fredag 27. april 2012

Wordfeud på nynorsk!

Eid er ei nynorskkommune. For dei fleste i Eid er nynorsk vårt daglege "bruksspråk". Skal det halde fram å vere slik også i framtida, må born og unge få sjanse til å møte nynorsk i kvardagen. Ikkje berre i skuletimane, men også i leik og fritid. Og ikkje minst i vår nye digitale kvardag. 



I går sende difor leiar og nestleiar i nyskipa Eid Målungdom og ordføraren i Eid eit felles brev til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK), Noregs Mållag og Noregs Målungdom. Der ba vi dei gjere eit samla framstøt for snarast råd å få på marknaden ein nynorsk versjon av Wordfeud (for uinvidde: Scrabble for smarttelefonar og nettbrett).


Heile brevet kan du lese her:


Nordfjordeid, 27. april 2012



Wordfeud på nynorsk no!

Eid kommune og Eid Målungdom vil be Landslaget for Nynorskkommunar (LNK) ta initiativ til å få på plass ei nynorsk utgåve av spelet Wordfeud så snart råd er.

Wordfeud er eit ordspel a la Scrabble for smarttelefonar. Spelet har det siste året blitt enormt populært i Noreg og er no lasta ned av nær 1 million nordmenn. For mange, særleg born og unge, er Wordfeud eit effektivt og kjekt verktøy å bli betre i språk, ordforråd og rettskriving. 
                                                                                                                                                    
Enno finst ikkje Wordfeud i nynorskversjon. Det gjer at tusenvis av nynorskbrukande born og unge ikkje får bruke eige språk i sin språkleik på nettet. Samtidig vil ein nynorsk versjon av Wordfeud gi born og unge med bokmål som hovudmål ein ny mulighet til å trene seg i å skrive nynorsk. Det ville for mange vere ei kjærkomen avveksling frå den tradisjonelle norskundervisninga på skulen.

Vi trur ein nynorsk versjon av Wordfeud raskt kan bli eit godt hjelpemiddel i norskopplæringa i grunnskulen, uansett om elevane har nynorsk som hovudmål eller sidemål. Det er ein viktig grunn til at vi meiner Landslaget for Nynorskkommunar bør engasjere seg for å få Wordfeud på nynorsk.

Wordfeud er utvikla og eigd av ein norsk programvareutviklar. LNK bør, gjerne saman med Noregs Mållag og Noregs Målungdom, kontakte dei som står bak spelet for å finne ut kva som skal til for å få Wordfeud på nynorsk. Etter det vi er kjent med, vil det i løpet av få månader vere klar ei oppdatert utgåve av Norsk Ordbank for nynorsk. Det er viktig at skaparane av Wordfeud får rask og gratis tilgang til denne nye ordbanken, slik at det kan legge grunnlaget for den nynorske utgåva av spelet.

Vi håpar de ser positivt på brevet vårt, og vil følgje saka opp. Vi brenn for nynorsk som kvardagsspråk! Dess meir barn og ungdom får sjanse til å møte nynorsk i kvardagen, dess lysare ser det ut for nynorsken si framtid. Difor vil ei nynorsk utgåve av Wordfeud vere eit stort steg framover for nynorsken.

Nora Martine Hjelle Strand         Ingrid Skrede                      Alfred Bjørlo

Leiar Eid Målungdom                      Nestleiar Eid Målungdom   Ordførar Eid kommune

Ekstra kjekt er det at vi nesten umiddelbart fekk følgande svar frå dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK: "Tusen takk for godt innspel i ei viktig sak. Me tek utfordringa!" 

Også påtroppande leiar i Noregs Målungdom Vebjørn Stuve, som allereie er sterkt engasjert i saka, har svart oss at han synst dette er eit glimrande initiativ frå nynorskkommunen Eid. 

Vi ventar i spenning på vegen vidare! I mellomtida får vi ha det kjekt med Wordfeud på bokmål... Helsing Alfredjens




1 kommentar: