søndag 17. november 2013

Vekeplan veke 47/2013


Vi har bak oss ei helg med store hendingar som vil bli hugsa i Eid, både på godt og vondt. 

Sigrid Moldestad og Odd Erik Lothe i duett på Nordfjordnatt (Lothe).
Eit av høgdepunkta på KORK-konsertane i Operahuset Nordfjord 15-16/11.


Fredag kveld slo ekstremveiret "Hilde" inn over Vestlandet, og utløyste flaum, skred og vegsteningar over heile fylket. Her i Eid vart det ekstra dramatisk på Lote, der det var med nød og neppe at elva ikkje tok med seg to bustadhus. I tillegg gjekk det eit enormt jordras på Skrede ved Hornindalsvatnet. Her budde det ikkje folk i området, men raset tok med seg eit stort stykke av Rv 15 mellom Eid og Stryn. Truleg er det minst ei veke til denne viktige vegen aust-vest opnar igjen - men det kan vi leve med, så lenge ikkje liv gjekk tapt. Denne gongen var vi heldige. Det kan ingen garantere neste gong. 

Mange, til og med Statsministeren, snakkar etter denne helga om klimatilpassing. Det er viktig og riktig. Men det gjer ikkje noko med det grunnleggande problemet: Klimaendringane. 

Med alt vi no veit om menneskeskapte klimaendringar, er det i alle fall éin ting vi har eit felles ansvar for, og som verken førre eller noverande Statsminister diverre har hatt spesielt høgt på si prioriteringsliste: Å gjere det som vi står i vår makt for å få klimautsleppa ned, og redusere styrken i dei klimaendringane som allereie er i gong, med villare og våtare veir som resultat. Klimaet er vår politiske sak nr 1 i Noreg og verda etter mitt syn. Å ignorere klimaendringane, vil koste dyrt.

Samtidig, midt opp i uveiret, fekk vi nokre fantastiske festdagar i Operahuset Nordfjord, med Kringkastingsorkesteret (KORK) og ein artistgalla med det beste Sogn og Fjordane kan by på i musikk. Alle vi som var der, var over oss av begeistring, og rørte til tårer av artistar som Sigrid Moldestad, Odd Erik Lothe og Eva Weel Skram. 

Ekstra hyggeleg var det å høyre alle godorda frå KORK på festen etter siste konsert laurdag kveld: Våre gjester skryt uhemma av profesjonaliteten på Operahuset Nordfjord - vårt "apparat" på Operahuset er i den absolutte Noregs-toppen som arrangørar av store kulturhendingar. Det skal vi vere stolte av! Det vi har fått til her, vil vere eit viktig vekst-bidrag for Eid og Sogn og Fjordane i åra framover.

Og ekstra morsomt: Den 13. desember får heile Noreg oppleve KORK-konsertane på Nordfjordeid! Då sender NRK1 ein times utdrag frå konsertane, i beste sendetid fredag kveld.

Uansett: Ei ny veke står for døra. Her er min plan for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka passar det best tysdag eller onsdag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 18. november 
Oppsummering av "Hilde" - skader og oppfølgingsbehov
Befaring til raset i Skredestranda med Statens Vegvesen
Velkomsthelsing til fagkonferanse i regi av Vestlandsforsking om klimaendringar, klimatilpassing og ekstremveir (Ja, det er eit utruleg samantreff, men dette har vore planlagt lenge..)

Tysdag 19. november
Møte med Plassens Venner og Malakoff Rockfestival
Fagkonferanse om klimaendringar

Onsdag 20. november 
Kontordag. Interne møte og bedriftsbesøk

Torsdag 21. november 
Møte i politiske utval i Eid

Fredag 22. november 
På reise (privat)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar