torsdag 19. juli 2012

Malakoff: Klar for takeoff!


Foto: Malakoff/Tommy Bredesen

I dag opnar Malakoff-festivalen - sommarens beste rockeeventyr på verdas vakraste stad. Vi gjer oss klar for ei festhelg utan like på Eid - og inviterer alle med oss! 

Veirgudane har allereie meldt seg på vinnarlaget: Det blir tradisjonen tru sol under Malakoff!

Malakoff-festivalen blir i år arrangert for tiande år på rad. Frå oppstarten i det små i 2003 med ca 650 besøkande og hovudsakleg lokale band, har festivalen vokse til å bli ein stor (over 15.000 besøkande og 4.000 buande i festivalcampen) og i særklasse kvalitetsmessig sterk rockefestival med regionalt og nasjonalt nedslagsfelt.  To gonger er Malakoff kåra til årets rockfestival av Norges Rockforbund. I år er Malakoff kåra av Pyro på NRK P3 til ein av sommarens tre beste festivalar for rock i Noreg - saman med Slottsfjellet og Hovefestivalen.

i år er artist-rekkje sterkare enn nokon sinne: Turboneger, Seigmen, Mesuggah (S), Lars Winnerbäck (S), Rival Sons (USA), The Jayhawks (USA), Gallows (UK), Den Svenska Bjørnstammen (S), Dum Dum Boys, deLillos og mange, mange fleire. Sjekk heile artistlista på Malakoff si nettside.

Malakoff er ein rockefestival heile Eidasamfunnet er stolte av. Festivalen er eit fantastisk døme på kva som går an å få til når eldsjeler og bygdemiljø spelar saman og gjer kvarandre gode. Malkoff er også ein festival på tvers av generasjonane. Malakoff er eit godt prov på at ein musikkfestival ikkje å vere enten ein familiefestival, ein "gamlisfestival" eller ein ungdomsfestival: Malakoff klarer å vere alt i løpet av helga det står på  - og la kvar del forsterke dei andre. Det er konsertar frå kl 13 om dagen til 03 om natta, eit unikt festivalområde, camp-område med overnatting for 4.000 personar og ikkje minst: Ein fantastisk gjeng av eldsjeler og dugnadsarbeidarar frå 14 til 84 år sørger for at Malkoff er mulig.

Eg vil rette ein spesiell takk til den dugnadsgjengen på over 550 frivillige som stiller opp nær sagt døgnet rundt dagane før og under Malakoff. Grovt sagt blir det i løpet av festivalveka lagt ned ca 7.500 dugnadstimar - fire heile årsverk - for å få festivalen i stand. Det er folk i alle aldrar og frå alle "lag" av Eidasamfunnet - i år også med dugnadsbidrag frå idrettslag i våre nabokommuner. Utan denne enorme dugnadsinnsatsen hadde Malakoff ikkje vore det det er. Tusen takk til alle som står på for å gjere Malakoff til årets høgdepunkt for små og store gjester frå fjern og nær!

Malakoff har også store ringverknader for Eid og Nordfjord. På fleire plan. Malakoff er, saman med Opera Nordfjord, omdømmebyggar nr 1 for Eid. Vi er alle stolte av og gler oss til Malakoff. Det er eit årleg samlingspunkt for alle noverande, tidlegare og kanskje framtidige eidarar og nordfjordingar - og deira vener og familie. Kanskje kan vi snakke om ungdom som har vakse opp på Eid dei siste ti åra som "Malakoff-generasjonen": Dei er stolte av Eid, snakkar med entusiasme om heimbygda si når dei reiser ut i verda etter vidaregåande skule, kjem heim og tar med seg venner hit på somrane i ein heilt annan skala enn det som har vore vanleg tidlegare. Og ikkje minst: Mange vel også å flytte tilbake hit og slå seg ned - dagens folketalsvekst og press på bustadmarknaden i Eid er tydelege teikn på det.

Malakoff har også meir handfaste ringverknader, og set sitt preg på Eid heile året, ikkje berre i festivalhelga. Den nye rockescena Gymmen er eit direkte resultat av Malakoff. Eit levande musikkmiljø med stadig fleire som lever av kultur og opplevingsnæringar. Den nye rockeskulen for ungdom som blir starta opp til hausten og mykje anna. I tillegg: Malakoff gir pengar i kassa til lokalt næringsliv og organisasjonsliv som er med å halde hjula i gang året rundt. I fjor omsette lokalt næringsliv for minst 20 mill kr ekstra berre i festivalveka. Det monnar for mange små butikkar og bedrifter!

Men no nok ordførarprat. Ein rockefestival handlar ikkje først og fremst om ringverknader og omdømme. Malakoff handlar mest av alt om fantastisk musikk. Eg gler meg som ein unge til helgas konsertar. Til gamle personlege heltar som deLillos og The Jayhawks. Til "konsertmonster" som Dumdum Boys, Seigmen og Turboneger. Til skandinavias største rockestjerne pr dato: Lars Winnerback. Til stjerneskot på veg opp som amerikanske Rival Sons og svenske Royal Republic , og ein haug nye band og artistar i alle sjangrar innanfor rockens utømelege skattkiste.

Eg skal sjølv ha ei frivilligvakt på festivalområdet i morgon ettermiddag, og ta imot ein del inviterte gjester laurdag. Men kl 1815 laurdag er eg ferdig med mine offisielle plikter for dagen. Då skal eg stå i sola med noko godt i glaset - og sjå Mark Olson, Gary Louris og resten av legendariske The Jayhawks gå på scena og dra i gang Blue på den største festivalscena på Malakoff på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid i mi eiga heimbygd. Eg får frysningar nedover ryggen berre ved å tenkje på det. 

Og endå meir ved å vite at 7-8.000 andre, kanskje fleire, akkurat samtidig lever det gode festivalliv på Nordfjordeid og får minner for livet.

God helg, og er du enno i tvil: Velkomen til Eid og Malakoff 2012!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar