tirsdag 27. september 2011

Vil du ha Nordfjords mest spennande jobb?

Det er no fire år sidan eg tok til som dagleg leiar i Måløy Vekst - næringslivet og kommunes felles næringsselskap i Vågsøy. Om kort tid takkar eg av for å ta vervet som ordførar i Eid. No skal nye kostar ta over. Ikkje berre leiinga av "gamle" Måløy Vekst, men leiinga av eit nytt og endå meir slagkraftig selskap som frå nyttår vil bli eit felles næringsselskap for fleire kommuner i Nordfjord.

Eg vil våge påstanden at den som no er om seg og grip sjansen til å bli den nye leiaren i "Nordfjord Vekst" - han eller ho får Nordfjords mest spennande jobb.

Eg kan med handa på hjartet seie at eg har hatt fire fantastiske år i Måløy Vekst. Som "innfjording" gjekk eg til jobben med klare oppfatningar, kall det gjerne fordommar, om Måløy og Måløyværingar. Nokre av dei har eg fått stadfesta. Ja: Dei (mange) er store i kjeften. Ja: Dei (mange) er opptatt av å tene pengar. Ja: Dei (alle) er kjappe i avtrekkaren og tar meir sjansar enn oss sindige innfjordingar som meiner etterpåklokskap er ei av livets store dygder.

Men nettopp dette har vore med å gjere min jobb så kjekk. Å få jobbe i eit næringslivsmiljø med "puls", mangfoldige bedrifter (ca 120 medlemsbedrifter i Måløy Vekst), folk med tru på seg sjølv og som ser mulegheiter der andre ser begrensingar. Personar og bedrifter som faktisk har den kapitalen, risikolysta og investeringsviljen som politikarar etterlyser i festtaler (og innfører formueskatt for ikkje å få for mykje av). Som investerer i framtidas teknologi. Som les Finansavisen med større interesse enn Fjordabladet (unnskyld, Tormod..), og som forheld seg meir i kvardagen til London og Moskva enn til Breim og Hermansverk.

Mykje har gått bra i Vågsøy dei siste åra. Mange års nedgang i folketal og tal på arbeidsplassar er snudd til vekst. Innbyggarundersøkingar syner at folk har fått meir tru på framtida, og at fleire enn før tilrår andre å flytte til kommunen. Dei store, etablerte bedriftene går godt. Nye, spennande bedrifter og teknologimiljø veks fram, har langsiktig kapital i ryggen og kan skape vekst i framtida. Vi har bygd nettverk og fått drahjelp på nasjonalt nivå, både i politikk og FoU-miljø.

Og ikkje minst: Vi er i ferd med å få etablert ei forståing av kysten og kystnæringane som "vekstmotorar" for utvikling av Sogn og Fjordane - på same måten som ein i fleire tiår har gjort med den største selvfølgelighet på Vestlandet elles.

No skal vi vidare. Frå nyttår skal tre kommunar - Vågsøy, Selje og Eid - jobbe saman om næringsutvikling etter modell av dagens Måløy Vekst. Vi får eit endå større næringslivsmiljø - ein endå større region i ryggen der vi kan løfte felles næringssatsingar og dei nye, spennande bedriftene og arbeidsplassane som gjer oss til ein attraktiv region å flytte til for endå fleire. Eg gler meg til å få ei rolle som ein av eigarane av dette nye selskapet i mi nye rolle som ordførar i Eid. Dette trur eg på. Dette skal vi få til.

Men først: Ny dagleg leiar skal på plass. Vi søker etter ein entusiast med gjennomføringskraft, som kan spele på lag med eit fantastisk næringsliv i regionen og legge strategiar for vekst og utvikling. Det er også viktig å få sagt at den nye daglege leiaren må fylle rolla på sin måte - ut frå sine sterke og svake sider. Vi er ikkje ute etter nokon "blåkopi" av dagens leiar i Måløy Vekst (som har både sine sterke og svake sider, minst like mange av dei siste som av dei fyrste)

Er du rette personen til dette, eller like viktig: Kjenner du nokon som er det? Då er det no du har sjansen. Ikkje seinare. Søknadsfristen går ut 10. oktober.

Utlysingsteksten og alle detaljar finn du her. Send meg gjerne sms, mail eller ei Facebook-melding viss du vil ha ein uformell prat, eller kontakt Måløy Vekst sin styreleiar Sverre Søraa som oppgitt i stillingsannonsa.

Du vil bli varmt tatt mot, og du vil få Nordfjord sin mest spennande jobb. Velkomen!

søndag 11. september 2011

Sjukehusstrid anno 1930

I kjølvatnet av at eg var med i TV2-debatt om lokalsjukehus og Regjeringa si snik-nedlegging av Nordfjord sjukehus, fekk eg nylig eit handskrive brev i posten frå ei eldre dame busett på Stord.

I brevet fortalde ho om far sin, Haldor Halvorsen, som var revyforfattar og rimsmed i Florø i 1930-åra. På denne tida lagde han mellom anna ei revyvise om sjukehusstriden i Sogn og Fjordane den gongen, ein strid som har svært gjenkjennelege trekk med situasjonen 80 år seinare.

Reyteksten har lege i skuffa sidan 1930-åra, men ho meinte at det no i 2011 kunne vere artig om teksten kom til heider og verdighet igjen. Eg har difor fått lov med henne å publisere revyteksten "Sykehussaka i Florø ca år 1930" på bloggen min, som ei "nypremiere" 80 år etter.

Ho stilte eit krav for at eg skulle få publisere teksten: Å forklare lesarane om "herr Singer" ssom er omtalt i teksten og om gåvebrevet han etterlot seg.

Det gjer eg med glede. William Henry Singer jr. var ein styrtrik "stålarving" frå USA som kom til Nordfjord fyrste gong i 1912, og seinare slo seg ned i ein praktvilla i Olden. Han var ein mesen av dei sjeldne. Mellom dei mange tiltaka han finansierte i sitt nærmiljø var bygginga av eit sjukehus, Nordfjord sjukehus, som sto ferdig på Nordfjordeid i 1936. Bygginga av dette sjukehuset med pengar frå Singer vakte sinne i Florø. Singer hadde først (før 1930) lovd å gå inn med store pengebidrag til bygging av eit fylkessjukehus for Sogn og Fjordane i Florø, men trekte løftet tilbake til fordel for bygging av eit eige sjukehus for Nordfjord. Beslutninga om å finansiere eit eige sjukehus i Nordfjord vart gjort i nært samråd med hans gode ven og rådgjevar hotelleigar Rasmus Yri, som også får sitt pass påskrive i revyteksten.

Del to av historia er like interessant: Då Singer si enke Anna i 1949 overdrog det privat finansierte og privat drevne sjukehuset med alt utstyr og inventar vederlagsfritt til det offentlege, skjedde det i form av eit tinglyst gåvebrev til den norske staten med følgande klausul innbakt: "Skulle sykehusets drift i fremtiden måtte legges ned av hensyn til rasjonell og betre sykebetjening innen fylket, er fylkeskommunen forpliktet til å nytte eiendommen i avdøde William H. Singers og hustru Anna B. Singers ånd, til bedring av forholdene i distriktet, såvidt mulig til formål av humanitær art» Vidare heiter det at: «For å treffe beslutning om nedleggelse av nedleggelse til annet formål, skal det undersøkes om Røde Kors, Norske kvinners sanitetsforening eller lignende institusjoner er villige til å overta den fremtidige frift av sykehuset som sådan".

Den raudgrøne Regjeringa og Helse Førde er no i 2011 i ferd med å legge ned sjukehuset - utan å følgje opp klausulane i det tinglyste gåvebrevet frå den gong staten fekk overlevert sjukehuset gratis frå private givarar. Det er muligens ei sak vi får høyre meir om i tida som kjem..

Men uansett: Her er revyteksten frå sjukehussstriden i Florø i 1930:

Revyvise "Sykehussaka i Florø ca år 1930"

(Tekst: Haldor Halvorsen, f 1905. Melodi: "Vi elsker se på fotball både kona mi og jeg..")


Med Nordfjord og med Sogn har vi nu krangla i lang tid

Om fylkessykehuset som på Florø skulle bli

Og fylkestinget hadde jo beslutta det i fjor,

men efter på så krangla de og brukte store ord.

Igjen har de vært samla hver en ordførerfigur,

og tænkt at 60 senger skal nu bygges i et skur

Men Osland inn i Vevring han har vært så hyggeig,

han tænkte viss at det var bedst vi bygget bryggeri.

Men jeg har regna på at hvis vi det skal få, så måtte Osland sitte for sig selv på Holmengrå.


De husker vel i Eid var det jo sammenkallt en klikk,

som skulde drøfte spørsmålet om bygging av klinikk.

Den gavmilde herr Singer og vor kjære Yri-mand

De skulde drive sykehus med kløkt og god forstand.

Hr Yri sa han kunde begynde å øve sig på svin,

og Singer kunde sy igjen med Singer symaskin.

Mens overlæge Freihof in i Stryn var blid som smør,

han sa han kunde lytte med sitt lille hørerør.

Og jeg har regna ut, at hvis du da blir sjuk, så blev du frisk igjen, om du helt var slokna ut.


Ja rundt i hele fylket har de vært misundelig,

fordi at sykehuset ut på Florø skulde bli.

I Høyanger ja der slutta de å drikke akevitt,

fordi at vi non penger i fra Monopolet fikk.

Den store doktor Trædal med krave og med floss,

han har nu ranget trøien og vil at vi skal sloss.

Og jeg har tenkt at sykhussaken nu er blitt så fæl,

at vi må mobilisere og slå hverandre halvt ihjæl.

Da har jeg regna med, hvis dette skulle skje, vi kunde ha bruk for sykehus på hvert et stoppested.

Nordfjord kan bli best på utdanning

Nordfjord må ha som mål å bli ein føregangsregion for vidaregåande og høgare utdanning. Målet må vere at ungdom i Nordfjord samla sett skal ha det beste og mest komplette vidaregåande utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane, og at vi samla bør ha etablert minst 200 studieplassar innanfor høgare utdanning innan 2020.


Skulestrukturen i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane er under press, på grunn av fallande elevtal. Fylkeskommunen varslar at opptil fire vidaregåande skular må bort i løpet av dei neste åra. Det er ein reell fare for at denne prosessen endar opp med skulenedlegging også i Nordfjord.


Skulestuasjonen i Nordfjord er ekstra krevjande, fordi vi har fire relativt jamstore skular. Det vil vere ei ulukke for heile regionen dersom det no blir ein "alles kamp mot alle" mellom skulane i Nordfjord, og vår region kjem ut som ein tapar i skulestruktur samla sett. No må vi lære av røynslene frå sjukehussaka: Vi må legge ein klar strategi i forkant - ein strategi som er felles for Nordfjord og som legg til grunn vekst og utvikling, ikkje nedbygging. Det samla utdanningsbehovet i samfunnet vil auke, ikkje minke, i åra som kjem! Det er difor meiningslaust å "bygge ned" store og gode utdanningsmiljø som Eid vgs pga ein kortvarig reduksjon i talet på 16-19 åringar, som berre er ein del av den samla elevmassen som i framtida vil trenge stadig meir utdanning og fagleg påfyll.


Å arbeide for dette bør vere eit tverrpolitisk mål alle nye folkevalde i Nordfjord-kommunane går laus på så snart valet er over. Her er ikkje partigrensene viktige. Her må vi stå saman! Eid kommune og Eid vgs har gjennom si fantastisk positive utvikling dei siste åra eit utmerka utgangspunkt for å setje seg i førarsetet for ein slik strategi.

Viktige punkt i strategien bør vere:


1. Spissing på kvar skule med fleire fylkesdekkande linjer

Kvar av skulane i Nordfjord må bygge opp og reindyrke unike tilbod som er spesielle for sin skule og tiltrekker elevar frå heile fylket. Eid har her eit ypperleg utgangspunkt med sitt elektro- og automasjonsmiljø, industriteknologi, samlokalisering med Operahuset/Malakoff/ kulturbasert næring og design/handverk. Ser ein dette i kombinasjon med Måløy vgs si spissing på marine og maritime fag og TAF (tekniske- og almenne fag), har ein i Midtre/Ytre Nordfjord allereie eit samla industri- og teknologiutdanningstilbod som er det leiande i Sogn og Fjordane på sitt område. Her er det potensiale for å spisse og utvikle dagens tilbod endå meir, mellom anna knytt opp til Lefdal Gruve-prosjektet, som vil vere ein enorm drivar for vekst og kompetansebehov i heile regionen.


2. Oppretting av høgskuleutdanningar og nye tilbod for etter- og vidareutdanning

Elevtalet i vidaregåande skule vil gå nedover, men det samla utdanningsbehovet i samfunnet vil auke sterkt i åra som kjem. Nordfjord er i dag sterkt underrepresentert når det gjeld høgare utdanning (kun eit avgrensa tilbod på Sandane, som vi sjølvsagt må slå ring om). Vi må ha mål om oppretting av minst 200 studieplassar innanfor høgare utdanning i Nordfjord samla sett, med vekst spesielt innanfor høgare utdanning retta mot næringsliv, industri og teknologi. Ein tanke kan vere å etablere ein eigen paraply "Høgskulen i Nordfjord" - evt kan ein søke samarbeid med større næringslivsretta utdanningsmiljø som Høgskulen i Ålesund eller NTNU/SINTEF.

Det same gjeld på etter- og vidareutdanning. Her vil det vere eit stadig aukande behov i åra som kjem. I staden for å "eksportere" nordfjordingar ut av regionen når dei skal etter-- og vidareutdanne seg, burde vi ta sikte på å gjere Eid vgs til eit senter for etter- og vidareutdanning med netto "import" av studentar inn til Nordfjord, ikkje eksport som i dag.


3. Felles tilbod på studiespesialisering - ny teknologi for felles utdanningstilbod for skulane i Nordfjord

På studiespesialiserande fag (tidl. almennfag) har Nordfjord ei spesiell utfordring. Vi har truleg nok elevar til at alle skulane kan ha eit "minimumstilbod" på studiespesialisering, men problemet med det er at alle skulane får for små fagmiljø til at dei kan tilby god nok fagbreidde i t d realfag og språkfag.

Dette bør løysast ved at skulane langt meir enn i dag samarbeider om felles opplegg for å sikre full fagbreidde for alle elevar i Nordfjord som tar studiespesialisering, uansett kva skule dei går på. Ved å ta i bruk ny videokonferanseteknologi kan ein enkelt få til felles undervisningsopplegg i "spissa" fag for fleire skuler. Då kan ein også tilby meir sjeldne fag som t d russisk eller avanserte teknologifag på skulane i Nordfjord, og med det gi ungdom i Nordfjord eit betre utdanningstilbod enn nokon andre stader i fylket.


4. Bli best på ny teknologi - tilby undervisning frå heile verda "live on screen" i Nordfjord

Dei vidaregåande skulane i Nordfjord bør bli føregangsskular på innføringa av ny teknologi som til dømes videokonferanse og digitale klasserom. Dette vil gi betre samarbeid mellom skulane og auke kvaliteten på undervisninga ved å dra inn relevant kompetanse frå heile verda. Ved bruk av ny teknologi er det også fullt mulig å tilby desentraliserte universitetsstudium i Nordfjord, t d med forelesingar direkte streama frå NTNU i Trondheim eller NHH i Bergen. VideoNor i Måløy sit allereie på teknologi som gjer dette mulig, og alle skulane er kobla saman på eit førsteklasses fibernett som fjernar alle tekniske begrensingar for kva som er mulig.


5. Bygg opp skulemiljøa i Nordfjord som Norges fremst skulesenter for ungdom innan fornybar energi.

Med framveksten av ny teknologiindustri i regionen, t d Lefdal Gruve og vindkraft/ småkraft/energiteknologi, er dette eit fantastisk spennande vekstområde for vår region på vidaregåande utdanning. Kanskje kan Nordfjord bli eit senter for "energiutdanning" for ungdom også nasjonalt? Vindkraftsatsinga i Måløy, Lefdal gruve, kompetansemiljøet på Eid på elektro/automasjon/fjordvarme og SFE/småkraftsatsinga i Gloppen gir eit meget spennande utgangspunkt.

torsdag 8. september 2011

Raudgrøn avsporing

Avsløringa av 26.100 lovbrot i eldreomsorga i Ap-styrte Trondheim kommune, er ei uvanleg alvorleg sak. Den syner kor meiningslaust det er å bygge opp myter om at alt som skjer i offentleg regi er bra, og alt som skjer i privat regi innanfor utøving av offentleg velferdsoppgåver er andrerangs.

Saka syner for øvrig også kor ille elles velmeinande politikarar kan ta seg ut når ivrige PR-rådgivarar på speed får fritt spelerom. Sjå berre dette klippet med Ap-topp Rita Ottervik i Trondheim frå NRK.

Uansett: Debatten om privat eller offentlig eldreomsorg, slik Ap elskar å føre den, er ei gedigen avsporing for dei aller fleste av oss som sit utover i landet og skal drive lokalpolitikk. Vi treng alle som kan og vil bidra til å gi ei god eldreomsorg. Vi treng samspel mellom offentlege, private og frivillige organisasjonar. Vi treng utbygging av fleire og betre sjukeheimsplassar, og at flest mulig engasjerer seg i ein felles dugnad for å gi dei eldre ein best mulig kvardag.

Då blir det for meg pussig å begynne diskusjonen med kven som IKKJE skal inviterast til å vere med på dugnaden, slik Ap er så opphengt i. Problemet i framtida blir ikkje å ordne køen av alle som vil hjelpe til. Problemet blir å skaffe nok kapasitet til å ta seg av stadig fleire eldre med pleie- og omsorgsbehov.

Det som derimot er ei reell utfordring, er kvalitet i eldreomsorga. Ein sjukeheim er ikkje berre eit bygg. Det er først og fremst folka som jobbar der. Vi manglar folk i dag, og meir krevande vil det bli. Og det handlar ikkje berre om "varme hender", men om kompetanse. Vi treng fagfolk i eldreomsorga. Det er krevande yrke som krever mykje kunnskap, og som ikkje kven som helst kan hoppe inn og ta. Vi treng folk med utdanning og kompetanse.

Skal vi kunne få nok flinke folk inn i omsorsgsyrke i framtida må, for å sette det på spissen, pleie og omsorg bli ein attraktiv karriereveg for ungdom som skal ta utdanning.

Der har vi som politikarar kanskje vår aller viktigaste jobb, i tillegg til nok sjukeheimsplassar. Då handlar det om løn, etter- og vidareutdanningsmulighetar, faglig interessante miljø, karrieremulighetar og variasjon i pleie og omsorgsyrka. Venstre har kome med fleire konkrete framlegg for å heve statusen til pleie- og omsorgsyrka og sjukeheimsmedisin som fag i lege- og sjukepleiarutdanninga.

Varme hender er bra - flinke fagfolk og ungdom som brenn for ei framtid i pleie- og omsorgsyrka er endå betre. Om hendene og institusjonane er private eller offentlege, er for meg knekkande likegyldig. Det er kvaliteten som tel.