Måndag 23. november
vart Noregs største ferjereiarlag, Fjord1 med hovudkontor i Florø, omgjort til eit datterselskap i
Torghatten-konsernet. Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster i Fylkestinget
i Sogn og Fjordane (Venstre var i mindretalet på 15), etter den
merkelegaste og mest lukka avgjerdsprosessen eg har vore borte i som politikar.
I dagane etter 16-15 vedtaket har stormen verkeleg tatt laus. Styret og leiinga i Fjord1 gått av i protest. Finans- og næringslivsekspertisen på Vestlandet har i samla flokk stilt seg uforståande. Folk flest forstår ingenting av kva som har skjedd.
No er det på tide å
opne opp. Alle fakta må på bordet. All hemmelegstempla informasjon må kome
fram. Så får vi ut frå det som då kjem fram, finne ut om det å selje ut eitt av
dei viktigaste selskapa i det grøne skiftet på Vestlandet til den største konkurrenten var ein
genistrek - eller som eg og Venstre trur: Ein strategisk tabbe av dimensjonar for Sogn og
Fjordane og Vestlandet.
Dette - det konfliktnivået som har bygd seg opp mellom fylkeskommunen som eigar og selskapet over tid - er for meg heilt uforståeleg.
Eg óg ser sjølvsagt at Fjord1 kanskje ikkje i Reidar Sandal har hatt ein styreleiar som ligg i favorittsjiktet i ei kåring av "Noregs mest audmjuke styreleiar". Men likevel: Det er resultata som tel. Og der har Fjord1 levert til fulle.
Ferjereiarlaget Fjord1 er ingen barnehage. Og heller ikkje ein skakkøyrt gammal holk.
Det er det største og teknologisk leiande ferjeselskapet i Noreg. Eit moderne, lønsamt
selskap rigga for framtida. Slik var det ikkje berre for få år tilbake. Den
snuoperasjonen Fjord1 har gjennomført siste åra er beint ut imponerande. Og rolla dei har som motor for næringsutvikling og innovasjon på Vestlandet i ei tid då sjøtransporten skal ta "det store spranget" frå fossil til nullutslepp, skal ikkje undervurderast.
Difor er Sogn og Fjordane fylkeskommune pr 2015 i ein priviligert
posisjon som eigar av Fjord1. Vi kan alle prise oss lukkelege for at
fylkeskommunen ikkje lytta til rådet frå dei same konsulentane
som tilrår sal i 2015 tilbake i 2011: Då var konsulentane også krystallklare på
at sal var det einaste rette.
Eg meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom sin
strategiske eigarpost i Fjord1 har tidenes mulighet til å skape ein endå
sterkare "motor" i næringsutviklinga i Sogn og Fjordane og Vestlandet.
Ikkje gjennom fortsatt fylkeskommunalt eigarskap langt fram i tid - til det er
bransjen for krevjande, og kapitaltrongen nokre år inn i framtida for stor.
Men det vi utvilsamt kan
bruke eigarskapen til, er å bidra til at Fjord1 får ei "ny hamn" i
eigarskapet som sikrar at selskapet kan halde fram den gode utviklinga
selskapet no er inne i - med motoren og "hjerna" plassert
i Sogn og Fjordane.
Det kan gjerast ved å gjere Fjord1 til den sterke partneren
i ein fusjon - eller ved å få inn ein industriell eigar som vil vidareutvikle
dagens Fjord1 vidare. Anten det no er dagens mindretalsaksjonær Havilafjord
eller andre.
Så vel vi i staden ei løysing som etter mitt syn ein må vere
høgt betalt konsulent med mastergrad i PowerPoint for å forstå: Å selje Fjord1
til den største konkurrenten på
ferjemarknaden i Noreg i ei komplisert finansiell kjøpsavtale og gjere Fjord1 til eit datterselskap i
Torghatten-konsernet.
Ein ting er at dette er på tvers av råda frå selskapet
sjølv. Men det er også på tvers av råda frå næringslivet i fylket (NHO), og på
tvers av råda frå dei leiande finansmiljøa våre (Sparebanken Vest, Sparebanken
Sogn og Fjordane, NHH m fl).
Og det skjer i ein klassisk "Catch22-situasjon"
der eit kvart kritisk spørsmål frå utsida blir møtt med at "dei veit ikkje
kva dei snakkar om" - fordi dei på utsida ikkje har full innsikt i ei sak der store
deler av sakstilfanget er unnateke offentlegheit.
Og eg må seie eg håpar det er siste gong eg opplever ein
fylkesrådmann som seier på eit ope møte i Fylkesutvalet at han synst det ikkje
er så interessant kva dei største finansmiljøa på Vestlandet måtte meine, fordi
dei har "begrenset innsikt"
og "lav kunnskap om og lav interesse
for denne type økonomi". (Eg
veit desse sitata høyres heilt usannsynlege ut - men vi var mange vitne til
stades som høyrde det - her under journlistane Helge Johnsen frå Firda og Bård
Siem og Geir Bjarte Hjetland frå NRK).
Vi snakkar i andre saker fint om "partnerskapen" i
Sogn og Fjordane. Om korleis vi kan kompensere det å vere eit lite fylke med at
vi har korte linjer mellom og nært samarbeid og kompetanseutvikling mellom
politikarar, dei største selskapa våre, næringsorganisasjonar og finansmiljø.
I denne saka er visst partnerskapen og betydninga av å finne
samlande løysingar heilt gløymt. NHO sitt syn er uinteressant. Bankane sitt syn
er uinteressant. Selskapet sjølv sitt syn er uinteressant. Det einaste som
betyr noko, er råda frå dei "tre vise menn" frå Oslo i selskapa DHT
og Wiersholm - konsulentane som har vore fleirtalet i Fylkesutvalet sine
lysande leiestjerner på himmelen gjennom ein 18 månader lang salsprosess.
Og eg må seie at eg berre må bøye seg i støvet for
fleirtalet på 16 i Fylkestings-forsamlinga på 31 som meiner det er heilt greitt
på sparket å ta ei avgjerd i ei sak der milliardbeløp står på spel - ein times
tid og ein kopp kaffi etter at 20 av oss 31 for første gong har fått innsikt i
enorme mengder ny informasjon og hemmelegstempla saksdokument i saka.
Mulig eg er dummare og enklare enn gjennomsnittet - men ein
slik intellektuell kapasitet har eg rett og slett ikkje. Eg treng tid å tenkje
og fordøye etter å ha fått slike informasjonsmengder på bordet - tid til å
snakke med folk som har meir kunnskap om avanserte finansielle transaksjonar
enn meg - la det vere ei forsvarleg tidsluke mellom tilgang på informasjon og
ei bindande avgjerd. I alle fall når vi snakkar om milliardverdiar og eitt av
dei strategisk viktige selskapa i Sogn og Fjordane.
Har så Torghatten bydd ein høg eller ein eller lav pris?
Vel, det kjem an på auget som ser. Dei legg 390 mill på bordet no. Det
tilsvarer utbytet Torghatten vil ta ut dei neste 3-4 åra - altså eit kjøp som i
Fase 1 er fullfinansiert av sikre utbytte for kjøpar nokre få år fram i tid.
Del 2 av fastbetalinga tilsvarar ei no-verdi i 2015-kroner på ca 200 mill kr -
ikkje rare greiene for eit selskap som årleg leverer resultat i åra framover på
rundt 300 millionar kroner.
Resten av kjøpssummen - nesten halvparten - er
resultatavhengige tilleggsutbetalingar og earnouts.
Det er denne konstruksjonen dei leiande finansmiljøa våre
reagerer på. Dei seier det er uvanleg - og risikofylt. Studier viser at det i ca. 50% av transaksjoner
kor det er earnout ikkje blir betalt ut earn out. Det er også høg del av
slike transaskjoner som havner i rettssystemet.
Eg må vere
så fri å seie at eg ikkje trur at dette vil sjå bra ut for Fylkestinget i
ettertid. Men eg understrekar: Trur,
ikkje veit. Ingenting ville glede meg meir enn at eg og mindretalet på 15 av 31
tek feil - og at fleirtalet på 16 (Senterpartiet, Krf, Frp og 2 av 4 i Høgre) hadde rett når vi kjem fram til 2019/2020
dersom det blir slik.
Men det er
rett og viktig å vite at faren er der. Og ei "tidsluke" på ca to timar var einaste sjansen for meg som fylkestingsrepresentant til å sjå
det og påpeike det. Det var den einaste avstanden i tid mellom å få innsikt
i avtalen og å gjere eit bindande vedtak med milliardverdiar på spel .
Denne framgangsmåten - å ta beslutningar i same møte som ein
får overlevert materiale - hadde
aldri styret i eit privat selskap vald.
Eg er
også overtydd om at Fylkeskommunen har
gjort seg skuldig i klare brot på offentleglova ved å halde unna så mykje
informasjon for ålmenta i forkant av avgjerda. Den grunnleggande feilen som
etter mitt syn er gjort, er at ein har valt å hemmelegstemple heile dokument og
presentasjonar om saka - i staden for å gjere det som etter mitt og Venstre
sitt syn er korrekt: At sjølve dokumenta og presentasjonane skal vere
offentlege - men at opplysingar i dokumenta/presentasjonane som er så
forretningsmessig sensitive at dei kjem inn under unntaka i offentleglova -
skal sladdast/takast ut.
Store
deler av presentasjonen konsulentane ga oss i den lukka delen av
fylkestingsmøtet meiner eg var og er heilt uproblematisk å
offentleggjere.
Dette
inkluderer etter mitt syn - i alle fall no i etterkant når saka er avgjort -
informasjon om innhaldet i dei boda både Torghatten og andre interessentar ga.
Å opne opp all tilgjengeleg informasjon i saka no i etterkant meiner eg er både
rett og nødvendig. Det kan både vere med å avmystifisere saka - og få fram eit
heilt nødvendig offentleg søkelys på om avgjerda var korrekt.
Berre ved
raskt å opne så mykje som mulig av dokumenta i saka for offentleg innsyn,
kan vi få ein opplyst offentleg debatt om kva fylkeskommunen no eigentleg har
gjort. Så får vi håpe konsulentane sine
råd - som fleirtalet valde å lite 100% på - også tåler ålmenta, pressa og anna
finansiell ekspertise sitt skarpe lys.
Uansett: No
må konsulentane si tid vere over. No må Sogn og Fjordane fylkeskommune ta
tilbake styringa sjølve - og gjere det vi kan for å gjenopprette dialog,
samarbeid og tillit mellom fylkeskommunen og Fjord1. Fleirtalet seier at Fjord1
også med denne avtalen vil forbli ein stor og sterk vekstmotor i Sogn og
Fjordane. Det må vi no jobbe saman om å få til.
Det grøne
skiftet på sjøen er berre så vidt i gang. Verdiskapinngspotensialet der er
enormt. Der må vi vere med, og sørge for at mest mulig av verdiskapinga blir i
Sogn og Fjordane - uansett kva utfallet måtte bli i denne saka.
For ein
spådom vågar eg meg på: Vi har ikkje sett dei siste bølgjene på Fjord1-vatnet
enno.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar