torsdag 19. juli 2012

Malakoff: Klar for takeoff!


Foto: Malakoff/Tommy Bredesen

I dag opnar Malakoff-festivalen - sommarens beste rockeeventyr på verdas vakraste stad. Vi gjer oss klar for ei festhelg utan like på Eid - og inviterer alle med oss! 

Veirgudane har allereie meldt seg på vinnarlaget: Det blir tradisjonen tru sol under Malakoff!

Malakoff-festivalen blir i år arrangert for tiande år på rad. Frå oppstarten i det små i 2003 med ca 650 besøkande og hovudsakleg lokale band, har festivalen vokse til å bli ein stor (over 15.000 besøkande og 4.000 buande i festivalcampen) og i særklasse kvalitetsmessig sterk rockefestival med regionalt og nasjonalt nedslagsfelt.  To gonger er Malakoff kåra til årets rockfestival av Norges Rockforbund. I år er Malakoff kåra av Pyro på NRK P3 til ein av sommarens tre beste festivalar for rock i Noreg - saman med Slottsfjellet og Hovefestivalen.

i år er artist-rekkje sterkare enn nokon sinne: Turboneger, Seigmen, Mesuggah (S), Lars Winnerbäck (S), Rival Sons (USA), The Jayhawks (USA), Gallows (UK), Den Svenska Bjørnstammen (S), Dum Dum Boys, deLillos og mange, mange fleire. Sjekk heile artistlista på Malakoff si nettside.

Malakoff er ein rockefestival heile Eidasamfunnet er stolte av. Festivalen er eit fantastisk døme på kva som går an å få til når eldsjeler og bygdemiljø spelar saman og gjer kvarandre gode. Malkoff er også ein festival på tvers av generasjonane. Malakoff er eit godt prov på at ein musikkfestival ikkje å vere enten ein familiefestival, ein "gamlisfestival" eller ein ungdomsfestival: Malakoff klarer å vere alt i løpet av helga det står på  - og la kvar del forsterke dei andre. Det er konsertar frå kl 13 om dagen til 03 om natta, eit unikt festivalområde, camp-område med overnatting for 4.000 personar og ikkje minst: Ein fantastisk gjeng av eldsjeler og dugnadsarbeidarar frå 14 til 84 år sørger for at Malkoff er mulig.

Eg vil rette ein spesiell takk til den dugnadsgjengen på over 550 frivillige som stiller opp nær sagt døgnet rundt dagane før og under Malakoff. Grovt sagt blir det i løpet av festivalveka lagt ned ca 7.500 dugnadstimar - fire heile årsverk - for å få festivalen i stand. Det er folk i alle aldrar og frå alle "lag" av Eidasamfunnet - i år også med dugnadsbidrag frå idrettslag i våre nabokommuner. Utan denne enorme dugnadsinnsatsen hadde Malakoff ikkje vore det det er. Tusen takk til alle som står på for å gjere Malakoff til årets høgdepunkt for små og store gjester frå fjern og nær!

Malakoff har også store ringverknader for Eid og Nordfjord. På fleire plan. Malakoff er, saman med Opera Nordfjord, omdømmebyggar nr 1 for Eid. Vi er alle stolte av og gler oss til Malakoff. Det er eit årleg samlingspunkt for alle noverande, tidlegare og kanskje framtidige eidarar og nordfjordingar - og deira vener og familie. Kanskje kan vi snakke om ungdom som har vakse opp på Eid dei siste ti åra som "Malakoff-generasjonen": Dei er stolte av Eid, snakkar med entusiasme om heimbygda si når dei reiser ut i verda etter vidaregåande skule, kjem heim og tar med seg venner hit på somrane i ein heilt annan skala enn det som har vore vanleg tidlegare. Og ikkje minst: Mange vel også å flytte tilbake hit og slå seg ned - dagens folketalsvekst og press på bustadmarknaden i Eid er tydelege teikn på det.

Malakoff har også meir handfaste ringverknader, og set sitt preg på Eid heile året, ikkje berre i festivalhelga. Den nye rockescena Gymmen er eit direkte resultat av Malakoff. Eit levande musikkmiljø med stadig fleire som lever av kultur og opplevingsnæringar. Den nye rockeskulen for ungdom som blir starta opp til hausten og mykje anna. I tillegg: Malakoff gir pengar i kassa til lokalt næringsliv og organisasjonsliv som er med å halde hjula i gang året rundt. I fjor omsette lokalt næringsliv for minst 20 mill kr ekstra berre i festivalveka. Det monnar for mange små butikkar og bedrifter!

Men no nok ordførarprat. Ein rockefestival handlar ikkje først og fremst om ringverknader og omdømme. Malakoff handlar mest av alt om fantastisk musikk. Eg gler meg som ein unge til helgas konsertar. Til gamle personlege heltar som deLillos og The Jayhawks. Til "konsertmonster" som Dumdum Boys, Seigmen og Turboneger. Til skandinavias største rockestjerne pr dato: Lars Winnerback. Til stjerneskot på veg opp som amerikanske Rival Sons og svenske Royal Republic , og ein haug nye band og artistar i alle sjangrar innanfor rockens utømelege skattkiste.

Eg skal sjølv ha ei frivilligvakt på festivalområdet i morgon ettermiddag, og ta imot ein del inviterte gjester laurdag. Men kl 1815 laurdag er eg ferdig med mine offisielle plikter for dagen. Då skal eg stå i sola med noko godt i glaset - og sjå Mark Olson, Gary Louris og resten av legendariske The Jayhawks gå på scena og dra i gang Blue på den største festivalscena på Malakoff på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid i mi eiga heimbygd. Eg får frysningar nedover ryggen berre ved å tenkje på det. 

Og endå meir ved å vite at 7-8.000 andre, kanskje fleire, akkurat samtidig lever det gode festivalliv på Nordfjordeid og får minner for livet.

God helg, og er du enno i tvil: Velkomen til Eid og Malakoff 2012!

mandag 16. juli 2012

Sjå, men ikkje røre

KINKIG SITUASJON: Men når vi først har fire likestilte rekneartar i landet, må idealet vere at einkvar må lære å rekne godt på dei rekneartane som hos dei er fletta saman med tanken - og forstå dei som reknar på dei andre måtane. Bilete frå Wikipedia. Dato ukjent, men truleg ca 300 f Kr. 

OBS! Denne teksten er lett inspirert av Dagbladet sin film- og teaterjournalist Inger Merete Hobbelstad sin kommentarartikkel "Hver med sitt nebb", publisert på Dagbladet sine nettsider 16. juni. Det vil vere ein fordel å lese gjennom Hobbelstad sin tekst før ein les vidare nedover denne sida.

La elevane sjå og lese divisjons-reknestykke, men la dei sleppe å rekne og kutt ut karaktersetjinga. Kanskje kan det skape større entusiasme og mindre forakt for divisjon som rekneart.

Igjen blussar det opp: Kampen om kor mye divisjonsundervising norske skuleelevar skal ha og om deira kunnskap i divisjon skal bli gjenstand for karaktersetjing. Enkelte politiske parti vil gjere divisjon valfritt, noko som i praksis vil avskaffe divisjon fleire mange stader (sic) i landet.

Det er særleg for dei som er glad i å addere, subtrahere og multiplisere dagens ordning er kløeframkallande. Dei blir i dag tvinga til å gjennomføre matematiske resonnement i ein rekneart dei ikkje meistrar og dei færraste treng å meistre på et høgt nivå — samtidig som dei andre rekneformene er pressa i eit oppsvulma og eklektisk matematikkfag. Det ville ha vore betre brukt tid å gjere elevane til meir sofistikerte brukarar av dei rekneartane dei primært skal rekne på. Divisjon som rekneart bør kuttast frå karaktersetjing.

Frykta til divisjons-folket vitnar dessutan om underleg låg sjølvtillit på vegne av reknearten dei kjempar for. Då krefter tidlegare i vår foreslo å skjere ned på divisjonsundervisinga, sa deira talsmann at staten «tok divisjonskunnskapane frå folk» og antyda at nedskjering i divisjonsundervisinga kunne legge deling som rekneart på dødsleiet.

Det er vanskeleg å førestille seg at det å la ungdom som ikkje driv med divisjon i det daglege sleppe å få sett karakter på sine kunnskapar i emnet, vil vere dødsstøtet til ein vital rekneart som har vore avgjerande for nokre av dei finaste matematiske prov og vitskaplege gjennombrot i historia. Divisjon har vore og vil halde fram med å vere den føretrekte reknearten til markante matematikarar og vitskapsmenn i andre fag. Divisjon er eit knudrete tre med djupe røter og lauvsprettande greiner.

Difor er det grunt og kortsiktig når enkelte politiske parti vil overlate spørsmålet om landet sin fjerde offisielle rekneart er verd å lære seg til livsuerfarne tenåringar. Det bør undervisast i divisjon. Elevane bør få eit grunnlag som dei kan bruke og byggje vidare på dersom dei får ein jobb der dei må meistre alle fire rekneartar. Men først og fremst bør det undervisast i divisjon for at terskelen mellom ulike fag og disiplinar skal haldast låg, for at heile den vitskaplege verda skal vere tilgjengeleg og open for alle.

Det bør imidlertid leggast mindre vekt på produksjon av reknestykke og likningar i ein rekneart som ikkje flyt for elevane, og meir på å lese og drøfte reknestykke av dei som dividerer vakkert og elegant, som har eit avansert og intuitivt forhold til reknearten sin og uanstrengt finn musikken i han — Euklid, Pythagoras, Fibonacci, Abel og dei andre. Det kan fostre tiltru og kanskje til og med kjærleik til divisjonskunsten hos ikkje-brukarane, i staden for forakten og frustrasjonen som finst i dag.

På same måte ville det vere ønskjeleg om det kunne leggast betre til rette for at dei som vil dividere, kan halde fram med å gjere det gjennom yrkeslivet. Folk tåler truleg å sjå fleire likningar med divisjon.

Om ein skal formulere eit ideal for ei verd som no eingong er i den situasjonen at ho har fire likestilte rekneartar, må det vere at den enkelte kan halde fram å tenkje og resonnere i same rekneart som dei brukte då dei skreiv sine første talsamanstillingar og reknestykke, altså på den reknearten som er fletta saman med tanken — og lese andre som gjer det same på dei andre rekneartane med hjartevarme og forståing.

fredag 13. juli 2012

Vekeplan veke 29: Utekontor og Malakoff

Foto: Siri Kolseth/Fjordenes Tidende

I veke 29 flyttar eg ordførarkontoret ut i Eidsgata, for å feire sommaren og Malakoff-festivalen.


Tid: Tysdag 17. juli, onsdag 18. juli og torsdag 19. juli kl 10-1530

Stad: Ved Kulturhuset Gamlebanken (Eidsgata 10)


Stikk innom for ein prat! Til deg som er innom Eid på besøk, kjem eg til å ha med info om bustader, jobb, fritidstilbod og anna du måtte lure på om Eid og regionen rundt.

Fredag 20. juli og laurdag 21. juli (Malakoff-helga) vil Eid kommune ha eigen stand i Eidsgata. Her kjem vil til å vere fleire frå Eid kommune til stades. Det blir konkurranse med fine premiar, underhaldning og anna.

Minner også om at NRK skal ha gratiskonsert med mange flotte artistar i Eidsgata fredag kl 13-15 (Sommarlutt). Og ikkje minst: Kjøp billett på Malkoff-festivalen eller meld deg som frivillig! Dørene opnar til festivalområdet fredag kl 1630. All informasjon du treng om Malakoff finn du her.

Velkomen - Eid inviterer!

torsdag 12. juli 2012

Bedrifts-boom i Eid


Så langt i 2012 er det registrert 22 nye føretak i Eid kommune, i følgje ferske tal frå Brønnøysundregistra. Det er fleire nye bedrifter enn for heile året samla i 2010 og 2011!

Mange nye bedriftsetableringar er eit teikn på optimisme og framtidstru. Sett i samanheng med vekst og gode resultat i mange av dei eksisterande bedriftene på Eid, tung satsing på entrepenørskap i skulen og mange grunderar som har deltek på etablerarkurs våren 2012, lovar dette svært godt for framtida.

Så langt i 2012 er det registrert 22 nye føretak i Eid i dei offisielle registra i Brønnøysund, mot høvesvis 6 og 8 nye føretak i same periode i 2010 og 2011. Sidan år 2000 er det berre i eitt år (2006) det har vore høgare "nyskapingstakt" i næringslivet i Eid enn så langt i 2012.

La meg ile til og seie at eg sjølvsagt er klar over at det har vore auke i talet på registrerte bedrifter over heile landet i 2012 som følgje av reduserte krav til eigenkapital for aksjeselskap. Veksten i Eid er likevel langt sterkare enn dette. Eid ligg no faktisk over fylkessnittet i Sogn og Fjordane i "nyskapingstakt" for nye bedrifter. Det er svært positivt og litt oppsiktsvekkjande, sidan vi tradisjonelt er ein kommune med relativt mange offentlege arbeidsplassar. Auken i nyregistrerte bedrifter samsvarar også godt med andre utviklingstrekk vi for tida opplever i Eid, som vekst i folketal og sterkt press på bustadmarknaden i kommunen.

Det er ekstra gledele gå å sjå at veksten i nye bedrifter kjem samtidig som dei eksisterande, større bedriftene i kommunen gjer det skarpt og investerer i framtida. Bedrifter som Norgesvinduet Bjørlo, Eid Elektro, YIT, Normatic og Nordplan er leiande i sine bransjer. Mange store nye anleggsprosjekt i regionen i åra framover, mellom anna den nye 420-kV-linja og nye vegprosjekt, gir grunnlag for vekst i entrepenørnæringa og andre følgjenæringar.

Det er også på gang store nye satsingar i handelsnæringa i kommunen, mellom anna i samarbeid mellom Moengården og Coop Vest, og det er stor knoppskyting i det kultur- og opplevingsbaserte næringslivet. Innanfor kulturnæringane har Eid med støtte frå KRD har oppretta eit eige selskap, VAKN, for å utvikle ein nasjonal modell for kulturbasert næringsutvikling bygd på røynslene frå Opera Nordfjord, Malakoff m m.

Nordfjord er samla sett ein svært sterk næringslivsregion. Utfordringa framover blir å byggje endå sterkare regionale nettverk i næringslivet med større slagkraft. Tilsetjinga av dagleg leiar i det nye felles næringsselskapet for Eid/Vågsøy/Selje, Nordfjord Vekst, gjer det no mulig å setje fart i dette arbeidet for alvor.

Truleg er den største hindringa for å ta ut vekstpotensialet vårt no rett og slett mangel på folk! Mange bedrifter eg snakkar med peiker på rekruttering som ei kjempestor utfordring. Her må vi tenkje nytt og meir offensivt i tida framover. Fleire folk skaper meir vekst!

torsdag 5. juli 2012

Klart for fleire utleige-bustader i Eid


For å møte den sterke etterspurnaden etter utleigeleilegheiter i Eid, vil eg ved første høve etter sommaren få meldt opp ei sak til politisk handsaming om utbygging av rimelege utleigeleigheiter på på ei kommunalt eigd, 6,5 mål stor tomt på Golvsengane i Nordfjordeid sentrum.

Det er for tida høg temperatur på bustadmarknaden i Eid, ikkje minst på utleigemarknaden. Det er ingen hyggeleg situasjon for dei som står midt oppe i jakta på ein bustad, slik som islandske Hjørdis og hennar born, som det heldigvis ordna seg for i siste liten på grunn av ein raus huseigar som heiv seg raskt rundt og leigde ut ei leilegheit før han opprinneleg hadde tenkt


At det er press på bustadmarknaden er likevel alt i alt positivt, sett frå lokalsamfunnet si side. Det betyr at mange ønskjer å bu i Eid - og at Eid er ei kommune med vekst og vekstpotensiale. Ei kommune som fallbyr tomter til ei krone, er sjeldan ei kommune i vekst. Difor trur eg at i staden for å sjå på presset i utleigemarknaden som eit problem, må vi no sjå dette som ein mulighet til få til ei skikkeleg satsing både frå kommunen og private aktørar for å framskaffe fleire og meir varierte bustadmuligheter i Eid. Det gjeld spesielt på leigemarknaden, og her har Eid kommune høve til å handle raskt.

Den aktuelle tomta i kommunalt eige ligg i tilknytning til det nye bustadfeltet Golvsengane i Nordfjordeid sentrum (for lokalkjende: Område B23 på plankartet under).



Tomta er ferdig regulert til «bustadformål med høg utnyttingsgrad». All infrastruktur ligg også til rette for å starte rask utbygging av leilegheiter på tomta. Det er også ei anna kommunalt eigd tomt i same område på ca 4 mål som kan nyttast til bygging av leilegheiter.

For å kome i gang med bygging her, må vi først få opp ei politisk sak rett over sommaren om korleis tomta skal nyttast, og avklare om utbygging skal skje i kommunal regi eller i privat regi. Uansett modell, meiner eg det er viktig at vi blinkar ut den aktuelle tomta til rask utbygging av rimelege utleigeleilegheiter og gjennomgangsbustader. Kanskje bør det også vere innslag av sosial bustadbygging for spesielt utsette grupper. Denne type bustader er det også stor mangel på i kommunen vår.

Når desse avklaringane er gjort, kan byggjeprosessen setjast i gang, og det bør vere mulig å ha bustadene klare i løpet av 2013.

I tillegg til tomtearealet på til saman ca 10 mål på Golvsengane i kommunalt eige, finst det ei rekkje andre privat eigde område i Nordfjordeid sentrum og elles i Eid som er ferdig regulert for utbygging av leilegheiter og/eller andre typer bustader. Eg vil oppmode alle som sit på ferdig regulerte tomter og alle potensielle utbyggjarar til å nytte høvet vi no har til å få fart på bustadbygginga i Eid. Vi veit at behovet er stort, både på den private marknaden og frå kommunen si side når det gjeld fleire bustader for sosiale formål, flyktningar med vidare. Ein kan utan problem bygge ut minst 100 bueiningar for utleige i Eid dei neste 2-3 åra. I tillegg kjem behovet for hus og leilegheiter til dei som ønskjer å kjøpe eigen bustad. Ei oversikt over tilgjengelege bustadtomter rundt om i alle deler av kommunen finst her, men i tillegg finst det mange andre område, ikkje minst i Eid sentrum, som er regulerte til "småskala" bustadutbygging utan at dei enno er ute på marknaden.

Rett over sommaren vil Eid kommune invitere til eit rådslag med aktuelle tomteeigarar, utbyggjarar og finansielle aktørar for å gå heilt konkret til verks på kva som må til for å utløyse endå meir bustadbyggjing i Eid. Det vil også bli laga ein eigen bustadsosial handlingsplan for Eid i løpet andre halvår 2012, i samarbeid med Husbanken.

Eg vil samtidig nytte høvet til å oppmode alle som sit på «tome» hus og leilegheiter i Eid om å få desse ut på utleigemarknaden raskast råd. Sett frå lokalsamfunnet si side er det ikkje bra at hus og potensielle leilegheiter rundt om i kommunen står tome store deler av året, samtidig som mange er på bustadjakt fordi dei ynskje å bu i kommunen på heiltid. 

Kanskje kan nokre av desse husa frigjerast til fast busetnad, medan ferie- og fritidsbehovet minst like godt kan dekkast gjennom å skaffe seg ei hytte eller fritidsbustad i staden for eit ordinært bustadhus? Dette må sjølvsagt vere opp til den enkelte huseigar, men eg vil utfordre alle som sit på hus som står tome størstedelen av året til å tenkje gjennom denne problemstillinga. Vi har flotte hyttefelt i kommunen, og vi må frå kommunen si side kunne vere rause og romslege med dei som ynskjer å bygge seg ein mindre fritidsbustad på eigen grunn for å kunne frigjere ordinære bustadhus til heilårsbruk.

Så har eg også forståing for at ein del huseigarar er usikre på korleis ein best går fram for å leige ut huset eller leilegheita, og ikkje pådrar seg eit "leigeproblem" som ein vil ha mykje bry og arbeid med. Det beste rådet eg då kan gi, er å bruke standard, velprøvde kontrakter som er juridisk haldbare. Sjekk f eks ypperlege tips på Forbrukarrådet sine sider om utleige av bustad.

Ein aktiv bustadpolitikk er avgjerande for framtidig vekst og utvikling. Det er ein privilegert situasjon å vere ei kommune mange ønskjer å bu i, også mange som pendlar til og frå jobb i kommunene rundt oss. Då må vi no legge oss i selen for å få fart på bustadutbygginga, spesielt på utleigemarknaden. Eid kommune kan gå føre med å sørge for å bygd ut leilegheiter på eigna tomter vi har i hende - men vidare framover må vi løfte i flokk, med privat initiativ og kapital med på laget. Slik skaper vi vekst - og få ting skaper større ringverknader enn investeringar i bustadbygging.

mandag 2. juli 2012

Vekeplan veke 27-28


Sist veke vart som vanleg betydeleg meir hektisk enn planlagt, der ikkje minst behovet for ein meir offensiv bustadpolitikk i Eid vart sett ettertrykkeleg på dagsorden. Også denne veka vil det gå for fullt for min del. Har i dag vore på eit inspirerande og kjekt besøk hos ei av Eid sine mest tradisjonsrike bedrifter: Espe Trevarefabrikk/Nordfjordkjøkkenet. Dei er av dei få møbelbedriftene i Noreg som enno lagar "skreddarsydde" kjøken frå grunnen av - og har dei siste åra gjort store investeringar i moderne maskinpark/automatisering og satsa på ny design. Dei har ca 15 tilsette, omsette i fjor for ca 15 mill kr og fekk eit pent overskot. Ei bedrift for framtida i den sterke "møbelklynga" i Nordfjord, som vi skal prøve og hjelpe endå lenger opp og fram!

Vi fekk også plutseleg ei anna gladmelding tikkande inn til rådhuset i dag: Forskingsrådet har løyvd drøyt 600.000 kroner til utbygging av breiband til grendene Midthjell, Lefdal og Vollset i Eid. Dermed får vi gitt eit skikkeleg breibandstilbod til ytterlegare 35 husstandar i Eid, slik at vi no er oppe i 99,5% breibandsdekning. 

Tek med neste veke i same slengen. Den ser slik det ser ut no til å gi ein lenge etterlengta sjanse til å ta att alt som har hopa seg opp av rutinearbeid... Deretter, i veke 29, brakar det laust for fullt med Malakoff-festivalen og ope ordførarkontor i Eidsgata. Etter det - i veke 30-32 - tek eg tre veker ferie.

Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail eller sms. Denne veka er eg lettast å treffe på kontoret fredag - neste veke skal vi få det til dei fleste dagar. Kontaktinformasjon finn du her.

Måndag 2. juli
Tysdag/onsdag 3.-4. juli
Møte med Kjølsdalen Krins Utviklingslag om privatskule
Befaring på aktuelle område for ny bustadbygging
Overrekke Malakoff-pass til utleigar som skaffa stad å bu til islandsk familie på kort varsel
Møte med bebuarar i Eidsgata/Tverrgata

Torsdag 5. juli
Førdekonferansen om kulturlivet sitt tilhøve til publikum. Opningsarrangement Førdefestivalen

Fredag 6. juli
Til disposisjon

Kveld: Generalprøve "Kong Audbjørn"

Laurdag 7. juli
Premiere "Kong Audbjørn" i Eidsgata

Måndag-fredag 9.-13. juli
På kontoret. Bedriftsbesøk og interne møte. Opningsarrangement Norsk Countryfestival 12/7.

Ha ei fin veke!