onsdag 29. februar 2012

Vårt Eid 6. mars: Velkomen!






Det er lov å ha store draumar. Av og til kan draumar bli røyndom.

På slutten av 1990-talet drog tilflyttarparet Kari og Michael Pavelich i gang ei operasatsing på Eid, som enda i draumen om eit eige operahus. I 2009 sto Operahuset Nordfjord ferdig, med Dronning Sonja til stades på operapremiere same haust. Ikkje berre har det blitt eit praktbygg med kunstnerisk profil og besøkstal som har sprengd forventingane. Sluttrekneskapet for Operahuset syner til og med at det vart bygd til 2,5 mill kr under budsjett - det er ikkje kvardagskost...

I 2002 fekk nokre ungdommar på Eid lyst å lage ein musikkfestival. Takka vere ein offensiv vidaregåande skule fekk dei starte ei elevbedrift som skulle stå for festivalen: Malakoff UB. I dag, ti år seinare, er Malakoff fleire gonger kåra til årets rockefestival av Norges Rockforbund og sette i fjor publikumsrekord med 15.000 besøkande. I år blir festivalprogrammet sterkare enn nokonsinne, med sjølvaste Jayhawks (US) på toppen av plakaten 20-21. juli 2012 (viss ikkje enno større namn dukkar opp i vekene som kjem..).

I 2009 fekk grunderar i Måløy ideen om å utvikle eit verdsleiande datasenter med lokalt utvikla kjøleteknologi i den enorme olivingruva Lefdal Gruve på kommunegrensa mellom Eid og Vågsøy. I dag er eit av verdas største teknologiselskap, IBM, med på laget. Regjeringa backar planane og gir internasjonal drahjelp for å få prosjektet realisert. Om 2-3 år kan bygginga av datasenteret vere i full gang i Eid kommune.

Det er lov å ha store draumar. Også for ei lita bygd. Eller i Eid sitt tilfelle: For ei mellomstor kommune i Noregs verdiskapingsregion nr 1, Vestlandet.

Og ein ting er i alle fall sikkert: Det som ikkje blir røyndom, er draumar som aldri blir drøymt.

Eid er ei kommune i vekst. Vi nærmar oss no 6.000 sjeler. Nabokommuner som Vågsøy, Stryn og Volda vaks også sterkt i 2011. Vi har ein førsteklasses skule, spennande bedrifter og eit kultur- og idrettsliv i særklasse. Innbyggjarundersøkingar syner at folk i Eid trivs og er nøgde med livet.

Men eit godt lokalsamfunn i dag er ingen garanti for eit godt lokalsamfunn i framtida. Det er evna og viljen vår til å satse i dag som avgjer korleis lokalsamfunnet vil sjå ut 5-10 år fram i tid. Dei dagsaktuelle utfordringane er viktige, men å drukne seg berre i dei, er farleg. Vi må alltid ha blikket retta framover mot mulighetene og draumane. Det som startar i det små i dag, er det soom skal bli stort i framtida.

Det er bakteppet for at Eid kommune tysdag 6. mars kl 1930 inviterer alle med tilknytnad til Eid til ope møte på Nordfjord Hotell med tema "Vårt Eid".

Her vil vi dele inspirerande historier om tru på framtida, draumar og muligheter. Vi får besøk av folk som skal sjå på Eid med eit skråblikk utanfrå, og høyre eit variert knippe personar med ei eller anna tilknytning til Eid fortelje om "sitt Eid" 10 år fram i tid.

Og ikkje minst: Du får sjansen til å gi dine innspel til kva Eid no må satse på for å skape ei god framtid - ved startskotet til arbeidet med ein ny kommuneplan.

Om du vil foreslå store visjonar/draumar eller meir nære og handfaste ting: Det er opp til deg. Alle innspel er velkomne. Det einaste som er sikkert, er at det er ditt og mitt engasjement som vil forme framtida. Det kjem ingenting utav at vi lener oss tilbake og ventar på at Regjeringa, kommunen eller nokon andre skal skape framtida for oss.

Eg håpar flest mogleg nyttar kvelden 6. mars til å samlast på Nordfjord Hotell for to inspirerande timar med blikket retta mot framtida.

Programmet for kvelden finn du her, eller litt lettare leseleg på denne linken. Velkomen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar