søndag 19. desember 2010

Sakarias og sjukehusstruktur

Dei siste dagane har vi i Aftenposten og Sunnmørsposten fått historia om vesle Sakarias på 1 ½ år som vart funnen ute i sprengkulden nedkjølt til 21 grader kroppstemperatur. Etter lynrask helikoptertransport og kyndig behandling på St Olavs hospital i Trondheim, eit av landets mest avanserte sjukehus, er Sakarias no heime att og heilt frisk.

Samtidig har Helsedirektør Bjørn Inge Larsen i NRK åtvara mot å tru at alt kan vere som det er i sjukehus-Noreg. Larsen har to viktige poeng:

1. Meir av helsetenestene i sjukehusvesenet må i framtida desentraliserast og flyttast nærare dit folk bur enn dei er i dag. Mest mulig må ned til eit ”regionkommunenivå” tilsvarande dagens bu- og arbeidsmarknadsregionar (det framtidige kommunenivået).

2. For ein god del spesialiserte helsetenester er ei ytterlegare sentralisering nødvendig. Behandlinga må her skje ved "dei største sjukehusa" (sitat Larsen) fordi det berre er her kompetansen er god nok. Folk vil på desse tenesteområda, til dømes kreftbehandling, hjartekirurgi og slag, krevje å få den beste behandlinga som er mulig å få, uavhengig av kor i landet det måtte vere.

Helsedirektøren har gode poeng. Det er heilt på sin plass at han går ut og påpeikar kor viktige spesialiserte helsetenester av høgste kvalitet ved dei største sjukehusa er for folk uansett kvar vi bur. Det må aldri gløymast i kampen for lokalsjukehus og nærhelsetenester, og vesle Sakarias sitt tilfelle er ei viktig påminning.

Så langt alt vel. Men kva betyr så dette når vi skal prøve å overføre Helsedirektøren sine poeng til mikro-nivå i eitt fylke, i mitt tilfelle Sogn og Fjordane? Vårt regionale helseforetak Helse Førde følgjer tilsynelatande same logikk som Helsedirektøren: Bygg ned mest mogleg av dagens nærsjukehusnivå i Nordfjord og Sogn, og flytt ressursane over til ei sterkare spesialisthelseteneste på dagens halvstore sjukehus i Førde.

Eg trur diverre Helse Førde her er på ville vegar, også sett i lys av essensen i Helsedirektøren sitt utspel. Snarare er det slik at det nivået Helse Førde ønsker å bygge ned - dei velfungerande helsefaglege kompetansemiljøa i Nordfjord og Sogn med ca 20-30.000 menneske innan 1-1 ½ times reisetid – det er det nivået vi i framtida må bygge opp viss vi skal ha mulighet til å flytte fleire helsetenester nær brukarane. Det nøyaktige innhaldet og funksjonane på dette nivået er enno uvisst, og her er det heller ikkje sikkert at Helsedirektøren og eg er heilt på linje i alt. Men hovudpoenget står fast: Det er nettopp dette nærnivået som i framtida må byggast opp og styrkast.

Og motsett: Det nivået Helse Førde ynskjer å bygge opp, eit mini-sentralsjukehus for 60-70.000 innbyggarar i Sunnfjord og deler av Sogn, er eit nivå som, for å seie det diplomatisk, ikkje har nokon opplagt plass i Helsedirektøren sin behandlingspyramide. Eit mini-sentralsjukehus etter Helse Førde sin modell vil aldri kunne reknast blant “dei største og mest avanserte sjukehusa” i Noreg, slik Larsen og Helsedirektoratet skisserer framtida.

Truleg gjeld dette også fødslar. Helsedirektøren seier i intervju med NRK at deira gjennomgang syner at ”…svært mange fødslar skal skje ved dei aller mest avanserte fødeavdelingane i landet.” Heller ikkje her er eit mini-sentralsjukehus i Førde den første assosiasjonen som fell meg inn, sjølv om det også i Sunnfjord sjølvsagt må vere eit skikkeleg føde- og akuttilbod som sikrar nærhet til dei mest grunnleggande tenestene på same måte som i Sogn og Nordfjord. Jorunn Eide Kirketeig og andre systemtru Ap-politikarar må gjerne føde i drosjer så mykje dei vil for meg, for dei fleste andre av oss er eit slikt helsevesen ein absurd og skremmande tanke.

Oppsummert: Når den framtidige sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane no ligg på Helseministeren sitt bord, er det viktig at ho gjer ei uavhengig vurdering av korleis framtidas helsetenester i Sogn og Fjordane kan riggast ut frå behova til innbyggarane i det lange løp. Det er betydeleg viktigare enn behova direktørar, lokalpolitikarar og sentralt plasserte legar i Helse Førde måtte ha for å trygge sine eigne arbeidsplassar i ei usikker framtid for mini-sentralsjukehusnivået.

Tanken om eitt stort sentralsjukehus for Sogn og Fjordane som kan yte all sjukehushjelp folk i vårt fylke treng var kanskje ein offensiv visjon for 30 år sidan. Med den rivande utviklinga i medisinsk teknologi og kommunikasjonar er dette no dessverre ein gammaldags tanke tida truleg har løpt frå, og som no interessant nok blir fronta av politikarar på oppløpssida av si lange politiske karriere. Komande generasjonar i Sogn og Fjordane bryr seg neppe om korvidt avansert spesialistbehandling skjer innanfor fylkesgrensa. Dei vil på same måte som folk elles i landet ha behandlinga der den er best. Det trur eg alle kan samle seg om. Det er min påstand at dei sterke konfliktene internt i fylket som no er skapt, er noko Helse Førde sjølv har konstruert opp gjennom sin strategi for å suge ut mest mulig ressursar frå resten av fylket i eit siste forsøk på å berge mini-sentralsjukehusnivået.

Vesle Sakarias kom til behandling ved St Olav i Trondheim. Det var ikkje fordi han var trønder. Sakarias bur i Stordal på Sunnmøre, nøyaktig like langt frå Trondheim som Nordfjordeid er frå Bergen. Sakarias vart transportert til Trondheim fordi han måtte ha den beste behandling som var mulig å gi på landsdelens aller beste og mest avanserte sjukehus. Det var ikkje i Ålesund eller Molde, men i Trondheim.

Slik vil og skal framtidas helsevesen fungere. Det styrkar ikkje akkurat Helse Førde sin argumentasjon for at Sogn og Fjordane skal setje alle sine ressursar på å bygge ned dei helsefaglege ressursane på lokalnivået (rasering av nærsjukehusa) og setje alt inn på å bygge opp eit mini-sentralsjukehus som aldri vil kunne bli blant dei største og mest avanserte sjukehusa i Noreg når alvoret verkeleg set inn. Fylkesgrenser er uinteressante når det står om liv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar