søndag 25. januar 2015

Vekeplan veke 5/2015

Verdsøkonomien er inne i svært turbulente tider, med mellom anna dramatiske prisvall på olje dei siste månadene. Det rammar Noreg på ein annan måte enn mange andre vestlege land, sidan vi er eitt av få land i den vestlege verda som baserer mykje av vår velstand på eksport av olje og gass. Fallande oljepris betyr dermed tapte inntekter på kort sikt - men kan samtidig gi startskotet til ei heilt nødvendig omlegging av norsk økonomi, samt betre rammevilkår for den delen av industrien vår som ikkje er "oljeavhengig".

Uansett: Vi står føre store omstillingar i åra som kjem - det vil berøre heile næringslivet vårt, og alle lokalsamfunn. Difor inviterer eg meg no på besøk til ca 20 av dei største bedriftene i Eid i løpet av januar/februar og ei rekke andre viktige aktørar i lokalsamfunnet (bankar, store statlege arbeidsplassar etc) for å "ta temperaturen" på utfordringane dei ser i tida framover, og diskutere kva vi kan gjere frå kommunen si side for å spele på lag med vårt lokale næringsliv. Eg hadde det fyrste besøket fredag sist veke, og vil ta slike besøk fortløpande i vekene framover.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!


Måndag 26. januar
Bedriftsbesøk
Styremøte Sagastad

Kveld: Nominasjonsmøte og Årsmøte Eid Venstre

Tysdag 27. januar
Bedriftsbesøk
Avtale med elevar frå Eid ungdomsskule
Dagskonferanse, Loen

Onsdag 28. januar
Samling Venstres ordførarnettverk og møte på Stortinget, Oslo

Torsdag 29. januar
Kommunestyremøte

Kveld: Møte i regi av Utdanningsforbundet, Oslo

Fredag 30. januar
Videomøte med Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kontordag/bedriftsbesøk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar