torsdag 8. september 2011

Raudgrøn avsporing

Avsløringa av 26.100 lovbrot i eldreomsorga i Ap-styrte Trondheim kommune, er ei uvanleg alvorleg sak. Den syner kor meiningslaust det er å bygge opp myter om at alt som skjer i offentleg regi er bra, og alt som skjer i privat regi innanfor utøving av offentleg velferdsoppgåver er andrerangs.

Saka syner for øvrig også kor ille elles velmeinande politikarar kan ta seg ut når ivrige PR-rådgivarar på speed får fritt spelerom. Sjå berre dette klippet med Ap-topp Rita Ottervik i Trondheim frå NRK.

Uansett: Debatten om privat eller offentlig eldreomsorg, slik Ap elskar å føre den, er ei gedigen avsporing for dei aller fleste av oss som sit utover i landet og skal drive lokalpolitikk. Vi treng alle som kan og vil bidra til å gi ei god eldreomsorg. Vi treng samspel mellom offentlege, private og frivillige organisasjonar. Vi treng utbygging av fleire og betre sjukeheimsplassar, og at flest mulig engasjerer seg i ein felles dugnad for å gi dei eldre ein best mulig kvardag.

Då blir det for meg pussig å begynne diskusjonen med kven som IKKJE skal inviterast til å vere med på dugnaden, slik Ap er så opphengt i. Problemet i framtida blir ikkje å ordne køen av alle som vil hjelpe til. Problemet blir å skaffe nok kapasitet til å ta seg av stadig fleire eldre med pleie- og omsorgsbehov.

Det som derimot er ei reell utfordring, er kvalitet i eldreomsorga. Ein sjukeheim er ikkje berre eit bygg. Det er først og fremst folka som jobbar der. Vi manglar folk i dag, og meir krevande vil det bli. Og det handlar ikkje berre om "varme hender", men om kompetanse. Vi treng fagfolk i eldreomsorga. Det er krevande yrke som krever mykje kunnskap, og som ikkje kven som helst kan hoppe inn og ta. Vi treng folk med utdanning og kompetanse.

Skal vi kunne få nok flinke folk inn i omsorsgsyrke i framtida må, for å sette det på spissen, pleie og omsorg bli ein attraktiv karriereveg for ungdom som skal ta utdanning.

Der har vi som politikarar kanskje vår aller viktigaste jobb, i tillegg til nok sjukeheimsplassar. Då handlar det om løn, etter- og vidareutdanningsmulighetar, faglig interessante miljø, karrieremulighetar og variasjon i pleie og omsorgsyrka. Venstre har kome med fleire konkrete framlegg for å heve statusen til pleie- og omsorgsyrka og sjukeheimsmedisin som fag i lege- og sjukepleiarutdanninga.

Varme hender er bra - flinke fagfolk og ungdom som brenn for ei framtid i pleie- og omsorgsyrka er endå betre. Om hendene og institusjonane er private eller offentlege, er for meg knekkande likegyldig. Det er kvaliteten som tel.

1 kommentar:

  1. Du skriv at det er viktig å sørgje for god nok rekruttering til omsorgsyrka. Det er eg heilt einig i. Men eg er ueinig når du skriv at det er likegyldig om det er privat eller offentleg.

    Vi har høyrt at private kuttar i pensjonen til dei tilsette, for å kunne drive billegare. Det er jo ikkje ein måte å rekruttere gode fagfolk på!

    SvarSlett