mandag 26. mars 2012

Flyktningar i Eid: Svar til Dag og Tid

Dag og Tid trykte 23/3 ein artikkel om Eid kommune og mottak av flyktningar, skriven i velkjent elegant polemisk stil av Jon Hustad. I artikkelen framstår Eid som ei kommune der eit fleirtal er negativt innstilt til flyktningar og asylsøkarar, og Ap er dei ”kvite riddarane” som vil noko anna. Nettversjonen av artikkelen blir no blir ivrig spunnen i sosiale media av Ap sitt velsmurte propagandaapparat, i ein dagsaktuell situasjon der Ap har desperat trong for å leie merksemda bort frå eiga regjering sin knallharde asylpolitikk.

Artikkelen skildrar ein røyndom eg ikkje kjenner meg att i. Nylig avgått Ap-ordførar Edvardsen har hatt seks år på å utforme Eid kommune sin flyktningepolitikk. Ho må stå fritt til å meine at den ikkje er god nok så snart ho sjølv har gått av, ved plutseleg å lansere eit ”benkeframlegg” på eit kommunestyremøte ho ikkje har lufta i nokon samanheng tidlegare. Men spesielt konstruktivt er det ikkje, sjølv om eg tek det som eit hyggeleg kompliment at avgåande Ap-ordførar legg lista høgare for ein nyvald Venstre-ordførar enn for seg sjølv i flyktningepolitikken. Det er ei utfordring eg meir enn gjerne tek.

Eid kommune har tatt mot flyktningar sidan 1987. Totalt har Eid kommune med 5.900 innbyggjarar (ca 0,1% av folketalet i Noreg), tatt mot 230 flyktningar. I periodar har Eid også hatt asylmottak. Dei siste åra har Eid kommune – under Ap-ordførar Edvardsen si leiing - hatt ein langsiktig strategi på mottak av ca 10 flyktningar pr år og bygd opp mottaksapparatet ut frå det. Nokon år litt fleire (i 2011 var det 15), nokon år litt færre. Strategien har vore at vi skal ha eit skikkeleg apparat klart for å ta mot alle som kjem til oss.

Pr i dag er det ca 60 busette flyktningar i Eid. Ca halvparten er born. Dei fleste er frå Somalia, Eritrea, Burundi og Afghanistan. I tillegg har Eid vidaregåande skule ei eiga introduksjonsklasse for ungdom med flyktning- og innvandrarbakgrunn for heile regionen rundt oss.

Eid har lagt særleg vekt på å styrke ressursane i grunnskulen til å ta mot born og ungdom med flyktningbakgrunn. Det har alt å døme vore vellukka. Etter ønskje frå IMDI har vi også ”vridd” mottaket i retning fleire einslege mindreårige asylsøkjarar, i praksis 15-17 år gamle gutar. Vi har dei siste tre åra tatt mot ni einslige mindreårige asylsøkjarar. Vi vil i 2012 ta imot ytterlegare tre av dei samla sett 400 einslege mindreårige asylsøkjarane som er venta til Noreg, slik IMDI har bedt oss om.

Einslege mindreårige asylsøkjarar krev særleg tett oppfølgjing. Vi har etablert eit omfattande apparat rundt ungdommane i form av ekstra barnevernsressurar, miljøteraputar med meir. Eg opplever det som om Eid har lukkast med å få ungdomane integrert i lokalsamfunnet. IMDI sitt ønskje om at vi skal ta imot fleire i 2012 er eit prov på det.

For å huse flyktningane driv Eid kommune omfattande leige, kjøp og bygging/ombygging av bustader. I dag har kommunen 28 bustader til bruk for flyktningar,. I 2012 vil vi tilrettelegge fleire. Det vi ikkje gjer, er å drive ”kjøpsspekulasjon” i bustadmarknaden utan å ha nødvendige andre ressursar til å følgje opp dei som kjem, sjølv om dette isolert sett kanskje kunne vore ei inntektskjelde for kommunen med statlege refusjonssystem.

Dag og Tid omtaler Eid som eit ”utstillingsvindu” for Venstre. Det er hyggeleg, men eg vil minne om at det enno er berre nokre månader sidan valet. Sjølv eit liberalt paradis blir ikkje skapt over natta.

Eg ser det som svært truleg at Eid kommune med Venstre-ordførar og eit sterkt Venstre dei komande fire åra kjem til å auke innsatsen for å hjelpe flyktningar, samanlikna med dei seks åra vi har bak oss med Ap-ordførar. Men då skal vi gjere det ut frå ein gjennomarbeidd strategi, og vite at vi har ressursar i alle ledd til å følgje opp dei som kjem. Det er eit prinsipp eg ikkje vil rokke ved, av respekt for dei vi skal ta mot.

Eg kjem aldri til å vere med på at flyktningepolitikken skal utformast gjennom benkeforslag og ”talleik” i eit kommunestyremøte. Vi skal ha ein plan for det vi gjer først. Så skal vi gjere det.

Så eg kan love Jon Hustad og Dag og Tid sine lesarar at vi skal bidra til å syne at Venstre sin flyktningepolitikk på nasjonalt nivå ikkje berre er teori, men også praksis. Eg forstår godt at Ap no må ta grep for å framstå som mindre inhumane i asylpolitikken. Eg vil likevel tilrå at det grepet Ap tek er å endre asylpolitikken, til dømes ved å stoppe utkastinga av uskuldige born som har budd lenge i landet.

I lengda slepp ein ikkje unna berre med å drive symbolpolitikk frå talarstolen på lokalplanet som kan”spinnast” av partiet sitt PR-apparat på Youngstorget. Det blir lite humanitet av slikt, både i teori og praksis.


Alfred Bjørlo (V)

Ordførar i Eid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar