søndag 8. mai 2016

Tale 8. mai 2016

Frigjeringsdagen 8. mai 1945 er ein av dei tre viktigaste datoane i norsk historie - saman med 17. mai 1814 og 7. juni 1905. 

På Nordfjordeid høgtidar vi kvart år 8. mai med opptog gjennom Eidsgata, talar, korpsmusikk og blomenedlegging. Arrangementet er for å markere både Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen.

Langt over 100 personar deltok i år - dei fleste også til hyggeleg utandørs "hage-fest" etterpå på den gamle eksersisplassen i Nordfjordeid sentrum (Malakoff/Plassen). Ekstra hyggeleg var det at vi i år hadde besøk av ordførarane frå Stryn, Selje og Gloppen - som var med på ei felles heidring av dei falne frå Nordfjord i andre verdsk

Her kan du lese mi tale for dagen. 


Velkomne til markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen på "Plassen" på Nordfjordeid 8. mai 2016.


Den andre verdskrigen braut ut i 1939. Til vårt land kom krigen 9. april 1940. Dei neste fem åra var Noreg okkupert av ei framand makt - som éi brikke i den grusomme krigen som til saman kravde ein stad mellom 50 og 85 millionar menneskeliv dei seks åra krigen varte.

Krigen tok liv også her heime. Over 10.000 norske liv - militære og sivile. Soldatar frå Nordfjord fall i kamp. Sjøfolk frå bygdene våre - krigsseglarane - sette livet til på dei sju hav eller kom heim med mein for livet. Norske borgarar vart sende i konsentrasjonsleir og drepne fordi dei hadde "feil" religion eller "feil" etnisk opphav.

For dei aller fleste av oss samla her i dag er det ikkje mulig å forestille seg korleis det er å leve i krig. Å leve i eit okkupert land. Å ha ein kvardag der du aldri kan vere trygg. Der naboen din reiser ut og aldri kjem tilbake - og du kanskje sjølv ein dag må gjere det same.

Gløym då ikkje at dette enno er kvardagen for mange menneske rundt om i verda. I Afghanistan. I Syria. I Eritrea. Gløym ikkje at dei aller fleste som lever i desse og andre land råka av krig er heilt vanlege folk, utan andre ynskje enn å leve eit godt og fredeleg liv der dei er. Slik som oss sjølve.

Ta godt i mot dei frå desse landa som no skal leve iblant oss. La det bli eit liv saman i fred. Snakk med dei, og ikkje om dei, slik leiaren i Sogn og Fjordane Røde Kors så godt sa det i eit innlegg i høve dagen i dag.

Og gløym ikkje at også mange borne-fødde nordmenn blant oss i dag har hatt krig tett innpå seg. Utan at dei snakkar om det i kvardagen. Det er alle dei nær 100.000 nordmenn og -kvinner som har vore ute i teneste for Noreg i væpna konflikter verda over frå 1948 fram til i dag: Veteranane.

Krigsveteranane våre har sett krig på nært hald. Dei veit kva krig handlar om. Dei ber minna med seg - også når dei er komne heim og på nytt skal leve eit vanleg liv heime.

Eg er difor glad for at Frigjeringsdagen no også er ei markering av våre soldatar i norsk teneste verda over etter 1945. Den heideren fortener dei. Vi andre skal vere dei djupt takksame for innsatsen veteranane har lagt ned for fred og fridom.



----
Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv. Fred og fridom må kjempast for, forsvarast og vinnast. Igjen og igjen. Og det er aldri berre "nokon andre" sitt ansvar. Det er også vårt.

Eg skal fortelje ei lita historie som illustrerer det. Sommaren 1941 - medan andre verdskrigen raste på sitt verste, medan Konge og Storting var i eksil, medan det meste av Europa var okkupert og ingen visste kva enden ville bli - då samla styret i ungdomslaget i Nordfjord, Firda Ungdomslag, seg. Dei gjorde følgjande vedtak, som seinare same år vart stadfesta av årsmøtet halde i Rotvin Ungdomslag i lagshuset oppe på Bjørlo: "Firda ungdomslag tek opp arbeidet for å reisa minnesmerke for alle dei nordfjordingar som fall i krigen. Det er meininga å få dette minnesmerket reist når krigen er slutt."

Altså: Ikkje "om krigen tek slutt", men "når krigen er slutt". Og underforstått: Når vi har vunne siger - og tatt landet vårt tilbake.

Fire år seinare - 8. mai 1945 - kom dagen. Okkupasjonen tok slutt. Og mellom alt det som då måtte gjerast for å bygge landet og samfunnet opp att, tok Firda Ungdomslag opp att arbeidet med å reise minnesmerket over dei frå Nordfjord som fall i krigen.

Dei samla inn pengar i by og bygd, med formannen i laget, Einar Skarstein frå Olden, som drivande kraft. Dei engasjerte ein av dei fremste skulptørane i Noreg, Dyre Vaa.

Og søndag 30. juli 1950 var den store dagen komen. Over 2.500 menneske frå heile Nordfjord var då samla her på Plassen for å avduke monumentet vi no står attmed - i dag kalla "Sørgende Mor" av Dyre Vaa, sjølv om det den gong ikkje hadde det namnet.

Og merk dykk følgjande: Det talarane den gongen understreka med 2.500 tilhøyrarar som vitne, var at dette monumentet ikkje berre skulle peike bakover - til dei som fall i krigen.

Det skulle like mykje peike framover. Monumentet bak oss skulle vere ein "..appell til komande slekter". Ei påminning om "..å halde plikt- og offerbodet lysande for auga", og om "..i dagleg livsføring ikkje setje fridomen i spel på ny". Om å vere budde til å stille opp på nytt dersom det skulle røyne på.

Kjære forsamling, vi lever i ei tid då den oppmodinga er viktig. Enno i dag har vi eit forsvar som til ei viss grad er til stades i heile landet. Vi har eit heimevern som enno har plass i våre lokalsamfunn i Nordfjord. Som har sine øvingsstadar og lokale mannskap - og er med på å halde forsvarsviljen og banda mellom folk og forsvar levande. 

Det er ikkje sjølvsagt at det vil halde fram. Vi ser no konturane av kutt i Forsvaret som kan endre dette dramatisk. Kanskje er tida inne til å seie klart ifrå om at vi må ta på alvor arven vi har med oss om betydninga av eit forsvar som er til stades over heile landet. Og som ikkje minst til alle tider har stått sterkt her i Nordfjord.

Forsvar er ikkje berre teknologi og teori. Det handlar også om noko anna. Om folkeleg oppslutnad og forankring, Om å halde banda mellom folk og forsvar levande på alle plan - også i by og bygd.

---
Heilt til slutt: Eg er svært glad for at vi her i dag også har med oss ordførarar frå ytst til inst i Nordfjord: Frå Selje, Stryn og Gloppen.

At dei - på kort varsel - har takka ja til å vere med her i dag for ei felles markering, set vi alle som er samla her umåteleg stor pris på. Eg skal også overbringe helsing frå ordførarane i Vågsøy og Hornindal. Dei skulle også gjerne ha vore her, men hadde av private årsaker ikkje høve denne gongen.

Så eg vil med dette be ordførarane som er til stades om å kome fram - slik at vi saman kan gjere ære på dei vi minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45.


Fred over deira minne.


Blome-nedlegging ved minnesmerket over dei falne frå Nordfjord i 2. verdskrigen.
Frå venstre: Ordførarane Sven Flo (Stryn), Stein Robert Osdal (Selje),
Magni Berge Aa (Gloppen) og Alfred Bjørlo (Eid).

Arrangementet var også ei markering av den Internasjonale Røde Kors-dagen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar