staden for å splitte.

Alfred Bjørlo (V)

Erling Sande (Sp)

Ola Tarjei Kroken (Ap)

Olin Johanne Henden (H)

Hege Lothe (SV)

Øystein Rinde (KrF)

Ole Petter Henden (Sp)

Tore Hjelle (H)

Torbjørn Vereide (Ap)

Peder Lofnes Hauge (V)

Vigdis Heimdal (SV)

Arne Hjelle Strand (SV)

Anita Nybø (Sp)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar