KORK kjem til Eid med gjester og solistar for å spele for 2.500 menneske denne veka - vi gler oss! Foto: Blunderbuss/NRK |
Frivillig arbeid betyr utruleg mykje for å skape eit godt samfunn. Nokre av dei som gjer den aller mest imponerande innsatsen er Sanitetskvinnene. I over 100 år har dei stått opp for dei svakaste i samfunnet, dei velferdsoppgåvene som blir oversett og nedprioritert av det offentlege. No har dei blinka ut integrering av innvandrarkvinner og den skjulte valden mot kvinner i det norske samfunnet som sine nye kampsaker, og utfordra meg ved sitt jubileum til å setje temaet vald mot kvinner på dagsorden også i Eid. Det gjer eg med glede. Det er eit vondt og vanskeleg tema, som rammar langt fleire enn vi likar å tenkje på. Sanitetsforeninga tør der andre teier - det fortener dei stor honnør for!
Veka som kjem blir ei ny festveke i Eid. I morgon opnar Eid ungdomsskule ein lenge etterlengta ny ballbinge, som gjer fysisk aktivitet i kvardagen lettare for dei 300 elevane på skulen. Bingen har blitt til i eit klassisk spleiselag mellom kommune, skule, tippemidlar og stor dugnadsinnsats frå foreldra.
Mot slutten av veka opnar vi så eit nybygg ved Eid vidaregåande skule, som også ber kimen i seg til mykje spennande. Eigentleg er det eit garasje- og lagerbygg, men i spleiselag med kommune og lokalt næringsliv har vi også fått til det som blir starten på eit energikompetansesenter (EKS) for næringslivet i Nordfjord. Her skal skule, næringsliv og det offentlege møtes med fornybar energi og ENØK som tema - gler meg til å følgje dette prosjektet vidare!
Og så - endeleg - til helga er Eid så heldige å få vere vertskap for den storslåtte avslutninga av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane, med tre store festkonsertar med Kringkastingsorkesteret (KORK) og ei rad kjende artistar som gjestesolistar i Operahuset Nordfjord. I tillegg blir det konsertar på dagtid for ca 1.000 ungdomsskuleelevar i Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen, takka vere "Den kulturelle skulesekken".
Og som ein ekstra bonus: I desember får heile resten av landet vere med på musikkfesten på Nordfjordeid: Det blir ei times TV-sending frå konsertane på NRK1 fredag 13. desember kl 2005.
Og som ein ekstra bonus: I desember får heile resten av landet vere med på musikkfesten på Nordfjordeid: Det blir ei times TV-sending frå konsertane på NRK1 fredag 13. desember kl 2005.
Vedlagt er min plan for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka passar det best tysdag eller fredag.
Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Måndag 11. november