søndag 1. april 2012

Opningstale separatutstilling av Øyvind Botn




Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid, søndag 1. april 2012

Det er ei glede – og ære – å få lov å opne ei utstilling i Gamlebanken med ein kunstnar frå vår eigen kommune som har sett så sterke spor etter seg som Øyvind Botn.

Neste år er det 60 - seksti - år sidan Øyvind Botn frå Eid og Stårheim d

ebuterte på Vestlandsutstillinga i Bergen. Der har du etter debuten i 1953 delteke over 20 gonger. Du har opp gjennom di karriere halde ei mengd separtatutstillingar, og vore representert på den tradisjonsrike Statens Høstutstilling og mange andre store kunstutstillingar i inn- og utland.

Kunsten din er kjøpt inn av mellom anna Riksgalleriet, Samtidsmuseet i Oslo, Norsk Kulturråd, Universitet i Oslo. I mange offentlege bygningar i vårt eige fylke heng din kunst på veggane. Du har eit kunstnerisk uttrykk som er særprega, og som eg vil våge å kalle tidlaust. Det vitnar dagens utstilling, med måleri du har laga dei siste 4-5 åra, i høgste grad om.

Noko som imponerer meg spesielt er at du som biletkunstnar er autodidakt, altså sjølvlært. Det er verd å stoppe opp litt ved det at du – ein sjølvlært ung kunstnar frå bygda i Nordfjord - tilbake i 1953 ”slapp til” på den allereie då tradisjonsrike Vestlandsutstillingen i regi av Bergen Kunstforening. Det var i ei tid der respekten for autoritetar og formell utdanning, og skiljet mellom by og land, var langt større enn i dag.

Det at du likevel vart akseptert i ”det gode selskap” fortel sjølvsagt om eit unikt talent. Men det fortel også noko om vilje og ureddhet. Å velje eit liv som kunstnar, det trur eg krev ikkje berre eit spesielt talent, men også ei heilt spesiell vilje til å kaste seg inn i det ukjente. Det krev mot å bryte seg ut dei rammene som vanlegvis er sett for livet ditt frå familie, bygda rundt deg og omgjevnadene elles.

Eg har jobba i fleire år med næringsutvikling og grunderbedrifter. Det slår meg stadig sterkare at bedriftsgrunderen og kunstnaren har veldig mykje felles som typar. Den ekstreme viljen til å gå sine eigne vegar, forfølgje sin ”indre flamme” og til å velje det utrygge framfor det trygge. Å med opne auge velje eit liv der du ikkje kan vite om du har ei trygg inntekt eller eit arbeid å gå til i åra som ligg framfor deg.

Det livsvalet gjorde du tidleg på 1950-talet. For deg var det rett, og har gitt deg eit rikt liv i alle åra som har kome etter, der du har fått utfalda dei evnene du heile tida hadde i deg. Og ikkje minst: Gitt alle oss andre kunstopplevingar som har berika liva våre. Og faktisk ikkje berre med biletkunst: Du er også diktar og novellist, sjølv om det er biletkunsten som er mest kjent og som vi markerer her.

Eid er i dag ei kulturkommune nesten utan sidestykke. Eg synst noko av det mest fantastiske med Eidasamfunnet i dag er å sjå kor mange barn og unge som har den sjølvtilliten som skal til for å tore å gå sine eigne vegar, slik du gjorde for ein mannsalder sidan. Til å stå på ei scene og kaste seg ut i det. Øve og gi av seg sjølv for å få til noko ein ikkje trudde på førehand ein kunne få til, anten det no er idrett, musikk eller kunst.

Akkurat når det gjeld biletkunst skulle eg for øvrig ynskje vi kunne gitt endå fleire born og ungdom eit tilbod, og at vi kunne få fram fleire unge talent som kunne gå i dine fotspor. Det er eit område der kulturkommunen Eid enno har noko å gå på, trur eg. Og har du gode råd om korleis vi kan få det til, tek eg imot det med takk.

Uansett: Eg er svært glad for at vi i Påska 2012 no får høve til å oppleve kunsten til Øyvind Botn her i tradisjonsrike Gamlebanken. Det er eit hus vi er stolte av som ein del av vår felles kulturarv i Eid. Det same vil eg seie om din kunst, Øyvind Botn. Det er ikkje noko slumpetreff at du var den aller første som fekk Eid kommune sin kulturpris.

Takk for at du har gjort denne utstillinga mulig. Og takk til Arve Espe og Gamlebanken for at de har teke på dykk vertskapsrolla.

Med det vil eg erklære separatutstillinga til Øyvind Botn i Gamlebanken 2012 for opna.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar