mandag 30. april 2012
Venstre vil ha et fritt og sterkt kulturliv
søndag 29. april 2012
Vekeplan veke 18
fredag 27. april 2012
Wordfeud på nynorsk!
Eid er ei nynorskkommune. For dei fleste i Eid er nynorsk vårt daglege "bruksspråk". Skal det halde fram å vere slik også i framtida, må born og unge få sjanse til å møte nynorsk i kvardagen. Ikkje berre i skuletimane, men også i leik og fritid. Og ikkje minst i vår nye digitale kvardag.
I går sende difor leiar og nestleiar i nyskipa Eid Målungdom og ordføraren i Eid eit felles brev til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK), Noregs Mållag og Noregs Målungdom. Der ba vi dei gjere eit samla framstøt for snarast råd å få på marknaden ein nynorsk versjon av Wordfeud (for uinvidde: Scrabble for smarttelefonar og nettbrett).
Heile brevet kan du lese her:
Nordfjordeid, 27. april 2012
Også påtroppande leiar i Noregs Målungdom Vebjørn Stuve, som allereie er sterkt engasjert i saka, har svart oss at han synst dette er eit glimrande initiativ frå nynorskkommunen Eid.
søndag 22. april 2012
Vekeplan veke 17
Seminar om hest som næringsveg: Korleis gjere hesten lønsam? (kl 18)
lørdag 21. april 2012
Venstre på trygg grunn
Erling Sande (Senterpartiet), er i eit innlegg i Fjordabladet 19/4 uroa over Venstre sitt landsmøtevedtak om å arbeide for ei ny regjering etter valet i 2013.
Sande må gjerne vere uroa. Personleg er eg langt meir uroa over manglande gjennomslag for viktige felles saker for Venstre og Senterpartiet i dagens Ap-dominerte Regjering. Eg kan ikkje forstå korleis Erling Sande og Sp kan ta på seg å vere garantist for fire nye år med Ap i Regjering, når vi begge veit at Ap sit som ein bremsekloss i dei viktigaste sakene for utvikling av Sogn og Fjordane.
Venstre og Senterpartiet har felles interesser i å få ein langt meir ambisiøs klima- og energipolitikk og betre rammevilkår for små og mellomstore bedrifter, mellom anna gjennom kutt i formueskatt og arveavgift. Vi har felles interesser i å få realisert Stad Skipstunnel og få eit storstilt løft i vegutbygginga i distrikta. Både Venstre og Sp er villige til å tenke radikalt nytt om finansiering av vegutbygging og vegvedlikehald. Vi har også felles interesser i å få spredt makt ned frå staten til lokaldemokratiet, få ein helsepolitikk som tek også folk i distrikta på alvor og i å få til den utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå Oslo som har stoppa opp med den raudgrøne regjeringa.
På alle desse avgjerande politikkområda for Sogn og Fjordane er det Arbeiderpartiet som er bremseklossen. Ved valet i 2013 gir difor Venstre eit klart løfte: Vi skal medverke til å gi Ap avløysing frå regjeringskontora, og få på plass ei ny regjering som set folk først og får fart på Noreg. For oss er det dei politiske resultata som tel.
Eg håpar framleis på eit godt samarbeid med Erling Sande og Senterpartiet om ein ny politisk kurs i Noreg etter 2013. Alternativet er at Sp går til val som garantist for fire nye år med ei Ap-dominert Regjering. Akkurat det trur eg ærleg talt verken eg eller Erling Sande ynskjer.
mandag 16. april 2012
Vekeplan veke 16 - ei spesiell veke
I dag startar rettssaka mot Anders Behring Breivik etter dei ufattelege ugjerningane på Utøya og i Regjeringskvartalet. Det er det største og viktigaste rettsoppgjeret i Noreg etter krigsoppgjeret i 1945.
Tankane denne veka og i vekene som kjem vil vere hos ofra og dei pårørande etter hendingane 22. juli 2011. Ingen av oss er uberørte av det, og ingen av oss skal vere uberørte av det. Vi skal gjere våre daglege gjeremål, men ikkje ha dårleg samvit for å ha hovudet andre stader dessse vekene.
Også i vårt lokalsamfunn er det mange som har vener, familie eller andre nære som var involvert i 22. juli-tragedia på ulike måtar. Mellom anna veit vi at mange unge på Eid kjende Hanne Kristine Fridtun frå Stryn, som var eit av drapsofra på Utøya.
Eg vil oppmode alle om å stille opp for kvarandre i desse vekene, som best vi kan. Det er viktig å ha nokon å snakke med både for born, unge og vaksne i desse vekene.
Vi vil frå Eid kommune si side tilby psykososial oppfølging til dei som måtte ha særskilte behov. Informasjon vil bli lagt ut på Eid kommune sine nettsider.
Uansett: Det er ei hektisk veke som står for døra, også i det "vanlege" livet. Eg legg som vanleg her ut mitt program for veka. Viss du vil ta kontakt direkte om noko, finn du min kontaktinformasjon her.
Måndag 16. april
Presentasjon av opplegg for framtidig fødeteneste i Nordfjord
Førebuing til politiske møte i dagane som kjem i kommune og fylke
Tysdag 17. april
Fylkesting (Hermansverk)
Seminar om korleis lage gode arrangement og festivalar i regi av VAKN (tidleg kveld)
Gruppemøte i Eid Venstre (sein kveld)
Onsdag 18. april
Samling i "Den gode skuleeigar", Balestrand
Møte i Driftsutvalet og Samfunnsutviklingsutvalet i Eid
Torsdag 19. april
Næringslivsamling om samfunnsansvar på Nordfjord Hotell
Møte i Arbeidsmiljøutvalet og Formannskapet i Eid. Blant sakene som skal opp i Formannskapet er to saker om skjerping av beredskapsarbeidet etter uveiret "Dagmar", planstrategi for 2012-16, sak om vidare arbeid med brukryssing Lote-Anda og sak om leigevilkår for frivillege lag av kommunale bygg. Fullstendig sakliste ligg på Eid kommune sine nettsider.
Fredag 20. april
fredag 13. april 2012
Nordfjordeid finalist i "Norges mest attraktive stad"
Nordfjordeid er plukka ut til finalerunden i kåringa av ”Statens pris for attraktiv stad 2012”. Nordfjordeid, som er kommunesenteret i Eid, er ein av sju finalistar blant 238 nominerte norske tettstader.
- Dette er gledelege og svært inspirerande nyhende. Attraktive tettstadsmiljø er etter mitt syn heilt avgjerande for vekst og utvikling både av lokalsamfunn og større regionar. Nominasjonen er ei anerkjenning av at Nordfjordeid er ein tettstad med unike kvalitetar som skil seg ut i nasjonal målestokk, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V). Eid har i lengre tid arbeidd systematisk med tettstadsutvikling i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og bebuarane i sentrum.
Prisen er på 250.000 kroner, blir delt ut av Kommunal- og regionaldepartementet og skal framheve og fremje kommuner som har vist vilje og evne til å skape levande og attraktiv tettstader for å bu, arbeide, drive næring og besøke. Finalistane er plukka ut av ein fagjury leia av forskar Erling Dokk Holm frå Arkitekthøgskolen i Oslo.
Juryen si grunngjeving for å nominere Nordfjordeid er at Nordfjordeid er ein fysisk, velorganisert tettstad som i mange år har satsa på medviten stadutvikling på overordna og detaljert plannivå. Det blir vidare sagt at “.. i motsetning til svært mange andre tettstadar i same skala har Nordfjordeid tettleik og intimitet.”
Den sterke dugnadsånda og kultursatsinga i Eid blir også vektlagt. Juryen seier at “Eit imponerande og verkeleg sjeldant tiltak er bygging av Operahuset Nordfjord og den positive aktiviteten og ringverknadene det fører med seg av trivsel, reiseliv og anna næringsutvikling. Eldsjeler, samarbeid og dugnadsånd er ei drivkraft blant anna i Opera Nordfjord og i Malakoff Rockfestival. Som tettstad i ein kommune med knappe 6000 innbyggarar er Nordfjordeid eit eksempel på kvalitetar som vanlegvis ikkje finst i kommunar av denne storleiken.”
Prisen vil blir delt ut 21. mai. Dei sju finalistane er Asker, Seljord, Ulsteinvik, Levanger, Namsos, Bleik og Nordfjordeid.
Innlegg på Venstres landsmøte 2012
Oslo, 13. april 2012. Innlegg i generell politisk debatt på Venstres landsmøte
Eg skal fortelje dykk ein hemmelighet. Ein ganske godt bevart hemmelighet i dagens raudgrøne Noreg.
Politikk handlar ikkje om å bygge det perfekte systemet.
Politikk er ikkje så komplisert. Politikk handlar rett og slett om folk. Om å gi folk mulighetar til å leve sine gode liv – ulike liv med ulike vegval på ulike stader i landet.
Det er ei sanning som kan det få til å gå kaldt nedover ryggen på ein systemtru sosialdemokrat. Men det er faktisk det det handlar om. Om å sleppe folk til, og gi folk makt og tillit til å ta styring over eigne liv, over eigne lokalsamfunn, over eiga framtid.
Eg er nyvald ordførar i ein del av landet som har vore gjennom ein sår sjukehusstrid, som eg ikkje skal gå i detalj i her. Men ein ting slår meg stadig sterkare. Det som har gjort sjukehussak så vanskeleg handlar ikkje berre om kva avgjerder som er tatt, men minst like mykje om måten avgjerdene er tatt på.
Det vi opplever, er at dei viktige avgjerdene for folks liv og helse er pakka inn i eit ugjennomtrengeleg statleg byråkrati, der ansvar og makt er pulverisert og delegert så langt bort frå folkevald styring som råd. Ikkje med borgarleg ”privatisering” (som visstnok er fælt og vondt), men med sosialdemokratisk ”byråkratisering” (som ser ut til å vere heilt ok). Ja, under den raudgrøne regjeringa kan du gå i fakkeltog for sjukehuset ditt. Men du anar ikkje kven du skal gå i fakkeltog mot.
Kjære landsmøte, folk er ikkje i vegen for politikken. Politikken må vere der for folk si skuld.
Vi må stå opp for asylborna, uansett kor vondt det måtte gjere for statssekretær Pål Lønseth og hans ”perfekte lovverk”.
Vi må stå opp for grunderen som slit med skjemavelde og urimelege skatte- og arbeidstidsreglar, uansett om ho ikkje er beskytta av ein sterk fagorganisasjon som har kjøpt seg plass ved bordet der avgjerdene blir tatt.
Vi må stå opp for kunsten, kulturlivet og frivilligheten sin eigenverdi. Venstre må aldri – aldri – stille krav om at kunst og kultur må ”bygge opp under politiske mål” for å bli verdsett og finansiert.
Og ikkje minst: Vi må stå opp for ein miljø- og klimapolitikk der Noreg går i front og dreg. Norsk klimapolitikk er for meg skrekkeksempelet på kva som skjer når Arbeiderpartiet får rå fritt. Då skjer det mest skumle av alt: Ingenting.
Kjære landsmøte, det er heilt uakseptabelt at ein global klimakvotemarknad blir brukt som unnskyldning for at ikkje Noreg på eigen kjøl skal gjennomføre klimatiltak som monnar.
Ærleg talt: Eg vil ikkje vente med å bygge ei vindmølle i hagen til Jens Stoltenberg har rekna ut at det løner seg på ein global kvotemarknad. Vi kan bli best på fornybar energi. Vi kan bli verdsleiande på miljøteknologi og miljøvennlig grøn industri. Men då må vi ville det. Ikkje leite etter unnskyldningar for å vente.
Mitt tålmod med raudgrøn maktesløyse er oppbrukt. Det er vår tur no. Venstre må vere klar til å ta makt i 2013. Klare til å ta ansvar for å flytte Noreg framover og makta nedover, og til å setje folk først. Godt landsmøte!
tirsdag 10. april 2012
Ny nestleiar i Venstre
Venstre er inne i ei spennande tid. Vi har ni år bak oss med samanhengande medlemsvekst. Vi har gjennomført ein offensiv og entusiastisk valkamp i 2011 som ga oss det beste valresultatet på førti år. Vi har eit viktig arbeid føre oss fram mot valet i 2013. Og ikkje minst: Vi har gode kandidatar til nestleiarvervet som skal fyllast på landsmøtet i Venstre 13.-15. april. Til nestleiarvervet treng vi ein energisk, dyktig og framtidsretta kandidat. Difor vil vi støtte Guri Melby som ny nestleiar i Venstre.
Guri er 31 år gamal og har lang røynsle som tillits- og folkevald for Venstre. Ho vart kommunestyrerepresentant i heimkommunen Orkdal som 18-åring, og fullførte to kommunestyreperiodar der før ho vart valt inn i bystyret i Trondheim. Ho var stortingskandidat for Sør-Trøndelag Venstre i 2009 og har møtt i landsstyret sidan 2006. I dag er ho sentralstyremedlem og leiar av Venstre sin stortingsvalprogramkomité.
Guri er allereie i ferd med å bli ein av Venstre sine leiande rikspolitikarar, både internt i partiet og i media. Gjennom debattar, kronikkar og TV-opptredenar har ho synt at ho handterer eit stort spenn av saker - frå pelsdyr til livssynspolitikk, frå born på norske asylmottak til Statoils si etisk tvilsame verksemd i Canada. Samtidig er det innanfor utdanningsfeltet ho har si faglege ballast, med bakgrunn som lektor i vidaregående skule og høgskulelektor ved lærarutdanninga på Høgskolen i Sør-Trøndelag.
Guri er kunnskapsrik, reflektert og slagkraftig. Ho er ein ung, men røynd politikar som står trygt midt i Venstre sin politiske tradisjon. Hennar unge alder, vinnande vesen og breie kompetanse gjer henne til ein utmerka representant for dei unge aldersgruppene der Venstre har høgast oppslutnad. Guri er både stø kurs og eit frisk pust. Vi trur ho er den beste nestleiaren vi kan få. Difor er ho vår kandidat til nestleiarvervet i Venstre.
Signert (i alfabetisk rekkefølgje):
Julie Andersland, gruppeleder for Venstre i Bergen bystyre
Hans Antonsen, ordfører i Grimstad og sentralstyremedlem i Venstre
Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og landsstyremedlem i Venstre
Per Elling Braseth-Ellingsen, fylkesleder i Østfold Venstre
Jonas Stein Eilertsen, byråd for næring, kultur og idrett i Tromsø
Maria Serafia Fjellstad, bystyrerepresentant i Harstad
Karin Synnøve Frøyd, nestleder av hovedutvalg for utdanning i Vestfold fylkesting
Eva Kvelland, bystyrerepresentant i Kristiansand og landsstyremedlem i Venstre
Hedvig Johanne Nysæter, medlem i Telemark Venstre
Espen Ophaug, bystyrerepresentant i Oslo
Abid Q. Raja, vararepresentant til Stortinget fra Akershus
Sanna Sarromaa, bystyrerepresentant i Lillehammer
Andreas Skjæret, nestleder i Unge Venstre
Ina Roll Spinnangr, bystyrerepresentant i Trondheim
Trond Åm, fylkesleder i Sør-Trøndelag Venstre