onsdag 4. april 2012

Påsketreff 2012

Tysdag 3. april vart det for femte år på rad arrangert Påsketreff i Operahuset Nordfjord, i regi av Eid kommune og med Sparebanken Vest som hovudsponsor. I år var arrangementet større enn nokon gong, med 33 bedriftstands frå heile Nordfjord og ca 350 besøkande gjester. Stor stemning - les meir om arrangementet her! Til alt overmål heldt kvelden fram med artistslepp for Malakoff Rockfestival på Eid si nye klubbscene Gymmen rett ved Operahuset.

Her er min apell ved opninga av Påsketreffet:

For tre veker sidan sto 40 ungdommar frå Eid vgs, frå heile Nordfjord, på scena i operasalen rett bak for oss, og framførte ei oppsetning av musicalen Les Miserables – ei 2 ½ times oppsetning på engelsk - som ingen av oss 1200 som såg forestillinga nokon sinne kjem til å gløyme.

Det var eit trøkk, ein nerve, ein kvalitet i det som blei vist på scena som du rett og slett ikkje skulle tru var mulig. Det var ikkje elevar på ein "eliteskule" eller "talentfabrikk", men av og med heilt vanleg ungdom på ein ikkje heilt vanleg stad midt på Vestlandet.

Den type ”ute av kroppen”-opplevelsar har eg hatt mange av etter at eg flytta tilbake til Nordfjord frå Oslo for snart fem år sidan. I næringsliv, i kulturliv, i idrett og friluftsliv og på andre område.


Eid og Nordfjord er rett og slett ein stad der det for tida skjer utruleg mykje spennande, og der du kan utfalde deg og leve ditt gode liv. Og ikkje minst: Gi ungane dine – dei du har eller har tenkt å få – ein stad å vekse opp som trumfar det meste.

Eg har sjølv budd mange år både i Oslo og i Bergen, og veit at det kan vere kjempebra på sin måte. Men på eitt punkt er det ein viktig forskjell: Det å velje å leve og bu i Eid og Nordfjord betyr at du har ein unik mulighet til å utgjere ein skilnad, til å påverke utviklinga. Til å føle at du og din innsats betyr noko, og at det gir deg noko tilbake som du kjenner heilt inn i ryggmargen.

Men det krev at du faktisk engasjerer deg, tenkjer, gjer, vil noko. I Eid og Nordfjord vil det aldri bli nok å lene seg tilbake og vente på at nokon andre skal skape framtida for deg. Men vi kan gjere det litt lettare for deg å finne fram, og la folk, bedrifter og kommunar møtes. Difor har vi gleda av å invitere til Påsketreff i Operahuset for femte år på rad.

På femårsjubileet er det fantastisk kjekt å kunne seie at i år er Påsketreffet større enn nokon gong: Vi har 33 stands, og i løpet av kvelden vil vi ha ca 400 menneske innanfor døra.

Alle dei du møter på alle standsa rundt om i lokalet her i kveld, er folk som vil noko. Dei brenn for nåke, og dei vil ha deg med. No har du sjansen: Anten du er på jakt etter jobb, ein stad å bu, nokon som kan hjelpe deg å løfte draumen om å skape sin eigen arbeidsplass, eller rett og slett berre vil halde deg litt oppdatert på kva som skjer.

Så gå rundt på stands. Følg med på presentasjonane i kinosalen. Snakk med nokon du ikkje har snakka med før. I kveld har du sjansen til å ta Nordfjord på pulsen. Heile Nordfjord – frå ytste Stad til inste Stryn. Eg trur du vil bli overraska, og at du vil ha det kjekt i kveld.

Og når vi er ferdige her, blir det meir moro i Gymmen. Då overtar Malakoff showet, og då veit vi at vi har mykje bra i vente.

Men no er det nok prat: No er resten av kvelden dokka: På vegne av alle oss som er her i kveld gjenstår det berre å seie ein ting: Velkommen til Påsketreff 2012!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar