torsdag 12. juli 2012

Bedrifts-boom i Eid


Så langt i 2012 er det registrert 22 nye føretak i Eid kommune, i følgje ferske tal frå Brønnøysundregistra. Det er fleire nye bedrifter enn for heile året samla i 2010 og 2011!

Mange nye bedriftsetableringar er eit teikn på optimisme og framtidstru. Sett i samanheng med vekst og gode resultat i mange av dei eksisterande bedriftene på Eid, tung satsing på entrepenørskap i skulen og mange grunderar som har deltek på etablerarkurs våren 2012, lovar dette svært godt for framtida.

Så langt i 2012 er det registrert 22 nye føretak i Eid i dei offisielle registra i Brønnøysund, mot høvesvis 6 og 8 nye føretak i same periode i 2010 og 2011. Sidan år 2000 er det berre i eitt år (2006) det har vore høgare "nyskapingstakt" i næringslivet i Eid enn så langt i 2012.

La meg ile til og seie at eg sjølvsagt er klar over at det har vore auke i talet på registrerte bedrifter over heile landet i 2012 som følgje av reduserte krav til eigenkapital for aksjeselskap. Veksten i Eid er likevel langt sterkare enn dette. Eid ligg no faktisk over fylkessnittet i Sogn og Fjordane i "nyskapingstakt" for nye bedrifter. Det er svært positivt og litt oppsiktsvekkjande, sidan vi tradisjonelt er ein kommune med relativt mange offentlege arbeidsplassar. Auken i nyregistrerte bedrifter samsvarar også godt med andre utviklingstrekk vi for tida opplever i Eid, som vekst i folketal og sterkt press på bustadmarknaden i kommunen.

Det er ekstra gledele gå å sjå at veksten i nye bedrifter kjem samtidig som dei eksisterande, større bedriftene i kommunen gjer det skarpt og investerer i framtida. Bedrifter som Norgesvinduet Bjørlo, Eid Elektro, YIT, Normatic og Nordplan er leiande i sine bransjer. Mange store nye anleggsprosjekt i regionen i åra framover, mellom anna den nye 420-kV-linja og nye vegprosjekt, gir grunnlag for vekst i entrepenørnæringa og andre følgjenæringar.

Det er også på gang store nye satsingar i handelsnæringa i kommunen, mellom anna i samarbeid mellom Moengården og Coop Vest, og det er stor knoppskyting i det kultur- og opplevingsbaserte næringslivet. Innanfor kulturnæringane har Eid med støtte frå KRD har oppretta eit eige selskap, VAKN, for å utvikle ein nasjonal modell for kulturbasert næringsutvikling bygd på røynslene frå Opera Nordfjord, Malakoff m m.

Nordfjord er samla sett ein svært sterk næringslivsregion. Utfordringa framover blir å byggje endå sterkare regionale nettverk i næringslivet med større slagkraft. Tilsetjinga av dagleg leiar i det nye felles næringsselskapet for Eid/Vågsøy/Selje, Nordfjord Vekst, gjer det no mulig å setje fart i dette arbeidet for alvor.

Truleg er den største hindringa for å ta ut vekstpotensialet vårt no rett og slett mangel på folk! Mange bedrifter eg snakkar med peiker på rekruttering som ei kjempestor utfordring. Her må vi tenkje nytt og meir offensivt i tida framover. Fleire folk skaper meir vekst!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar