mandag 16. juli 2012

Sjå, men ikkje røre

KINKIG SITUASJON: Men når vi først har fire likestilte rekneartar i landet, må idealet vere at einkvar må lære å rekne godt på dei rekneartane som hos dei er fletta saman med tanken - og forstå dei som reknar på dei andre måtane. Bilete frå Wikipedia. Dato ukjent, men truleg ca 300 f Kr. 

OBS! Denne teksten er lett inspirert av Dagbladet sin film- og teaterjournalist Inger Merete Hobbelstad sin kommentarartikkel "Hver med sitt nebb", publisert på Dagbladet sine nettsider 16. juni. Det vil vere ein fordel å lese gjennom Hobbelstad sin tekst før ein les vidare nedover denne sida.

La elevane sjå og lese divisjons-reknestykke, men la dei sleppe å rekne og kutt ut karaktersetjinga. Kanskje kan det skape større entusiasme og mindre forakt for divisjon som rekneart.

Igjen blussar det opp: Kampen om kor mye divisjonsundervising norske skuleelevar skal ha og om deira kunnskap i divisjon skal bli gjenstand for karaktersetjing. Enkelte politiske parti vil gjere divisjon valfritt, noko som i praksis vil avskaffe divisjon fleire mange stader (sic) i landet.

Det er særleg for dei som er glad i å addere, subtrahere og multiplisere dagens ordning er kløeframkallande. Dei blir i dag tvinga til å gjennomføre matematiske resonnement i ein rekneart dei ikkje meistrar og dei færraste treng å meistre på et høgt nivå — samtidig som dei andre rekneformene er pressa i eit oppsvulma og eklektisk matematikkfag. Det ville ha vore betre brukt tid å gjere elevane til meir sofistikerte brukarar av dei rekneartane dei primært skal rekne på. Divisjon som rekneart bør kuttast frå karaktersetjing.

Frykta til divisjons-folket vitnar dessutan om underleg låg sjølvtillit på vegne av reknearten dei kjempar for. Då krefter tidlegare i vår foreslo å skjere ned på divisjonsundervisinga, sa deira talsmann at staten «tok divisjonskunnskapane frå folk» og antyda at nedskjering i divisjonsundervisinga kunne legge deling som rekneart på dødsleiet.

Det er vanskeleg å førestille seg at det å la ungdom som ikkje driv med divisjon i det daglege sleppe å få sett karakter på sine kunnskapar i emnet, vil vere dødsstøtet til ein vital rekneart som har vore avgjerande for nokre av dei finaste matematiske prov og vitskaplege gjennombrot i historia. Divisjon har vore og vil halde fram med å vere den føretrekte reknearten til markante matematikarar og vitskapsmenn i andre fag. Divisjon er eit knudrete tre med djupe røter og lauvsprettande greiner.

Difor er det grunt og kortsiktig når enkelte politiske parti vil overlate spørsmålet om landet sin fjerde offisielle rekneart er verd å lære seg til livsuerfarne tenåringar. Det bør undervisast i divisjon. Elevane bør få eit grunnlag som dei kan bruke og byggje vidare på dersom dei får ein jobb der dei må meistre alle fire rekneartar. Men først og fremst bør det undervisast i divisjon for at terskelen mellom ulike fag og disiplinar skal haldast låg, for at heile den vitskaplege verda skal vere tilgjengeleg og open for alle.

Det bør imidlertid leggast mindre vekt på produksjon av reknestykke og likningar i ein rekneart som ikkje flyt for elevane, og meir på å lese og drøfte reknestykke av dei som dividerer vakkert og elegant, som har eit avansert og intuitivt forhold til reknearten sin og uanstrengt finn musikken i han — Euklid, Pythagoras, Fibonacci, Abel og dei andre. Det kan fostre tiltru og kanskje til og med kjærleik til divisjonskunsten hos ikkje-brukarane, i staden for forakten og frustrasjonen som finst i dag.

På same måte ville det vere ønskjeleg om det kunne leggast betre til rette for at dei som vil dividere, kan halde fram med å gjere det gjennom yrkeslivet. Folk tåler truleg å sjå fleire likningar med divisjon.

Om ein skal formulere eit ideal for ei verd som no eingong er i den situasjonen at ho har fire likestilte rekneartar, må det vere at den enkelte kan halde fram å tenkje og resonnere i same rekneart som dei brukte då dei skreiv sine første talsamanstillingar og reknestykke, altså på den reknearten som er fletta saman med tanken — og lese andre som gjer det same på dei andre rekneartane med hjartevarme og forståing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar