søndag 24. november 2013

Vekeplan veke 48/2013


Vi er inne i "høgsesongen" for viktige politiske møte både i kommunen og fylket. Denne veka er sterkt prega av det, som du vil sjå av oversikta under. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka passar det best onsdag eller fredag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 25. november 
Besøk Nordfjord Jordskifterett
Politikardag for Fylkestinget, Hermansverk 

Tysdag 26. november
Møte i Hovudutval Opplæring, Hermansverk

Onsdag 27. november 
Kontordag. Møte med elevar Eid ungdomsskule og bedriftsbesøk
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Torsdag 28. november 
Møte i Finansutvalet og Formannskapet i Eid
Kveld: Opning av julegata i Eid

Fredag 29. november 
Møte om felles helsetenester i Nordfjord 
Til Oslo

søndag 17. november 2013

Vekeplan veke 47/2013


Vi har bak oss ei helg med store hendingar som vil bli hugsa i Eid, både på godt og vondt. 

Sigrid Moldestad og Odd Erik Lothe i duett på Nordfjordnatt (Lothe).
Eit av høgdepunkta på KORK-konsertane i Operahuset Nordfjord 15-16/11.


søndag 10. november 2013

Vekeplan veke 46/2013


KORK kjem til Eid med gjester og solistar for å spele for 2.500 menneske denne veka - vi gler oss!
Foto: Blunderbuss/NRK 
Fredag kveld var eg så heldig å få vere med 60 staute sanitetskvinner på feiringa av 90-årsjubileet til Nordfjordeid lokallag av Norske Kvinners Sanitetsforening - Noregs eldste og største kvinneorganisasjon.