søndag 8. februar 2015

Vekeplan veke 7 (og 8)/2015

Travel, men hyggeleg og oppløftande helg er ferdig.

Først: Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre på Sandane fredag- søndag. Venstre i Sogn og Fjordane er eit partilag i vekst - spenn klar til å gå til val til hausten med flinke og motiverte kandidatar fylket rundt.

Deretter: I ettermiddag har det vore felles UKM-mønstring for Eid, Stryn og Hornindal i Operahuset Nordfjord. Eg blir glad og får ny energi av å sjå så mange drivande flinke born og ungdommar med enorm spennvidde i kunstneriske talent samla på ein stad! Over 50 innslag på scene og utstillingsområde - frå dubstep-trommer til harpe, frå treskjering og maling til klassisk ballett. Ein sann fryd!

Oppspilt ordførar saman med to av deltakarane på UKM:
Stand up-komikar Iver Flyum Bjørlo og den rampete Lurvefaksen
Skåret i gleda i helga er at ferjesambandet E39 Lote-Anda for fyste gong på aldri så lenge i går vart stengt ned ein heil dag på grunn av ruskete ver - rett etter at ferjeselskapet har sett inn ei ny ferje med dårlegare manøvreringsevne på sambandet. Dette er ikkje haldbart - her må vi setje alle krefter inn på å rydde opp i dagane og vekene som kjem.

Min plan for veka som no står for døra (neste veke er det vinterferie) ser du under.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er torsdag enklast. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 9. februar
Møte i Nordfjordrådet, Måløy

Tysdag 10. februar

Møte med Universitetet i Bergen og Bergen Museum om Sagastad og Myklebustfunna, Bergen

Onsdag 11. februar
Møte i Hovudutval for Opplæring i Sogn og Fjordane, Aurland (Sogn Jord- og hagebruksskule)

Kveld: Møte med landbruksnæringa i Eid om ny arealplan

Torsdag 12. februar
Bedriftsbesøk i Eid - Normatic, Bakers og Opal (del av besøksrunde)
Møte i Driftsutvalet

Fredag 13. februar
Truleg div møte i Oslo

Veke 8: Vinterferie


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar