søndag 11. januar 2015

Vekeplan veke 3/2015


"Nina" kom - men ikkje til oss. Ta ein kikk på biletet under: Det syner dei enorme naturkreftene som var i sving då ekstremvêret "Nina" traff norskekysten laurdag ettermiddag - og korleis vi i Nordfjord tilfeldigvis denne gongen låg i "stormens auge".

Klipp frå nettstaden "Windyty" laurdag 10/1 kl 15


I Eid kommune fekk vi i alle fall testa beredskapen vår denne helga. Heilt fram til laurdag morgon såg det ut til at stormen ville treffe oss. Vi hadde møte i kriseleiinga både fredag ettermiddag og laurdag morgon, og det var styrka beredskap i dei kommunale driftseiningane der det var naturleg.

Og eg kan seie éin ting sikkert: Vi vart langt betre budde denne gongen enn då "Dagmar" traff oss jula 2011. Denne gongen fekk vi ikkje bruk for beredskapen - heldigvis. Neste gong kan det vere annleis, for ein ting er sikkert: Vêret i framtida vil bli villare og våtare.

Det er difor kampen for å kutte klimautslepp og halde klimaendringane under kontroll er vår tids viktigaste sak. Meir om det ved eit anna høve.

No til veka som kjem: Slik ser min plan ut for Veke 3. Høgdepunktet blir utan tvil tysdag kveld: Då er det uteovernatting i Malakoff med Barnas Turlag for å markere opninga av Friluftslivets år 2015!

Vil du avtale ein prat med meg denne veka, er tysdag eller onsdag dei beste dagane. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 12. januar
Møte i Stamvegutvalet for E39, Førde

Tysdag 13. januar
Møte med næringsaktørar på Eid. Interne møte. Kontordag

Kveld: Uteovernatting med Barnas Turlag - opning av Friluftslivets år

Onsdag 14. januar
Møte med KS Bedrift. Kontordag.

Torsdag 15. januar
Møte i Samfunnsutviklingsutvalet.
Møte Eid vgs

Kveld: Generalprøve Russerevyen 2015

Fredag 16. januar
Til Oslo. Sentralstyresamling Venstre (fredag-søndag).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar