søndag 19. desember 2010

Sakarias og sjukehusstruktur

Dei siste dagane har vi i Aftenposten og Sunnmørsposten fått historia om vesle Sakarias på 1 ½ år som vart funnen ute i sprengkulden nedkjølt til 21 grader kroppstemperatur. Etter lynrask helikoptertransport og kyndig behandling på St Olavs hospital i Trondheim, eit av landets mest avanserte sjukehus, er Sakarias no heime att og heilt frisk.

Samtidig har Helsedirektør Bjørn Inge Larsen i NRK åtvara mot å tru at alt kan vere som det er i sjukehus-Noreg. Larsen har to viktige poeng:

1. Meir av helsetenestene i sjukehusvesenet må i framtida desentraliserast og flyttast nærare dit folk bur enn dei er i dag. Mest mulig må ned til eit ”regionkommunenivå” tilsvarande dagens bu- og arbeidsmarknadsregionar (det framtidige kommunenivået).

2. For ein god del spesialiserte helsetenester er ei ytterlegare sentralisering nødvendig. Behandlinga må her skje ved "dei største sjukehusa" (sitat Larsen) fordi det berre er her kompetansen er god nok. Folk vil på desse tenesteområda, til dømes kreftbehandling, hjartekirurgi og slag, krevje å få den beste behandlinga som er mulig å få, uavhengig av kor i landet det måtte vere.

Helsedirektøren har gode poeng. Det er heilt på sin plass at han går ut og påpeikar kor viktige spesialiserte helsetenester av høgste kvalitet ved dei største sjukehusa er for folk uansett kvar vi bur. Det må aldri gløymast i kampen for lokalsjukehus og nærhelsetenester, og vesle Sakarias sitt tilfelle er ei viktig påminning.

Så langt alt vel. Men kva betyr så dette når vi skal prøve å overføre Helsedirektøren sine poeng til mikro-nivå i eitt fylke, i mitt tilfelle Sogn og Fjordane? Vårt regionale helseforetak Helse Førde følgjer tilsynelatande same logikk som Helsedirektøren: Bygg ned mest mogleg av dagens nærsjukehusnivå i Nordfjord og Sogn, og flytt ressursane over til ei sterkare spesialisthelseteneste på dagens halvstore sjukehus i Førde.

Eg trur diverre Helse Førde her er på ville vegar, også sett i lys av essensen i Helsedirektøren sitt utspel. Snarare er det slik at det nivået Helse Førde ønsker å bygge ned - dei velfungerande helsefaglege kompetansemiljøa i Nordfjord og Sogn med ca 20-30.000 menneske innan 1-1 ½ times reisetid – det er det nivået vi i framtida må bygge opp viss vi skal ha mulighet til å flytte fleire helsetenester nær brukarane. Det nøyaktige innhaldet og funksjonane på dette nivået er enno uvisst, og her er det heller ikkje sikkert at Helsedirektøren og eg er heilt på linje i alt. Men hovudpoenget står fast: Det er nettopp dette nærnivået som i framtida må byggast opp og styrkast.

Og motsett: Det nivået Helse Førde ynskjer å bygge opp, eit mini-sentralsjukehus for 60-70.000 innbyggarar i Sunnfjord og deler av Sogn, er eit nivå som, for å seie det diplomatisk, ikkje har nokon opplagt plass i Helsedirektøren sin behandlingspyramide. Eit mini-sentralsjukehus etter Helse Førde sin modell vil aldri kunne reknast blant “dei største og mest avanserte sjukehusa” i Noreg, slik Larsen og Helsedirektoratet skisserer framtida.

Truleg gjeld dette også fødslar. Helsedirektøren seier i intervju med NRK at deira gjennomgang syner at ”…svært mange fødslar skal skje ved dei aller mest avanserte fødeavdelingane i landet.” Heller ikkje her er eit mini-sentralsjukehus i Førde den første assosiasjonen som fell meg inn, sjølv om det også i Sunnfjord sjølvsagt må vere eit skikkeleg føde- og akuttilbod som sikrar nærhet til dei mest grunnleggande tenestene på same måte som i Sogn og Nordfjord. Jorunn Eide Kirketeig og andre systemtru Ap-politikarar må gjerne føde i drosjer så mykje dei vil for meg, for dei fleste andre av oss er eit slikt helsevesen ein absurd og skremmande tanke.

Oppsummert: Når den framtidige sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane no ligg på Helseministeren sitt bord, er det viktig at ho gjer ei uavhengig vurdering av korleis framtidas helsetenester i Sogn og Fjordane kan riggast ut frå behova til innbyggarane i det lange løp. Det er betydeleg viktigare enn behova direktørar, lokalpolitikarar og sentralt plasserte legar i Helse Førde måtte ha for å trygge sine eigne arbeidsplassar i ei usikker framtid for mini-sentralsjukehusnivået.

Tanken om eitt stort sentralsjukehus for Sogn og Fjordane som kan yte all sjukehushjelp folk i vårt fylke treng var kanskje ein offensiv visjon for 30 år sidan. Med den rivande utviklinga i medisinsk teknologi og kommunikasjonar er dette no dessverre ein gammaldags tanke tida truleg har løpt frå, og som no interessant nok blir fronta av politikarar på oppløpssida av si lange politiske karriere. Komande generasjonar i Sogn og Fjordane bryr seg neppe om korvidt avansert spesialistbehandling skjer innanfor fylkesgrensa. Dei vil på same måte som folk elles i landet ha behandlinga der den er best. Det trur eg alle kan samle seg om. Det er min påstand at dei sterke konfliktene internt i fylket som no er skapt, er noko Helse Førde sjølv har konstruert opp gjennom sin strategi for å suge ut mest mulig ressursar frå resten av fylket i eit siste forsøk på å berge mini-sentralsjukehusnivået.

Vesle Sakarias kom til behandling ved St Olav i Trondheim. Det var ikkje fordi han var trønder. Sakarias bur i Stordal på Sunnmøre, nøyaktig like langt frå Trondheim som Nordfjordeid er frå Bergen. Sakarias vart transportert til Trondheim fordi han måtte ha den beste behandling som var mulig å gi på landsdelens aller beste og mest avanserte sjukehus. Det var ikkje i Ålesund eller Molde, men i Trondheim.

Slik vil og skal framtidas helsevesen fungere. Det styrkar ikkje akkurat Helse Førde sin argumentasjon for at Sogn og Fjordane skal setje alle sine ressursar på å bygge ned dei helsefaglege ressursane på lokalnivået (rasering av nærsjukehusa) og setje alt inn på å bygge opp eit mini-sentralsjukehus som aldri vil kunne bli blant dei største og mest avanserte sjukehusa i Noreg når alvoret verkeleg set inn. Fylkesgrenser er uinteressante når det står om liv.

lørdag 11. desember 2010

Flytande suksess

I havet utanfor Karmøy ligg verdas første fullskala flytande vindmølle, Statoils Hywind. Få ser enno ut til å forstå kva for eit kvantesprang Hywind faktisk er, og kva konsekvensar det bør få for norsk energi- og næringspolitikk. 

I dag er det ei etablert sanning at det finst eit vegkart for utviklinga av vindkraftnæringa der ein gradvis "kryp til havs". Først vindkraft på land (teknologisk kurant, relativt lav kWh-pris). Deretter botnfast offshore vindkraft i grunne havområde (teknologisk meir krevande og dyrare). Så ein gong i fjern framtid: Flytande møller på store djup langt til havs (teknologisk mest krevande og dyrast). 

Kort oppsummert: Flytande offshore vind er spennande, men vanskeleg og svindyrt, så vi har god tid. Denne måten å forstå verda på blir stadig gjentatt av norske politikarar, og ligg til grunn for Havenergilova Stortinget vedtok i vår. 

Røynslene med Hywind er oppsiktsvekkande. Det er slått sprekker i mytene om at flytande vindkraft skal vere så mykje meir teknologisk krevjande og kostnadsdrivande. På ni månaders prøvedrift har Hywind-mølla levert 5 GWh inn på nettet og hatt over 40% kapasitetsutnytting. Det er nesten ufattelig bra resultat for ei prototyp-mølle som er den første i sitt slag og strengt tatt ikkje er laga for full produksjon.

I tillegg har Hywind ført til knoppskyting av ny norsk teknologi på alle nivå. Måløy-bedrifta Brothers samarbeider med Statoil om å utvikle ein ny leider for trygg bording av møller frå båt (SeaBridge). Eit høgteknologisk servicefartøy for offshore vindmøller er nylig ferdigstilt i Måløy, og prøvekøyrt på Hywind for kort tid sidan. Det er berre to av mange eksempel (les meir om desse prosjekta og andre grøne teknologiprosjekt i Måløy her)

Kva følger bør så Hywind-suksessen ha for norsk energi- og næringspolitikk? Kort oppsummert: Kast på skraphaugen ideen om at vi skal gi oss "god tid" før vi satsar for fullt på flytande vindkraft. Gi jernet her og no. Ikkje i staden for  industrisatsinga som skjer på botnfast vindkraft, men i tillegg. Med Hywind kan Noreg ta leiarrolla globalt på ein fornybar- teknologi som kan bli storindustri om kort tid. 

Statoil er allereie i gang med å planlegge Hywind2: Ein liten/mellomstor park med fleire flytande møller og endå betre turbinar. Jobb nr 1 for norske styresmakter bør vere å gjere det som må til for at Hywind2 kjem i Noreg. Kom opp med areal, rammevilkår, teknologiske pakkeløysingar og industriallianser som gjer det kommersielt interessant å bygge Hywind2, Sway og andre konsept for flytande vind i Noreg. Ikkje la oss kaste korta på det tidspunktet teknologien er oppe og går, og overlate til skottar og amerikanarar å kommersialisere og industrialisere framtidas fornybarenergi. 

Hywind-prosjektet har laga eit vegkart der neste steg kan vere å kombinere bygging av ein mindre flytande vindpark med elektrifisering av petroleumsinstallasjonar. Nordlege Nordsjø, oljefelta utanfor Sogn og Fjordane, kan vere ein utmerka "testarena" for flytande offshore vindkraft kombinert med elektrifisering av petroleumsinstallasjonar - til relativt låg kostnad. Vegen kan også vere kortare enn mange trur til at storskala produksjon av flytande vindkraft i nordlege nordsjø kan bli kommersielt interessant som salsvare til europeiske marknader.

Statoil har kasta hansken med Hywind. Spørsmålet er om norske styresmakter er dei første som plukkar han opp. Dei neste 1-2 åra har vi ein unik sjanse til å gripe flytande offshore vindkraft som det neste store industrieventyret i Noreg. I Sogn og Fjordane er vi klare til innsats – dersom norsk fornybarpolitikk går frå prat til handling.

Alfred Bjørlo, dagleg leiar Måløy Vekst og styreleiar Vindkraftforum Sogn og Fjordane

Dette innlegget står på trykk i Bergens Tidende i dag, laurdag 11. november.

lørdag 4. desember 2010

Helsepolitikk i fri flyt

Eg er ikkje av dei som meiner alt på død og liv må vere som før, heller ikkje i helsepolitikken. Teknologiske mulegheiter endrar seg, kommunikasjonar endrar seg, folk sine behov, levealder og helse endrar seg. Helsevesenet må endre seg i takt med det. Det må også sjukehusaksjonistar land og strand rundt ta inn over seg.


Likevel er det for meg umulig å godta den parodien på ein endringsprosess vi dei siste åra har sett I Sogn og Fjordane i regi av Helse Førde og deira innhyra konsulentstab frå PriceWaterhouseCoopers (PWC). Ein prosess som denne veka kuliminerte med at styret I Helse Vest velsigna Helse Førde/PWC sin plan for å rasere dei helsefaglege miljøa innanfor somatikken i Nordfjord og Sogn, og la helseinstitusjonane her sitje att med noko ein må vere Tor Bremer for å kalle eit lokalsjukehus slik regjeringspartia lovde veljarane før valet i 2009 og Regjeringa deretter forplikta seg til i Soria Moria.
Mykje kan seiast om dette, og om kva framtidige konsekvensar det vil ha å bygge ned eit fag- og kompetansemiljø på nettopp det regionkommunenivået vi I framtida må bygge opp for å kunne handtere eldrebølgja utan at velferdsstaten skal knekke nakken. Det meste av dette sett frå ein Nordfjord-ståstad er allereie sagt på ein glimrande måte av  Ap-veteran Rune Mikael Hetle på hans private blogg, som du finn her
Uansett: No er Helse Førde/PWC sin strengt tatt uinteressante parodi-prosess ferdig. Det er først no det er alvor.  No ligg avgjerda om framtida for lokalsjukehusa I Sogn og Fjordane I Helseministeren og den raudgrøne Regjeringa sine hender. Då er det på tide å gå til aksjon.
Som eg og mange andre sa på folkemøtet om sjukehus i Operahuset på Eid i vinter: Sjukehussaka der den no står handlar ikkje om å levere ”flinke” svar i  Helse Førde sine parodiske høyringsrundar. Helse Førde og Helse Vest har for lengst bestemt seg for at sjukehuset på Eid skal fjernast bit for bit. Når vi no i veka på ein oppsiktsvekkande tydeleg måte fekk demonstrert det vi alle eigentleg visste, at styret og administrasjonen i Helse Vest ikkje ein gong veit kva reisetider vi snakkar om i den regionen dei vil legge ned fødetilbodet (og ikkje syns den manglande kunnskapen gjer så mykje heller anna enn at det var litt artig, sjekk her og her), så syner det at dette ikkje på noko tidspunkt har vore reelle prosessar med eit seriøst beslutningsgrunnlag.
Denne saka handlar kun om ein ting: Rå politisk makt. Det einaste som kan sikre framtida på sjukehuset på Eid no er om Ap, Sp og SV sine politikarar i Nordfjord – med Eid-ordførar, 1. vara til Stortinget og nestleiar i SFj Arbeiderparti Sonja Edvardsen i spissen – no i samla flokk set hardt mot hardt overfor sine parti sentralt. Haldningar av typen ”det er så kjekt å vere ordførar at det har eg tenkt å fortsette med uansett er ikkje lenger gangbar mynt dersom sjukehuset skal ha ei framtid.
La meg understreke, sidan mange kjenner meg som Venstre-mann, at eg med det ikkje meiner å seie at dei andre partia enn dei raudgrøne nødvendigvis er så mykje betre eller verre i å handtere sjukehussaka i Sogn og Fjordane på ein fornuftig måte. Det er ikkje kven som er best eller verst det handlar om, men om kven som bestemmer. Og det er det ingen tvil om: Det er Ap, Sp og SV som gjennom si fleirtalsregjering sit med all politisk makt nasjonalt, og dermed sit med nøkkelen til
a) Om Helseministeren godtar nedlegging av dagens lokalsjukehus på Eid
b) Om ein godtar Komiske Ali-argumentasjonen om at det som no skjer ikkje er ei nedlegging, og ikkje i strid med raudgrøne valløfte og SoriaMoria.

Eg meiner personleg at politikarane i Nordfjord – med sjukehusordførar Sonja Edvardsen i spissen – i samla flokk bør sette hardt mot hardt mot Helseministeren på følgande tre konkrete punkt. Det må vere eit samla krav at desse tre punkta må innfriast før det blir tatt endeleg stilling til framtidig sjukehusstruktur i Sogn og Fjordane  - og før det blir gjort noko ”snik-nedlegging” av til dømes fødeavdelinga på Eid:

1. Krevje eit heilskapleg samfunnsrekneskap for dei strukturendringane som no blir foreslått - gjennomført av ein instans som er uavhengig av Helse Førde
Dei einaste reknestykka eg har sett, er reknestykke på innsparingar i dei interne rekneskapa i Helse Førde/Helse Vest. Det går an å ha forståing for at styret i Helse Førde/Helse Vest konsenterer seg om dette, men for Storting og Regjering er det dei heilskaplege samfunnsmessige verknadene som er interessante. Slik eg ser det, vil denne storstilte sentraliseringa føre til store auka kostander for næringsliv og privatpersonar i heile regionen vår. Det vil til dømes bli enormt mykje meir tid som går vekk i reiser – det er kostnader Helse Førde no skyv over på folk og næringsliv i Nordfjord.

Kan Regjeringa godta at ei slik strukturendring blir gjennomført utan at dei samla samfunnsøkonomiske effektane ein gong er rekna på?

2. Krevje ei uavhengig risikoanalyse for medisinske pasientar og fødande i Nordfjord ved ei evt. nedlegging av fødeavdelinga i Nordfjord og ei dramatisk endring av det indremedisinske tilbodet
 Vi har dei siste månadene fått opp mange døme på fødslar i Nordfjord der ”akseptabel reisetid” til sjukehus har vore avgjerande. Eg klarer ikkje å sjå at dette er noko Helse Førde/PWC har gått i djupna på, og eg trur ikkje nokon i Nordfjord ser det slik at det er lagt fram fornuftig argumentasjon på korleis det nye fødetilbodet som no blir skissert kan gi like god tryggleik for dei fødande som dagens tilbod. All dokumentasjon frå Helse Førde – i den grad den finst - er farga av at dei har eit overordna mål om ein ny struktur som er gitt på førehand, og tilpassar argumentasjonen ut frå det.

Det minste Helseministeren må sørge for no, er at det blir gjort ei uavhengig risikoanalyse av konsekvensane for dei fødande og medisinske pasientar i Nordfjord ved den nye strukturen som blir forslått, samanlikna med dagens fødetilbod og medisinske organisering. Og det må gjerast før tilbodet evt blir nedlagt/ omstrukturert, ikkje etterpå.

3. Krevje ein uavhengig gjennomgang av Helse Førde sin arbeidsgivarpolitikk overfor sine tilsette på sjukehuset på Eid siste 5-10 år - til dømes i regi av Arbeidstilsynet
Eg trur alle som ser Helse Førde frå utsida, er sjokkert over den måten dei over tid har behandla sine tilsette på sjukehuset på Eid på. Det virkar som det er ei medviten, systematisk forskjellsbehandling av dei tilsette i Helse Førde avhengig av kvar dei har arbeidsstaden sin, med velsigning frå toppnivå i organisasjonen. Å bli utsett for ein langvarig nedbyggings-/nedleggingsprosess initiert av sin eigen arbeidsgivar er ei enorm belastning for kvar enkelt av dei tilsette som er involvert. Det virkar ikkje som Helse Førde i det heile tatt har sett i verk tiltak som skal ivareta dei tilsette på Eid i denne situasjonen. Dette ville ein t d ha forventa og krevd av ein kvar privat arbeidsgivar, liten eller stor, i tilsvarande situasjon.

At dette er eit reelt problem og ein systematisk ukultur i Helse Førde, vart med skremande tydelighet demonstrert i den ferske saka der Førde-overlege Rune Larsen gjekk ut med direkte kritikk mot kolleger på Eid si handtering av ei dødsulukke utan å kjenne heile saka, og utan at dette tilsyneltande har fått konsekvensar i ettertid eller på nokon måte handtert aktivt av Helse Førde som arbeidsgivar. Når ein slik framgangsmåte er blitt gangbar mynt i Helse Førde, er det for meg tydeleg at det no finst eit A-lag og eit B-lag av tilsette i Helse Førde, med velsigning frå høgste hold.

Dette er tre punkt eg meiner bør vere eit godt grunnlag for å setje hardt mot hardt frå dei raudgrøne politikarane i Nordfjord, med Eid-ordføraren i spissen, overfor Helseministeren og Regjeringa. Dersom ikkje Helseministeren og Regjeringa ein gong er villig til å gjennomføre denne type uavhengige gjennomgangar før ei så alvorleg beslutning som nedbygging av lokalsjukehuset på Eid blir fatta, så kan eg ikkje skjønne korleis det er mulig for Ap-ordførar Sonja Edvardsen eller nokon andre raudgrøne politikarar i Nordfjord å bli verande i sine verv og sine parti.

Mykje kan seiast om den tafatte haldninga Eid som vertskapskommune for sjukehuset og dei andre Nordfjordkommunane over lang tid har synt for å bygge sterk lagånd og felles slagkraft I Nordfjord-regionen, og som ein no har blitt straffa hardt for ved å vere eit lett bytte for PWC sine konsulentar og Helse Førde sine rapportbestillarar. Det skal eg kome tilbake til ved minst eitt anna høve.

Men det er enno ikkje for seint: Enno har dei raudgrøne politkarane I Nordfjord sjansen til å syne kva dei er laga av – og at folk i Nordfjord sitt ve og vel til sjuande og sist er det viktigaste. Det er no det avgjerande slaget står – dette er siste sjanse til å stoppe ein helsepolitikk I fri flyt mot ukjent mål. Den er i alle fall ikkje på veg mot SoriaMoria.


Dette innlegget er ein utvida versjon av eit intervju i Fjordabladet laurdag 4. desember. Eg vil sterkt oppmode alle som har mulighet til å møte opp på Noregs første digitale demonstrasjon til støtte for Nordfjord sjukehus i Måløy måndag 6. desember kl 16.