mandag 28. oktober 2013

Veke 44 og 45


November blir ein spennande månad i Eid! Helga 15-16 november er vi så heldige å vere vertskap for den storslåtte avslutninga av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane, med tre store festkonsertar med Kringkastingsorkesteret (KORK) og ei rad kjende artistar som gjestesolistar - i tillegg til at mange unge lokale talent får prøve seg med dei store. Og som ein ekstra bonus: I desember får heile resten av landet vere med på musikkfesten på Nordfjordeid: Det blir ei times TV-sending frå konsertane på NRK1 fredag 13. desember kl 2005. 

Vedlagt er min plan for denne og neste veke. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. 

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


Måndag 28. oktober 
Kontordag - bedriftsbesøk

Tysdag 29. oktober
Kontordag - diverse interne møte
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Onsdag 30. oktober 
Møte i Hovudutval opplæring Sogn og Fjordane

Torsdag 31. oktober 
Møte med Forsvarsbygg
Møte i Valstyret, Finansutvalet og Formannskapet. Befaring på Golvsengane

Fredag 1. november 
Inspirasjonssamling for bedrifter (industri/energi)

Laurdag 2. november 
Årsfest Eid IL Fotball
Jubileumskonsert Eid Musikklag 100 år

Måndag 3. november 
Bedriftsbesøk med Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn på Sandane Industrier
KS-samling, Førde

Tysdag 4. november
KS-samling, Førde
ZERO-konferansen, Oslo

Onsdag 5. november 
ZERO-konferansen, Oslo

Torsdag 6. november 
Kontordag - bedriftsbesøk

Fredag 7. november 
Møte med handelsbedrifter i Eid
Møte med energibedrifter om nye fellessatsingar

Kveld: Jubileumsfest Nordfjordeid Sanitetsforening 90 år

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar