fredag 27. november 2015

Fjord1: På tide å opne opp

Måndag 23. november vart Noregs største ferjereiarlag, Fjord1 med hovudkontor i Florø,  omgjort til eit datterselskap i Torghatten-konsernet. Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster i Fylkestinget i Sogn og Fjordane (Venstre var i mindretalet på 15), etter den merkelegaste og mest lukka avgjerdsprosessen eg har vore borte i som politikar.


I dagane etter 16-15 vedtaket har stormen verkeleg tatt laus. Styret og leiinga i Fjord1 gått av i protest. Finans- og næringslivsekspertisen på Vestlandet har i samla flokk stilt seg uforståande. Folk flest forstår ingenting av kva som har skjedd.

No er det på tide å opne opp. Alle fakta må på bordet. All hemmelegstempla informasjon må kome fram. Så får vi ut frå det som då kjem fram, finne ut om det å selje ut eitt av dei viktigaste selskapa i det grøne skiftet på Vestlandet til den største konkurrenten var ein genistrek - eller som eg og Venstre trur: Ein strategisk tabbe av dimensjonar for Sogn og Fjordane og Vestlandet.