tirsdag 8. september 2015

På tide å ta staten tilbake!

Eid og Nordfjord er for tida inne i ei særs positiv utvikling. Folketalet veks. Talet på nye foretak veks, og store nye næringsetableringar er på veg. Næringslivet i regionen skyt fart som aldri før - bedrifter med ein regional, nasjonal og internasjonal marknad. Det grøne skiftet vil framskynde veksten i vårt relativt olje-uavhengige næringsliv endå meir.

Berre éin ting manglar no for at vi skal knuse dei seigliva mytene om at det er "umulig" å snu flyttestraumen inn mot dei største byane: At staten blir ein medspelar, ikkje ein motspelar. 

Det er på tide å ta staten tilbake. 



Sjølv om folketalet i Eid kommune berre så vidt er over 6.000 personar, nyt vi godt av å ha ein bu- og arbeidsmarknad rundt oss på 40-50.000. Dei største bedriftene og offentlege arbeidsplassane på Eid har innpendlarar frå åtte-ni kommuner i to fylke. Dei tenkjer region når dei legg planar, og forheld seg lite til forelda kommunegrenser frå 1960-talet.

Difor er det fullt mulig for ei bedrift som Eid Elektro å vekse frå drøyt 20 til nær 70 medarbeidarar på få år. For Nordfjord Sjukehus/Nordfjord Psykiatrisenter å ha eit helsefagleg kompetansemiljø på ca 250 tilsette som leverer kvalitet heilt i landstoppen. For Moengården/Coop Vest å planlegge storstilt ny handelsetablering med investeringar på over 200 mill NOK og 60-80 nye arbeidsplassar. Eller for Lefdal Mine Datacenter å etablere Europas største grøne datasenter med opp mot 100 arbeidsplassar i driftsfasen i vårt nærområde.

Frå Eid kommune si si legg vi no systematisk til rette for vekst gjennom nye bustadfelt, nye næringsområde, ein skule rangert mellom dei beste i landet, gang- og sykkelvegar som skaper gode nærmiljø og utvikling av sentrum til ein moderne, miljøvenleg tettstad med gjennomtenkt arealplanlegging, korte avstandar og ansikt vendt mot sjøen.

Dei neste to åra skal det investerast privat og offentleg i Eid for over 1 milliard kroner. Vi er klare for framtida. Vi er rigga for vekst.

Berre éin ting manglar no for at vi skal knuse dei seigliva mytene om at det er "umulig" å snu flyttestraumen inn mot dei største byane: At staten blir ein medspelar, ikkje ein motspelar.

Det er på tide å ta staten tilbake. Det gjeld i Eid - og i heile Nordfjord.

Ta ein kik på figurane under. Det er rykande ferske tal frå Telemarkforsking (august 2015). Dei syner veksten i ulike typar arbeidsplassar i Noreg samla - og i Eid - sidan år 2000.



Dei fleste kurvene er ganske like. Det som her blir kalla "regionale næringar" - altså næringsliv med ein hovudmarknad utanfor eige nærområde - har vakse sterkt nasjonalt, og endå sterkare i Eid. Besøksnæringane (handel, reiseliv, etc) har vakse ca like mykje nasjonalt og lokalt. Det same har dei kommunale/lokale arbeidsplassane.

Den store skilnaden er staten (oransje kurve på teikninga). 

Medan statlege arbeidsplassar er det som har vakse mest av alt i Noreg samla sidan år 2000 - til og med meir enn næringslivet - har talet på statlege arbeidsplassar i Eid (og Nordfjord elles) stupt.

Særleg dramatisk var tapet av statlege arbeidsplasar dei siste åra under den raudgrøne regjeringa - åra 2008-2012. På desse fem åra forsvann kvar tiande statlege arbeidsplass frå Nordfjord. Aldri har dei sentraliserande kreftene i statsbyråkratiet vore sterkare enn med Ap og Jens Stoltenberg ved roret, og LO Stat som nissen på flyttelasset inn mot dei store byane. 

Eg meiner tida no er inne for å seie nok er nok. Utviklinga vi har sett sidan år 2000 i flytting av staten bort frå Eid og Nordfjord er rett og slett uakseptabel. Å kalle det ein "naturleg konsekvens" av at dei private investeringane og næringslivet går inn mot dei store byane er rein bløff. 

Det er rett og slett på tide å ta staten tilbake. Ikkje med flikking og symbolpolitikk - men med reell utflytting av statlege kompetansearbeidsplassar i eit omfang som monnar.

Eg meiner ikkje at ein stor stat er eit mål i seg sjølv. Men vi kan heller ikkje snakke oss vekk frå at statlege arbeidsplassar er ein nødvendig del av "menyen" for ein region som skal skape vekst og utvikling.

Hos oss - i Eid/Nordfjord - er det no den einaste del av menyen som manglar. Vi har eit næringsliv som leverer den veksten landet ønskjer og treng. Vi har bukvalitetane, vi har ein tilstrekkeleg stor og robust bu- og arbeidsmarknadsregion (40-50.000 menneske).

Vi treng ikkje staten som ein "kunstig drivar" av utviklinga. Vi treng staten for å supplere og bygge opp under det enorme potensialet for næringsutvikling som vi har sett og som vil kome endå meir i åra framover - ikkje minst gjennom etableringa av Lefdal Mine Datacenter. Vi treng staten på vårt lag - ikkje på motstandarlaget.

Venstre, med vår Stortingsrepresentant og medlem i Kommunalkomiteen André Skjelstad i spissen, går no saman på nasjonalt, fylkes- og lokalt nivå om eit felles, stort initiativ: Å flytte deler av Utdanningsdirektoratet/Statped til Eid og Nordfjord. Tanken er uvant, men ikkje mindre relevant og mulig av den grunn.

Sogn og Fjordane er landets beste skulefylke saman med Oslo/Akershus. Ingen andre stader har vi betre "systemkunnskap" om å drive god skule enn hos oss.  For eit direktorat som har som oppgåve å lage læreplanar, eksamenar og prøver, føre tilsyn, utarbeide kunnskapsgrunnlag for ein god skule og legge til rette for etter- og vidareutdanning - på ei armlengdes avstand frå Kunnskapsdepartementet som utarbeider den overordna utdanningspolitikken - gir det god meining å bygge opp sine kompetansemiljø der den beste samla kompetansen på å drive god skule finst.

Vi har i dag allereie vellukka store statlege etableringar i Sogn og Fjordane i Sogndal/Leikanger og Førde. Her har dette vore ein sterk drivar for vekst totalt i regionen - særleg i Sunnfjord - fordi det "matchar" vekst og utvikling i privat næringsliv.

Dette er like rett å gjere, og like realistisk å få til, i Nordfjord. I bu- og arbeidsmarknadsregionen rundt Nordfjordeid bur det allereie med dagens kommunikasjonar 40-50.000 menneske. Med framtidig betra kommunikasjonar (20-minuttsavgangar Anda-Lote frå 2018, framtidig bru over Voldsfjorden og Nordfjorden), blir regionen endå større. Rekrutteringsomlandet med ei plassering på Eid er dermed minst like stort som ved dagens vellukka statlege lokaliseringar av store fagmiljø i Førde og Sogndal/Leikanger.



Ei plassering på Eid gir også nærleik til høgskule- og lærarutdanningsmiljøet i Volda - eitt av landets største og viktigaste fagmiljø på sitt område. Ei utflytting av deler av direktoratsoppgåvene innanfor utdanning til Eid, vil vere ei forsterking også for miljøet i Volda - i praksis får vi eitt felles fagmiljø innanfor same framtidige bu- og arbeidsmarknadsregion.

Vi er inne i ei tid med store omveltingar i norsk økonomi. I åra framover må vi lukkast med å bygge opp grunnlaget for den nye grøne økonomien vi skal leve av inn i framtida. Då må vi bygge opp sterke, robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile landet. 

I Nordfjord er næringslivet spenn klare. Veksten er allereie i gang. No må staten syne same omstillingsevne som næringslivet. Eid Inviterer! 









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar