torsdag 30. juni 2016

16 vedtak i kommuestyret i Eid

Kva gjer eigentleg eit kommunestyre? Ein kan for tida få inntrykk av at lokalpolitikarar knapt brukar tid på anna enn å diskutere kommunereform. Slik er det ikkje. Det skal eg fortelje litt om her, med kommunen eg er ordførar i, Eid, som døme.

På det siste kommunestyremøtet før sommaren i Eid var det 44 - førtifire - saker på dagsorden. Éi av dei handla om kommunereform. 43 saker handla om heilt andre ting - store og små saker som handlar om å utvikle lokalsamfunnet Eid med 6.000 innbyggjarar og eit næringsliv i vekst.

Dei fleste sakene har det vore jobba med over lang tid av kommuneadminstrasjon og politiske råd og utval, før dei enda opp i vedtak i Eid kommunestyre 22. juni. Eit kommunestyre samansett av 29 kvinner og menn frå heile kommunen, frå 18 til over 70 år og frå sju ulike politiske parti.  

Så for å syne kva kommunepolitikk er i praksis, tenkte eg å dra kort gjennom 16 store og små vedtak i Eid kommunestyre den 22. juni 2016 (i tilfeldig rekkefølgje og i mi eiga oppsummering). Lista er på ingen måte utfyllande, men gir eit lite innblikk i kor mangfaldig den kommunale verda er - i Eid og alle andre kommuner rundt om i landet.  

Så her er lista: 16 utvalde vedtak i kommunestyret i Eid 22. juni 2016:

1. Klima- og sykkelsatsing i Eid
Miljødirektoratet har lyst ut 100 mill kr til klimatiltak i kommunane i 2016, for å få fart på overgangen frå fossil- til nullutsleppssamfunnet. Eid kommune har no bestemt at vi vil søke midlar frå ordninga til to ting:  

A) Lage ein kommunal sykkelstrategi for å auke sykkelbruken og redusere bilbruken i kommunen. Som eit strakstiltak vil Eid melde seg inn i Statens Vegvesen sitt sykkelbynettverk.
B) Bygge klimavenlege nye omsorgsbustader som kan vere eit førebilete for korleis omsorgsbystader kan byggast utan klimautslepp.

2. EPC (energisparing i kommunale bygg)
EPC - energisparekontrakter - er eit verkemiddel for å få "opp på bordet" og gjennomført flest mulig energispare-tiltak i kommunale bygg på kortast mulig tid. Røynsler frå andre kommuner har synt at energibruken kan kuttast med 20-30%, og at investeringane som oftast er tente inn i løpet av få år.

Kommunestyret har no bestemt at Eid skal gå vidare med EPC som verkemiddel for energisparing i Eid, og få opp ei sak om oppstart snarast råd etter sommaren. Det kan bety investeringar på fleire titals millionar kroner i meir energismarte bygg i Eid.


3. Digitaliseringsstrategi - lettare tilgang til tenester og informasjon ditgitalt
Nordfjordkommunene har samarbeidd tett om IKT og digitalisering i 15-20 år. No går samarbeidet vidare med ein ny digitaliseringsstrategi, for å få fart på utrullinga av løysingar som gjer tenester og informasjon i kommunane lettare tilgjengeleg digitalt - og legg til rette for å samordne informasjon frå stat og kommune. Teknisk, men utruleg viktig for folk i kvardagen i åra framover.

Kommunestyret i Eid vedtok digitaliseringsstrategien - men han er berre mulig å gjennomføre i samarbeid med andre kommuner (så lenge vi ikkje har éin Nordfjord-kommune..)

4. Eldre og nærkontakt
Eid Eldreråd har løfta eit lite omsnakka tema på dagsorden i Eid: Eldre sin rett til nærleik, intimitet og seksualitet som del av eit godt liv - også når ein blir bebuar på ein kommunal institusjon.

Kommunestyret har no vedtatt at Eid i eldreomsorga, i og utanfor institusjon, skal arbeide for å styrke kompetansen til helse- og omsorgspersonell slik at ein på ein god måte kan legge til rette for at eldre kan oppleve nærleik, intimitet og seksualitet som helsefremjande delar av livet. Dette skal forankrast i alt planverk, og i fysisk utforming av institusjonane i kommunen vår. Du kan lese meir om saka på TV2 sine nettsider eller NRK sine nettsider. 

5. Val av forliksråd og meddommarar (jurymedlemmer)
Eit viktig prinsipp i den norske rettsstaten er at du skal bli "dømt av dine likemenn". Difor er det kommunane si oppgåve å velje ut personar i kvar kommune til å vere meddommarar i tingretten og lagmannsretten (jurymedlemmer). I tillegg vel kommunene eit lokalt forliksråd, som er det lågaste leddet i rettssystemet i sivile saker. Forliksrådet spelar etter mitt syn ei svært viktig rolle i å løyse konflikter mellom privatpersonar på eit lågast mulig nivå.

Eid kommunestyre har no valt 10 menn og kvinner frå Eid som meddommarar i Lagmannsretten, 18 kvinner og menn til Tingretten og 6 meddommarar til Jordskifteretten. Kommunestyret valde også eit Forliksråd for Eid med tre medlemmer, leia av Nils Anders Sørland.

6. Nynorsk i vaksenopplæringa
Kommunestyret vedtok at nynorsk skal vere opplæringsspråk i vaksenopplæringa i kommunen. Vi meiner det er viktig for at vaksne innvandrarar raskt skal lære seg "det lokale språket", og lære norsk på same måte som borna gjer i grunnskulen.


7. Rusmiddelpolitisk handlingsplan
Kommunestyret vedtok ein ny ruspolitisk handlingsplan for Eid. Målet med planen er å ein størst mogleg reduksjon i sosiale- og helsemessige skader av rusmiddelbruk i Eid kommune - ut frå forskingsbasert kunnskap om kva tiltak som har effekt og kva som ikkhe har effekt for å nå dette målet. (Mellom anna eit for mange upopulært faktum som strir mot det politikarar flest likar å snakke om: Informasjons- og haldningsskapande tiltak som kampanjar i media og skulebaserte tiltak viser i hovudsak ingen effekt på alkoholbruk eller relaterte problem. Det er regulering av tilgang og pris som har reell effekt.).

Administrasjonen, som sidan sist er styrka på dette fagområdet med tilsetjing av kommunelege, tilrådde å vidareføre same retningslinene for sal og skjenking av alkohol som i førre plan. Det vart vedtatt med støtte av 6 av 7 parti i kommunestyret.

. 
8. Sals- og skjenkeløyve
Kommunestyret skal tildele sals- og skjenkeløyve for alkohol i kommunen éin gong kvart fjerde år, samt setje vilkåra for løyva ut frå vedteken rusmiddelpolitisk handlingsplan (sjå over).

Seks restaurantar og skjenkestader i Eid fekk skjenkeløyve for alkohol: Bryggen Hotel, Nordfjord Hotell, Sentrum Hotel, China Restaurant Chen, Opp Trappa og Bankkjellaren Bar&Gjestestove. Skjenketidene for øl og vin (alkohol gruppe 1 og 2 på fagspråket) er sett til søndag-torsdag til kl 01, fredag-laurdag til kl 02. For brennevin (alkohol gruppe 3 på fagspråket): Søndag-torsdag til kl 24, fredag-laurdag til kl 01.

Fire daglegvarebutikkar i Eid fekk salsløyve for øl og anna alkoholhaldig drikke under 4,7%: Coop Mega, Minibakeriet, Rema 1000 og Bunnpris. Salstida er sett til kl 08-18 på kvardagar og 08-16 på laurdagar. Kravet i dagens løyve om at varene skal dekkast til med forheng utanom salstida, blir fjerna.


9. Krisesenter - samarbeid med Flora
Krisesenter - ein skjerma stad å vere for personar utsette for vald i familien - er ei kommunal oppgåve som er uråd å løyse aleine for kommuner på vår storleik. Eid har i mange år samarbeidd med dei andre kommunene i Sogn og Fjordane om eit felles krisesenter i Florø. 

Det er vi godt nøgde med, og kommunestyret i Eid vedtok å halde fram ordninga med krisesenter i Florø med Flora kommune som vertskommune.

10. Nye omsorgsbustader for unge
Eid og mange andre kommuner vil i åra framover trenge betre bu-tilbod til unge personar som treng heildøgns omsorg. For Eid ser vi dessutan auka trong for fleire bustader av denne typen, mellom anna fordi vi er vertskommune for spesialistinstitusjonar i psykiatri og rus.

Kommunestyret har no vedteke å starte opp eit prosjekt for bygging av 10 nye omsorgsbustader til unge personar som treng heildøgns omsorg. Ei slik samla løysing vil både gi betre tenester og meir effektiv bruk av ressursane, og ei sårt tiltrengt fornying av dagens spreidde bygningsmasse. Vi vil også planlegge bustadene etter høg miljø- og klimastandard, til dømes gjennom bruk av massivtre.



11. Bru over Voldsfjorden
Selskapet Voldsfjordkryssing er oppretta av Volda kommune for å realisere bru til erstatning for dagens ferje Volda- Folkestad. Bru over Voldsfjorden vil redusere reisetida mellom Eid og Volda/Ørsta frå omlag 1 time til under 30 minutt, og radikalt forstørre bu- og arbeidsmarknaden mellom Ytre/Midtre Nordfjord og Volda/Ørsta.

Eid kommunestyre vedtok å teikne seg for aksjar med 50.000 kroner i bruselskapet.


12. Felles landbruksteneste Eid/Gloppen
Eid og Gloppen er to sterke landbrukskommunar. Vi går no saman om å etablere eit felles kommunalt landbrukskontor lokalisert på Sandane. Det gjev større fagmiljø og meir føreseielege tenester for bøndene.

Eid og Gloppen er også samde om å etablere felles skatteoppkrevjar-kontor. Det blir lokalisert på Eid Rådhus og kjem som eiga sak over sommaren.

13. Ventilasjon Eid Eldretun
Arbeidstilsynet har i lengre tid påpeikt at inneklimaet ved Eid Eldretun må bli betre. Kommunestyret vedtok no i juni å få på plass solskjerming på fasaden mot sør som eit strakstiltak, og å kome tilbake til ein samla plan for framtidig bruk av Eid Eldretun og nødvendig oppgradering av bygget til hausten. 

Det kan her leggast til at solskjerming i skrivande stund er bestilt og vil bli montert innan 22. juli. Det er i tillegg allereie installert kjøling på kjøkenet på eldretunet ved hjelp av varmepumpe.


14. Styrking av heimetenesta
Kommunestyret vedtok å styrke budsjettet til heimetenesta for 2016 med 800.000 kroner, mellom anna for auka bemanninga på kveldstid. Heimetenesta yter hjelp til innbyggjarar som treng kommunale pleie- og omsorgstenester i eigen heim.

15. Oppstart for Sagastad
Kommunestyret vedtok å gje ei oppstartsløyving på 2,6 mill kroner til Sagastad-bygget i sjøkanten på Nordfjordeid, innanfor den allereie vedtekne samla ramma for bygget på 27 mill kr.  Sagastad er eit opplevingssenter bygd på den rike vikinghistoria i Eid og Nordfjord, med ein fullskala kopi av det over 30 meter lange Mylkebustskipet som hovudattraksjon.

Sagastad blir bygd med privat kapital frå lokale investorar, men Eid kommune står som utbyggarar av sjølve bygget finansiert gjennom ei leigeavtale med Sagastad-senteret. 


16. SeaWalk - flytande cruisekai
Kommunestyret vedtok å gå inn med 3,2 mill kr i aksjekapital i det nystarta firmaet SeaWalk Nordfjordeid, som er etablert for å etablere ei "flytande cruisekai" av typen SeaWalk på Godsterminalen på Nordfjordeid. Her har Eid kommune avsett område til cruisekai i ein alereie vedteken reguleringsplan.

Samla kostnad på prosjektet er ca 30 mill NOK, og 90% av dette vil bli privat finansiert. Cruisekai-kapasiteten i Nordfjord er i dag sprengt, og etablering av ein SeaWalk på Nordfjordeid vil kunne gje store ringverknader for reiseliv og handel i både ytre, midtre og indre Nordfjord.



----
Då er vi i mål - i alle fall med 16 av 44 saker på sakskartet.. 

Eg kan nesten garantere at alle finn noko å vere usamd i og ikkje skjønar vitsen med på lista over. Men samtidig også mykje som eg trur dei fleste synst er bra. 

Og meiner  du det ikkje er bra nok og framleis synst lokalpolitikarane er nokre håplause staurar, slik Facebook ofte blir brukt som kanal for å meine i dei fleste kommuner: Ja, då er det berre tre år til neste val! 

Og då er også du som er konge på Facebook og veit det meste om korleis kommunen burde ha vore styrt, hjarteleg velkomen til å melde deg inn i eit parti, stille på liste og prøve å gjere det betre.


God sommar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar