onsdag 28. januar 2015

Belzec - den ultimate vondskap

I går, 27. januar, var det den internasjonale Holocaust-dagen.

På denne datoen - for 70 år sidan - vart nazistane sin dødsleir Auschwitz-Birkenau i Polen frigjort. Då hadde minst 1,1 million menneske blitt drepne i Auschwitz, i eit planlagt folkemord forankra i forrykt politisk ideologi, der mellom anna jødane skulle ryddast ut av jordas overflate.

Historia om Auschwitch er relativt godt dokumentert - mellom anna fordi mange nok overlevde Auschwitch til at det var rikeleg med augevitne som i ettertid kunne fortelje om grusomheitane i leiren. Leiren vart også opna for publikum som museum allereie få år etter krigen.

Likevel: Frå Auschwitz finst det overlevande. Tidsvitne. Nokon som kan fortelje korleis det var.

Slik er det ikkje frå den konsentrasjonsleiren eg vitja i oktober 2014: Belzec.


Om Auschwitz er eit tidlaust mareritt, er Belzec historia om helvete på jord. Om den ultimate vondskap.

Belzec-leiren ligg lenger aust i Polen enn Auschwitz, nær byen Lublin. Belzec var i drift i berre 10 månader: Frå mars til desember 1942.

Då vart leiren stengt og jamna med jorda - rett og slett fordi oppdraget var utført: Nazistane hadde på 10 månader lukkast med å drepe samtlege jødar i det polske Generalguvernementet Belzec høyrde til: 550.000 menneske.

550.000 drap på 10 månader. I snitt 2.000 menneske - born, kvinner og menn - vart drepne av giftgass i Belzec kvar einaste dag i nesten eit år, innanfor ei innhegning på berre ca 250x300 meter. Det var Holocaust på sitt aller, aller mest ekstreme.

Belzec-leiren var truleg den mest effektive drapsfabrikk verda nokon gong har sett. Belzec var så effektiv at han samanlikna med Auschwitz nesten er gløymd. Så godt som ingen unnslapp, og nesten ingen var enno i live då freden i 1945 omsider kom. Då var også alle spor av leiren sletta, så det finst ingen gode foto, langt mindre filmdokumentasjon.

Rapporten frå ei arkeologisk gransking i Belzec på 1990-talet kan sjølv i eit tørt akademisk språk få det til å gå kaldt ned over ryggen på deg: «De største massegravene inneholdt ubrente menneskerester (deler av hodeskaller med hår og hud). Det nederste laget bestod av et tykt lag svart menneskefett. En grav inneholdt hele menneskeknokler så tett sammenstuvet at boret ikke kunne trenge gjennom.»

Fram til jarnteppets fall i 1989 var Belzec nesten gløymt. Først for 10 år sidan - i 2004 - opna det eit besøkssenter i Belzec, med eit gigantisk minnesmerke i friluft og eit innadørs museum.

Dette besøkssenteret fekk eg høve til å vitje saman med ein norsk/polsk delegasjon i oktober 2014. Det var nokre av dei mørkaste timane i mitt liv - men likevel noko av det eg er mest glad for å ha gjort. I all sin råskap fortel minnesmerket og museet i Belzec historia om brotsverk som er for ufattelege til å forstå. Om ein systematikk i utrydding av eit folkeslag som verda aldri har sett maken til.

Det som er ekstra skremande, er at antisemittismen - jødehatet - i verda ser ut til å vakne til liv igjen - både i vest og aust, nord og sør. Det er skremande høge tal på kor mange verda over som endå trur på ei jødisk "verdssamansverging", og terroråtaka mot ein jødisk butikk i Paris i januar er ei brutal påminning om at det enno finst dei som vil drepe folk berre for å vere av jødisk herkomst.

For meg var Belzec eit besøk eg aldri gløymer. Det mest grufulle monumentet som tenkjast kan over vondskapen i verda - Auschwitz inkludert. Antisemittisme og jødehat må aldri nokon gong igjen få slike utslag. Dei urovekkande trendane vi no ser verda over, gjer det på nytt nødvendig å seie frå.

Som ein av dei få enno attlevande tidsvitna etter Holocaust i går sa det på minnemarkeringa i Auschwitz: - Vi treng eit ellevte bud: Du skal ikkje vere ein som ser på.


Og får du nokon gong høve til å vitje Belzec: Gjer det. Vi treng det alle.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar