søndag 6. oktober 2013

Vekeplan veke 41/2013


Vi har bak oss ei strålande operapremiere-veke på Eid for Flaggermusen i regi av Opera Nordfjord. Ei festforestilling på alle måtar! Det er spesielt interessant å høyre internasjonale operaekspertar seie at det ein får til i Opera Nordfjord er unikt også internasjonalt, og at samarbeidsmodellen amatørar/profesjonelle, kultur&skule som er skapt på Eid er noko som også dei største scenene i verda kan lære av. Det varmar å høyre!

Komande veke byr på statsrådbesøk til Eid, markering av verdsdagen for mental helse, ny Opera Nordfjord-premiere (!) og mykje anna.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka er onsdag den beste dagen for å avtale ein prat. 

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 7. oktober 
Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre besøker Nordfjord sjukehus og møter Nordfjordrådet. 

Besøket på sjukehuset er frå kl 1030-1230 (ordførarane i Nordfjord, som er dei som har invitert Støre til Eid, har etter mykje om og men som eg skal kome attende til i ein eigen bloggpost, fått lov å vere med på besøksrunden som utgjer hovuddelen av Støre sitt besøk på Eid..).  
Møtet mellom Statsråden ogNordfjord-kommunane finn stad kl 13. 

Kveld: Møte på Sandane

Tysdag 8. oktober
Møte i Hamnerådet i Nordfjord Hamn IKS

Ettermiddag/kveld: Møte på Stortinget, Oslo

Onsdag 9. oktober 
Kontordag - open dag. 

Torsdag 10. oktober 

Kveld: Premiere på Opera Nordfjord si ballett-framsyning "Nøtteknekkaren", Operahuset Nordfjord

Fredag 11. oktober 
Styremøte Norsk Fjordhestsenter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar