Kvaliteten på årets oppsetjingar har vore betre enn nokon gong. Ein av verdas fremste kjennarar av klassisk musikk, britiske Andrew Mellor, seier at det som skjer i Opera Nordfjord er unikt i verda, og at til og med dei største operahusa i verda kan lære av "Nordfjord-modellen" med samspel mellom frivillige og profesjonelle, skule og kultur. Operasuksessen vart i år toppa av tidenes fyrste ballett-oppsetjing - Nøtteknekkaren med over 60 små og store dansarar på scena - ei oppsetjing som sjølv Ballettsjef ved Den norske Opera&Ballett, Ingrid Lorentzen, skrytte opp i skyene.
Det har vore svært kjekt å sjå så mange tilreisande frå fjern&nær til Eid i desse operavekene - ein stor overvekt av dei 5.000 besøkande kom utanfrå Eid. Andre flotte arrangement i bygda i denne perioden som operautstillinga i Gamlebanken og handverks-/designmessa "Valkyrier" i Valhall har auka tilstrøyminga ytterlegare. Slagordet "Eid Inviterer" har verkeleg fått bein å gå på desse vekene!
Og midt opp i dette har vi også hatt besøk av Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr-Støre, som har sett Framtidas Lokalsjukehus ta form i Nordfjord - eit sjukehus Gahr Støre i likskap med alle faglege instansar og eit samla politisk miljø i Nordfjord seier må ha dagkirurgi som ein del av tilbodet. Kort sagt: Det har vore kjekke veker å vere ordførar i!
Neste veke er det tett i tett med politiske møte for min del: Nordfjordråd, Fylkesting, Formannskapsmøte og Landsstyremøte i Venstre, for å nemne noko.
Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka er fredag før kl 13 den beste dagen for å avtale ein prat.
Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Måndag 14. oktober