søndag 30. oktober 2011

Velkomsttale til 75-årsjubileumsmarkering for Nordfjord sjukehus 29/10 2011 i Operahuset Nordfjord

Foto henta frå Panoramio.com, tatt av "nilsms"
Fylkesmann - inviterte gjestar - publikum. Det er ei stor glede for meg - på vegne av dei sju Nordfjord-kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Selje, Vågsøy, Bremanger og Eid - å få ønskje velkomen til 75-årsjubileums-markering for Nordfjord Sjukehus i Operahuset Nordfjord.

Eg vil spesielt ønskje velkomen dei av styremedlemmene i Helse Førde som er til stades. På grunn av ei beklageleg mistyding fekk ikkje de og andre i styret dei personlege invitasjonane de skulle ha før onsdag denne veka. De har likevel på kort varsel takka ja. Det er vi glade for.

Historia om eit sjukehus er historia om dei avgjerande stundene i livet. Om dei største gledene og dei største sorgene. Dei høgaste toppane og dei djupaste dalane. Eit sjukehus er ikkje noko som du går uberørt inn i eller ut av - anten det er som pasient, pårørande eller tilsett. Eit sjukehus kan vere skilnaden på liv og død. Mange i salen veit det av personleg røynsle.

I 75 år har historia til Nordfjord sjukehus stått i sentrum av historia til Nordfjord. Tallause små og store trådar har spunne seg rundt sjukehuset. Den veven som utgjer Nordfjord i dag, hadde ikkje vore den same utan Nordfjord sjukehus. Sjukehuset har vore eit bankande hjarte for regionen - og ikkje minst for Eid. Vi i Eid er stolte av å få vere vertskommune for Nordfjord sjukehus.

Sjølv om dagens sjukehuseigar Helse Førde skal ha si eiga markering av jubileet, vil eg nytte høvet her i kveld til å seie nokre ord til dei tilsette på sjukehuset. I 75 år har hundrevis, kanskje eit tusental legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, jordmødre, radiografar, bioingeniørar, kjøkenmedarbeidarar, reingjerarar, vaktmeistrar og mange andre hatt sitt virke på Nordfjord sjukehus.

Eg vil rette ein personleg takk til alle tidlegare og noverande tilsette på sjukehuset for den fantastiske jobben de har gjort og gjer for liv og helse i Nordfjord. Vi veit at det er vanskelege tider de er inne i. Eg vil at de skal vite at vi er meir enn 25.000 innbyggarar i Nordfjord som er glade i dokke.

Vi ser dokke - og vi verdset jobben de gjer. Takk frå oss alle til de som er og har vore tilsette på Nordfjord sjukehus.

Eg vil også på ein slik kveld få lov å nemne at denne veka gjekk ei av dei verkelege store klippene i historia til Nordfjord sjukehus bort: Overlege Bjarne Halleraker. Den innsatsen han la ned i over ein mannsalder med å bygge opp Nordfjord sjukehus til eit topp moderne sjukehus frå han kom i 1973, den kan knapt verdsetjast høgt nok.

Bjarne Halleraker var meir enn nokon arkitekten bak oppbygginga av Nordfjord sjukehus til eit tredelt sjukehus med tre avdelingar som gjensidig støttar og forsterkar kvarandre (fødeavdeling, kirurgi og ortopedi). Det er ein sjukehusmodell som i over 35 år har vore garantisten for Nordfjord sjukehus som eit velrennomert, høgkvalitets og kostnadseffektivt sjukehus. Det er også denne modellen som i nye nasjonale helseplanar ligg til grunn for reelle lokalsjukehus i framtidas helse-Noreg. Vi har mykje å takke Bjarne Halleraker for. Eg vil lyse fred over hans minne.

----

Men i kveld skal vi jubilere - med ei festforestilling. Eg trur på ei lysande framtid med vekst og utvikling i Nordfjord, fordi vi bur i ein region med skaparkraft. I kveld vil de få smakebitar av den skaparkrafta, henta frå alle sju kommunane i Nordfjord. Vi skal sjå litt bakover - men endå meir framover med barn og unge talent på scena. Vi er ein region med framtidskraft og framtidstru - og med felles forventingar om at klare politiske løfte om ei framtid for lokalsjukehusa skal stå ved lag.

Vi kan no gle oss til to flotte timar i lag her i Operahuset Nordfjord. For å feire ein 75-årsjubilant som fortener ein fest - og treng ein fest. Til lukke med dagen. Til lukke med kvelden. Nyt.

Alfred Bjørlo, Ordførar i Eid kommune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar