tirsdag 6. januar 2015

Vekeplan veke 2/2015

Godt nytt år! Eitt av mine nyttårsforsett er å kome tilbake "på sporet" med å legge ut vekeplan ved starten av kvar veke. 

Vi går eit spennande år i møte. I Eid har vi uvanleg mange store utbyggings- og utviklingsprosjekt på gang, og vi har ny rådmann på plass no frå årsskiftet. Og så går vi sjølvsagt inn i eit valår - der vi i Eid også er så heldige å få prøve ut valdeltaking for 16- og 17-åringar som ei av 20 kommuner.


Vil du avtale ein prat med meg denne veka, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 5. januar
Møte Stiftinga Sagastad
Videomøte med Forsvarsbygg om Firda Kaserne
Kontordag/interne møte

Kveld: Møte Eid Venstre

Tysdag 6. januar
Møte med Telenor om mobildekning og nettubytting i Eid - befaring på Harpefossen Skisenter
Interne møte

Kveld:Møte Sogn og Fjordane Venstre, Skei

Onsdag 7. januar
Møte på Stortinget

Kveld: Møte og middag med NHO Sogn og Fjordane og politikarar/næringslivsfolk frå fylket, Oslo

Torsdag 8. januar
NHO sin Årskonferanse (invitert av NHO Sogn og Fjordane), Oslo

Fredag 9. januar
Reisedag/kontordag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar