torsdag 5. juli 2012

Klart for fleire utleige-bustader i Eid


For å møte den sterke etterspurnaden etter utleigeleilegheiter i Eid, vil eg ved første høve etter sommaren få meldt opp ei sak til politisk handsaming om utbygging av rimelege utleigeleigheiter på på ei kommunalt eigd, 6,5 mål stor tomt på Golvsengane i Nordfjordeid sentrum.

Det er for tida høg temperatur på bustadmarknaden i Eid, ikkje minst på utleigemarknaden. Det er ingen hyggeleg situasjon for dei som står midt oppe i jakta på ein bustad, slik som islandske Hjørdis og hennar born, som det heldigvis ordna seg for i siste liten på grunn av ein raus huseigar som heiv seg raskt rundt og leigde ut ei leilegheit før han opprinneleg hadde tenkt


At det er press på bustadmarknaden er likevel alt i alt positivt, sett frå lokalsamfunnet si side. Det betyr at mange ønskjer å bu i Eid - og at Eid er ei kommune med vekst og vekstpotensiale. Ei kommune som fallbyr tomter til ei krone, er sjeldan ei kommune i vekst. Difor trur eg at i staden for å sjå på presset i utleigemarknaden som eit problem, må vi no sjå dette som ein mulighet til få til ei skikkeleg satsing både frå kommunen og private aktørar for å framskaffe fleire og meir varierte bustadmuligheter i Eid. Det gjeld spesielt på leigemarknaden, og her har Eid kommune høve til å handle raskt.

Den aktuelle tomta i kommunalt eige ligg i tilknytning til det nye bustadfeltet Golvsengane i Nordfjordeid sentrum (for lokalkjende: Område B23 på plankartet under).



Tomta er ferdig regulert til «bustadformål med høg utnyttingsgrad». All infrastruktur ligg også til rette for å starte rask utbygging av leilegheiter på tomta. Det er også ei anna kommunalt eigd tomt i same område på ca 4 mål som kan nyttast til bygging av leilegheiter.

For å kome i gang med bygging her, må vi først få opp ei politisk sak rett over sommaren om korleis tomta skal nyttast, og avklare om utbygging skal skje i kommunal regi eller i privat regi. Uansett modell, meiner eg det er viktig at vi blinkar ut den aktuelle tomta til rask utbygging av rimelege utleigeleilegheiter og gjennomgangsbustader. Kanskje bør det også vere innslag av sosial bustadbygging for spesielt utsette grupper. Denne type bustader er det også stor mangel på i kommunen vår.

Når desse avklaringane er gjort, kan byggjeprosessen setjast i gang, og det bør vere mulig å ha bustadene klare i løpet av 2013.

I tillegg til tomtearealet på til saman ca 10 mål på Golvsengane i kommunalt eige, finst det ei rekkje andre privat eigde område i Nordfjordeid sentrum og elles i Eid som er ferdig regulert for utbygging av leilegheiter og/eller andre typer bustader. Eg vil oppmode alle som sit på ferdig regulerte tomter og alle potensielle utbyggjarar til å nytte høvet vi no har til å få fart på bustadbygginga i Eid. Vi veit at behovet er stort, både på den private marknaden og frå kommunen si side når det gjeld fleire bustader for sosiale formål, flyktningar med vidare. Ein kan utan problem bygge ut minst 100 bueiningar for utleige i Eid dei neste 2-3 åra. I tillegg kjem behovet for hus og leilegheiter til dei som ønskjer å kjøpe eigen bustad. Ei oversikt over tilgjengelege bustadtomter rundt om i alle deler av kommunen finst her, men i tillegg finst det mange andre område, ikkje minst i Eid sentrum, som er regulerte til "småskala" bustadutbygging utan at dei enno er ute på marknaden.

Rett over sommaren vil Eid kommune invitere til eit rådslag med aktuelle tomteeigarar, utbyggjarar og finansielle aktørar for å gå heilt konkret til verks på kva som må til for å utløyse endå meir bustadbyggjing i Eid. Det vil også bli laga ein eigen bustadsosial handlingsplan for Eid i løpet andre halvår 2012, i samarbeid med Husbanken.

Eg vil samtidig nytte høvet til å oppmode alle som sit på «tome» hus og leilegheiter i Eid om å få desse ut på utleigemarknaden raskast råd. Sett frå lokalsamfunnet si side er det ikkje bra at hus og potensielle leilegheiter rundt om i kommunen står tome store deler av året, samtidig som mange er på bustadjakt fordi dei ynskje å bu i kommunen på heiltid. 

Kanskje kan nokre av desse husa frigjerast til fast busetnad, medan ferie- og fritidsbehovet minst like godt kan dekkast gjennom å skaffe seg ei hytte eller fritidsbustad i staden for eit ordinært bustadhus? Dette må sjølvsagt vere opp til den enkelte huseigar, men eg vil utfordre alle som sit på hus som står tome størstedelen av året til å tenkje gjennom denne problemstillinga. Vi har flotte hyttefelt i kommunen, og vi må frå kommunen si side kunne vere rause og romslege med dei som ynskjer å bygge seg ein mindre fritidsbustad på eigen grunn for å kunne frigjere ordinære bustadhus til heilårsbruk.

Så har eg også forståing for at ein del huseigarar er usikre på korleis ein best går fram for å leige ut huset eller leilegheita, og ikkje pådrar seg eit "leigeproblem" som ein vil ha mykje bry og arbeid med. Det beste rådet eg då kan gi, er å bruke standard, velprøvde kontrakter som er juridisk haldbare. Sjekk f eks ypperlege tips på Forbrukarrådet sine sider om utleige av bustad.

Ein aktiv bustadpolitikk er avgjerande for framtidig vekst og utvikling. Det er ein privilegert situasjon å vere ei kommune mange ønskjer å bu i, også mange som pendlar til og frå jobb i kommunene rundt oss. Då må vi no legge oss i selen for å få fart på bustadutbygginga, spesielt på utleigemarknaden. Eid kommune kan gå føre med å sørge for å bygd ut leilegheiter på eigna tomter vi har i hende - men vidare framover må vi løfte i flokk, med privat initiativ og kapital med på laget. Slik skaper vi vekst - og få ting skaper større ringverknader enn investeringar i bustadbygging.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar