søndag 15. mars 2015

Vekeplan veke 10-12/2015

Fredag kveld var det premiere på "Spelemann på taket", årets skulemusikal på Eid vidaregåande skule.  På scena sto 35 ungdommar i alderen 16 til 18 år - endå fleire var med i produksjonen på andre måtar - med å lage scenedesign, rekvisittar, lyd/lys, marknadsføring, servicefunksjonar etc.
Det var ei rett og slett uforgløymeleg forestilling! Enorme skodespelarprestasjonar, perfekt timing på koreografi, skodespel og sceneskift. Latter og gråt om kvarandre i den sterke historia om eit lite jødisk samfunn som strevar med å overleve i eit fiendtleg verd. Ei historie vi trudde var fortid - men som plutseleg er meir tidsaktuell enn nokon gong i mi levetid.
Det ein har fått til på Eid vidaregåande skule med dei årlege skulemusikalane for heilt "vanleg" ungdom på "vanlege" utdanningsløp både på studiespesialiserande og yrkesfag er heilt unikt. Eg er heilt sikker på at det å legge til rette for kultur og kreative fag i skulen er bra også for dei øvrige skuleprestasjonane - og ikkje minst for sjølvtillit, livsglede og meistringsevne vidare i livet for alle som er med. Dette er "den gode skulen" i praksis!



Sidan eg har kome litt bakpå med kalenderføring, kjem her kalendrane både for dei to vekene vi har bak oss (veke 10-11) og for veka som no står for døra - veke 12.

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er det mulig dei fleste dagar. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 2. mars
Kontordag (interne møte)
Møte med tilsetterepr. ved Nordfjord sjukehus

Tysdag 3. mars
Kontraktssignering Fjordvarme
Møte med Eid vgs
Styremøte Sagastad

Onsdag 4. mars
Bedriftsbesøk Rema 1000
Møte med pårørande i vernepleia
Interne møte

Torsdag 5. mars
Førebuingsmøte Påsketreffet
Bedriftsbesøk Caverion
Kontaktmøte Nordfjord Jordskifterett
Framlegging av andreutkast Kommuneplanen sin arealdel

Fredag 6. mars
Bedriftsbesøk Øien Båt
Markering på Eid vgs av elevbedrifter
Interne møte

Måndag 9. mars
Heildagsmøte i Venstres "Grøn Vekst"-utval, Oslo

Tysdag 10. mars
Møte på Stortinget, Oslo
Møte i Samferdsledepartementet om ferjetilbod E39 Lote-Anda, Oslo

Onsdag 11. mars
Møte med Statens Vegvesen om planprogram E39, Skei
Styremøte Nordfjordkryssing, Sandane
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Torsdag 12. mars
Bedriftsbesøk
"Drømmeløftet" med Innovasjon Norge, Førde

Fredag 13. mars
Miljøkonferansen "Broen til fremtiden" i regi av kyrkja, fagrørsla og miljøorganisasjonar, Oslo
Kveld: Premiere på skulemusikalen "Spelemann på taket", Eid vgs/ Operahuset Nordfjord

Laurdag-søndag 14.-15. mars
Landsstyremøte Venstre, Oslo

Måndag 16. mars
Planleggingsmøte Røysterett for 16-åringar
Møte med Norsk Fjordhestsenter m fl
Møte med Statssekretær Kommunaldepartementet om kommunereform, Stryn
Kontaktmøte BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk)

Onsdag 18. mars
Kontordag
Møte med ReNorway om Hogaåsen-prosjektet

Torsdag 19. mars
Helsing til LHL sitt fylkesårsmøte, Nordfjord Hotell
Formannskapsmøte - m a med handsaming av Kommuneplanen sin arealdel

Fredag 20. mars
Open dag

Laurdag-søndag 21.-22. mars

Lokalpolitisk nettverk Venstre, Bergen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar