tirsdag 10. april 2012

Ny nestleiar i Venstre

Venstre er inne i ei spennande tid. Vi har ni år bak oss med samanhengande medlemsvekst. Vi har gjennomført ein offensiv og entusiastisk valkamp i 2011 som ga oss det beste valresultatet på førti år. Vi har eit viktig arbeid føre oss fram mot valet i 2013. Og ikkje minst: Vi har gode kandidatar til nestleiarvervet som skal fyllast på landsmøtet i Venstre 13.-15. april. Til nestleiarvervet treng vi ein energisk, dyktig og framtidsretta kandidat. Difor vil vi støtte Guri Melby som ny nestleiar i Venstre.

Guri er 31 år gamal og har lang røynsle som tillits- og folkevald for Venstre. Ho vart kommunestyrerepresentant i heimkommunen Orkdal som 18-åring, og fullførte to kommunestyreperiodar der før ho vart valt inn i bystyret i Trondheim. Ho var stortingskandidat for Sør-Trøndelag Venstre i 2009 og har møtt i landsstyret sidan 2006. I dag er ho sentralstyremedlem og leiar av Venstre sin stortingsvalprogramkomité.

Guri er allereie i ferd med å bli ein av Venstre sine leiande rikspolitikarar, både internt i partiet og i media. Gjennom debattar, kronikkar og TV-opptredenar har ho synt at ho handterer eit stort spenn av saker - frå pelsdyr til livssynspolitikk, frå born på norske asylmottak til Statoils si etisk tvilsame verksemd i Canada. Samtidig er det innanfor utdanningsfeltet ho har si faglege ballast, med bakgrunn som lektor i vidaregående skule og høgskulelektor ved lærarutdanninga på Høgskolen i Sør-Trøndelag.

Guri er kunnskapsrik, reflektert og slagkraftig. Ho er ein ung, men røynd politikar som står trygt midt i Venstre sin politiske tradisjon. Hennar unge alder, vinnande vesen og breie kompetanse gjer henne til ein utmerka representant for dei unge aldersgruppene der Venstre har høgast oppslutnad. Guri er både stø kurs og eit frisk pust. Vi trur ho er den beste nestleiaren vi kan få. Difor er ho vår kandidat til nestleiarvervet i Venstre.

Signert (i alfabetisk rekkefølgje):

Julie Andersland, gruppeleder for Venstre i Bergen bystyre

Hans Antonsen, ordfører i Grimstad og sentralstyremedlem i Venstre

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid og landsstyremedlem i Venstre

Per Elling Braseth-Ellingsen, fylkesleder i Østfold Venstre

Jonas Stein Eilertsen, byråd for næring, kultur og idrett i Tromsø

Maria Serafia Fjellstad, bystyrerepresentant i Harstad

Karin Synnøve Frøyd, nestleder av hovedutvalg for utdanning i Vestfold fylkesting

Eva Kvelland, bystyrerepresentant i Kristiansand og landsstyremedlem i Venstre

Hedvig Johanne Nysæter, medlem i Telemark Venstre

Espen Ophaug, bystyrerepresentant i Oslo

Abid Q. Raja, vararepresentant til Stortinget fra Akershus

Sanna Sarromaa, bystyrerepresentant i Lillehammer

Andreas Skjæret, nestleder i Unge Venstre

Ina Roll Spinnangr, bystyrerepresentant i Trondheim

Trond Åm, fylkesleder i Sør-Trøndelag Venstre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar