søndag 4. mars 2012

Tid for skifte

Innlegg i generell politisk debatt på Venstre sitt landsstyremøte 3. mars 2012

Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, skreiv nylig eit blogginnlegg med tittel "Kunsten i kulturpolitikkens kalde klemme". Der fortel han ei ganske oppsiktsvekkande historie.

Då Lyngstad kom inn som ny teatersjef i 2004, kunne han som ei selvfølge bestemme sitt eige repertoar på teateret. Etter det har den raudgrøne regjeringa år for år stramma grepet. Det kjem stadig litt meir tydelege føringar frå Regjeringa på kva teateret bør prioritere og legge seg på minne av Regjeringa sin politikk og prioriterte saksområde når ein fastset neste års repertoar. Og som Kulturdepartementet skriv i tildelingsbrevet: "Dersom en institusjon ikke kan innfri forutsetninger i tilskuddsbrevet, forventer departementet at dette begrunnes."

Det er her er ille nok i seg sjølv. Men det blir verre. Når NRK spør Anniken Huitfeldt sin politiske rådgjevar i Kulturdepartementet, Ap-politikar Kjersti Stenseng, om det er rett at dei raudgrøne i aukande grad instruerer kulturinstitusjonane, så stadfestar ho det, tilsynelatande utan å sjå problemet. Kvifor det er greit? Jo, fordi regjeringa har auka løyvingane til teateret...

Då meiner Arbeiderpartiet sine koryfear i departementet det ikkje berre er greit, men heilt naturleg med sterkare politiske føringar på det kunstneriske innhaldet.

Er det dette som er staten si rolle i kulturpolitikken? I ei Arbeiderparti-verd: Ja. I ei Venstre-verd: Nei.

Alle med eit snev av liberal ryggmargsrefleks forstår at kulturlivet skal vere fritt. Kunsten har ein eigenverdi. Eit teater skal ikkje måtte tilpasse repertoaret sitt til den til ein kvar til sitjande regjering for å få pengar frå dei. Kunst og kultur er ikkje og skal ikkje vere statens redskap. Det er ein tankegang som høyrer til i heilt andre samfunn enn vårt.

Teatersjefen si historie om den raudgrøne regjeringa si sentralstyring og statleggjering av makt gjentek seg på andre område også. La oss ta næringspolitikken. I Nordfjord har grunderar utvikla prosjektet Lefdal Gruve, som kan bli eit av verdas største senter for grøn datalagring med bruk av kortreist kraft. Eit breitt lag lokale, regionale, nasjonale og internasjonale næringslivsaktørar er med på laget. Og dei er ikkje aleine: Lefdal Gruve er berre eitt av fleire liknande initiativ rundt om i landet. I festtaler snakkar mange politikarar om at grøn datalagring kan bli ei stor framtidsnæring i norske distrikt.

Men kva gjer næringsminister Trond Giske? Jo, nylig vart det kjent at han har latt sitt heileigde statlege eigedomsselskap Entra i all hemmelighet utvikle eit konkurrerande, 100% statleg eigd datasenterkonsept i Oslo-området. Entra har allereie brukt ein kvart milliard kroner på å kjøpe dyr tomtegrunn i hovudstadsområdet med statleg eigedomskapital, og er no klar til å bruke fleire milliardar statlege kroner til å gå rett i strupen på konkurrerande private næringslivsmiljø rundt om i norske distrikt.

Er det dette som er staten si rolle i næringspolitikken? I ei Arbeiderparti-verd: Ja. I ei Venstre-verd: Nei.

Eller la oss ta regionalpolitikken og statlege arbeidsplassar. Dei siste seks åra - under den raudgrøne regjeringa sitt styre - har utflyttinga av statlege arbeidsplassar stoppa opp. Ingenting skjer. Nye statlege etatar blir plassert i landets største pressområde, fordi fagorganisasjonane ikkje vil ha endring. Som statssekretær i Næringsdepartementet, Ap-politikar Rikke Lind, sa det om kvifor ein nok ein gong etablerte ein ny stor statlig gigantetat i Oslo, nye Eksportfinans: «Vi ønsket å ivareta hensynet og rettighetene til de ansatte." (Kjelde: Bergens Tidende 12/2-12) Difor måtte alt bli ved gamle. Difor kunne ikkje Vestlandet få nyoppretta statlege arbeidsplassar: Tenk om nokon måtte flytte på seg - bort frå Oslo og regjeringskvartalet? Det skulle tatt seg ut.

Er det dette som er staten si rolle i regionalpolitikken? I ei Arbeiderparti-verd: Ja. I ei Venstre-verd: Nei.

Vår nye Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne-Karin Hamre, har heilt rett i si analyse av kvifor dagens Regjering ikkje tek heile landet i bruk i etableringa av nye statlege kunnskapsarbeidsplassar: Det handlar rett og slett om manglande politisk leiarskap.

Arbeiderpartiet sitt ærend i norsk politikk er å samle makt på få hender. Helst i kviskre-avstand frå Folkets Hus på Younstorget.

Venstre sitt ærend i norsk politikk er å spreie makt på mange hender. Over heile landet. Til nye, sterke kommunar som tek det lokale folkestyret tilbake. Til kulturlivet. Til grunderar og småbedrifter. Og ikkje minst: Til kvar enkelt av oss i våre eigne liv.

Difor har Venstre-leiar Trine Skei Grande heilt rett i sin bodskap til landsstyret i dag. Noreg må få ei ny Regjering i 2013. Ei grøn, liberal og reformvillig Regjering. Då trengs eit sterkt Venstre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar