søndag 18. januar 2015

Vekeplan veke 4/2015

Skule, miljø og kommunereform. Det er stikkord for min del for veka vi no går inn i - veke 4 i 2015. Tysdag er det samling med tema "Den gode skuleeigar" i Førde, onsdag skal eg møte ungdomsskuleelevar på Eid for å snakke om yrkesval og torsdag er det møte i Formannskapet med både kommunereform og grøn finansforvalting som tema.

Vil du avtale ein prat med meg denne veka, er onsdag eller fredag dei beste dagane. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


Måndag 19. januar
Møte med Eid vidaregåande skule
Møte med SFE Nett om straumsituasjonen i Eid

Tysdag 20. januar
Temasamling om "Den gode skuleeigar" for kommunene i Sogn og Fjordane, Førde

Onsdag 21. januar
Yrkesorientering Eid Ungdomsskule/ kontordag

Torsdag 22. januar
Møte i styringsgruppa for Kommunereformen, Finansutvalet og Formannskapet

Fredag 23. januar
Kontordag - bedriftsbesøk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar