torsdag 10. oktober 2013

Ein jubeldag


- Dagens brev til Helse Vest frå Helseminister Jonas Gahr Støre om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus gjer meg jublande glad!

Det seier ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V), i ein kommentar til brevet Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr-Støre i dag (10. oktober 2013) har sendt til Helse Vest, som Fjordabladet offentleggjer no i kveld. I brevet slår Gahr Støre fast at mangelen på dagkirurgi ved "Framtidas lokalsjukehus" i Nordfjord er ein mangel Helse Vest bør søke å rette opp, med frist for tilbakerapportering 10. november.


- Helse- og omsorgsministeren har no lytta til den unisone bodskapen frå fagleg hald og frå eit samla politisk miljø i Nordfjord: Dagkirurgi er den avgjerande biten i puslespelet for å gjere Nordfjord sjukehus til ein nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus.

- Eg er stolt og glad over det enorme engasjementet som er lagt ned i "Utviklingsprosjekt Framtidas Lokalsjukehus" dei siste to åra frå Helse Vest, Helse Førde, tilsette på sjukehuset, innbyggjarar, helsevesen og folkevalde i Nordfjord for å skape ei ny framtid for Nordfjord sjukehus. No har vi ein plattform for framtida vi kan stå saman om - på trygg fagleg grunn og med tverrpolitisk støtte nasjonalt, seier Eid-ordføraren.

- Heilskapen ved sjukehuset - som no også vil omfatte dagkirurgi - gir tryggleik for liv og helse og gode helsetenester nær deg når du treng det for folk i Nordfjord, i godt samspel med sentralsjukehus i Førde og regionsjukehus i Bergen. I tillegg kjem eit svært sterkt rus- og psykiatrifagleg miljø ved Nordfjord Psykiatrisenter, som er leiande i landet på sitt område.

I dag er det rett og slett grunn for alle til å vere glade og sjå lyst på helse-framtida i Nordfjord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar